Hjem

Biologi, bachelor, 3 år

Biologi er læra om alt som lever, og tar for seg prosessar, mangfald og samanhengar i naturen. Evolusjon er det overordna prinsippet i biologien. Den gir oss ein kraftfull modell til å forstå og forklare korleis alt vi ser i naturen har utvikla seg frå eit felles opphav gjennom 3,5 milliardar år.
  • Lengde3 år
  • Ordinær45,3
  • Primær45,6
  • Plassar99
  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Bachelorprogrammet i biologi gir deg ein brei naturfagleg bakgrunn, og du får innsikt i alt frå naturmiljøet sin kjemi og fysikk til matematikk og statistikk, fysiologi, molekylærbiologi, organismebiologi og mangfald, evolusjon og økologi. Du får møte biologi i praksis i omfattande lab- og feltkurs der mikrobar, dyr og planter står i sentrum. 

Innanfor biologifaget stiller vi spørsmål som: 

  • Korleis kan me skaffe nok mat til ei aukande befolkning på ein berekraftig måte? 
  • Korleis påverkar menneskeleg aktivitet økosystem og biodiversitet?  
  • Korleis vil klimaendringar påverke matproduksjon og naturressursar? 

Biologistudiet passar for alle, så lenge du er nysgjerrig på verda og livet, likar å lære nye ting, og likar ei blanding av teori og praksis. Som student hos oss blir du frå første dag ein aktiv deltakar i det største biologiske fagmiljøet i Noreg. Studiet presenterer heile disiplinen biologi, med aktivitetar som skapar eit fagleg og sosialt fellesskap.  

Bergensregionen har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø, og dette speglar seg i undervisninga vår. Institutt for biovitskap er ein del av Senter for framifrå utdanning i biologi, bioCEED

Dette bør du vite om du vurderer å studere biologi

Meir informasjon under

Biologistudent

Biologi i praksis

Producer:
Universitetet i Bergen (UiB)

Jobb 

Forvaltning, næringsliv og helsevesen har behov for solid biologisk kompetanse for å klare overgangen til eit berekraftig og grønt samfunn.  

Med ein bachelor i biologi kan du jobbe innan mange yrker og bransjar. Tidlegare studentar finn du blant anna i: 

Offentleg sektor, forsking og forvalting:  

Konsulentfirma:  

Havbruks- og sjømatindustrien:  

Forsking, undervisning og formidling:  

Etter bachelorgraden kan du søke deg vidare til masterprogrammet i biologi, der du kan velje blant desse studieretningane:  

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i biologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. I bachelorprogrammet inngår:

For studentar med lite bakgrunn i kjemi frå vidaregåande er det anbefalt å ta KJEM100 første semester og KJEM110 andre semester. For studentar med Kjemi 1 eller Kjemi 1+2 frå vidaregåande er det anbefalt å ta KJEM110 første semester og KJEM130 eller KJEM202 andre semester.

Du finn meir informasjon om emnet, detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste ved å klikke på emnekoden.

Slik er studiet lagt opp:  

1. Semester (haust) 

  • BIO100 Innføring i evolusjon og økologi (10 studiepoeng) 
  • KJEM110 Kjemi og energi (10 studiepoeng) eller KJEM100 Kjemi i naturen (10 studiepoeng) 
  • MAT101 Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 

2. Semester (vår) 

  • Examen philosophicum - enten seminarmodel eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
  • BIO101 Organismebiologi 1 (10 studiepoeng)   
  • Valemne i kjemi, vel eitt av desse emna:
    • KJEM130 Organisk kjemi (10 studiepoeng) 
    • KJEM202 Miljøkjemi (10 studiepoeng) 
    • KJEM110 Kjemi i naturen (10 studiepoeng) (for dei som tok KJEM100 i haustsemesteret)
    • MAT102 Brukarkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
  • Feltkurs (BIO102) (måndag til fredag i veke 25) 

3. Semester (haust)  

  • Feltkurs (BIO102) (måndag til fredag i veke 34 og 35) 
  • BIO102 Organismebiologi 2 (10 studiepoeng) 
  • PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære (10 studiepoeng)  
  • STAT101 Elementær statistikk (10 studiepoeng)   

4. Semester (vår) 

  • BIO103 Cellebiologi og genetikk (10 studiepoeng)  
  • BIO104 Komparativ fysiologi (10 studiepoeng)  
  • MOL100 Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)  

5. Semester (haust) 

  • Valemne (30 studiepoeng) eller utveksling

6. Semester (vår) 

  • Valemne (30 studiepoeng) eller utveksling

Studiekvardagen 

Biologi er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

Studiet består av: 

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Laboratorium og praktiske øvingar 
  • Feltkurs 
  • Praksis 
  • Sjølvstudium 

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 15-20 timar undervisning utanom sjølvstudium. 

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.  

Feltarbeid er en del av studiet. Vi reiser til Aurlandsdalen, Lygra og Fana, i totalt tre veker i juni i andre semester og august i tredje semester (i emnet BIO102)

Dersom du vil vere i praksis hos ei bedrift, kan du velje eit eige praksisemne (BIO298). Der kan du få praksis hos Statens naturoppsyn (SNO), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Naturvernforbundet, Havforskningsinstituttet og mange fleire. Du deltek i arbeidet i bedrifta og får oppgåver som er relevante for din faglege kompetanse og bedrifta sine behov. Les bloggen til biopraksis. 

Det er også mogleg å ha eit forskingsprosjekt (BIO299) eller eit formidlingsprosjekt (BIO296) i biologi eller ta eit emne om feltkursundervisning (BIO297).  

Det siste året på studiet (femte og sjette semester) er valfritt. Då kan du reise på utveksling til utlandet, til Universitetssenteret på Svalbard eller ta valfrie emne ved UiB. 

Fem grunnar til at biologistudentane trivst

Kva lærer du 

Etter bachelorprogrammet i biologi: 

  • har du brei forståing av naturfag og biologi frå molekylære til evolusjonære prosessar 
  • kan du bruke fagets metodar og utstyr til å undersøke fenomen og løyse praktiske og teoretiske problemstillingar 
  • har du grunnleggande innsikt i verkemåten til organismar, samfunn og økosystem 

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i det femte og/eller sjette semesteret.  

Australia, Storbritannia, Sverige og Tyskland har tilrådde utvekslingsavtalar, men UiB har også avtalar med fleire universitet i Europa, i Canada, Australia, Oseania, USA og fleire afrikanske land som du kan søke på. Vi tilrår òg å studere arktisk biologi ved Universitetssenteret på Svalbard

Korleis søke om å reise på utveksling?

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALFA: 

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og eitt av følgande krav

  • Matematikk R2 eller
  • Fysikk 1 og 2 eller
  • Kjemi 1 og 2 eller
  • Biologi 1 og 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
  • Geofag 1 og 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 og 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her