Hjem

Informatikk: Data science, bachelor, 3 år

På datavitskap lærer du å programmere i Python, Java og Haskell, men du lærer òg matematikken som ligg til grunn for mange av dagens teknologiske løysingar.
  • Lengde3 år
  • Ordinær37.9
  • Primær53.3
  • Plassar

    33

  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Informatikk (computer science), er vitskapen som ligg bak all programvare, frå enkle dataprogram, mobilappar og spel, til store IT-system, databasar og nettportalar. I dag er vi heilt avhengige av at informasjonsteknologien fungerer, og ved å studere informatikk lærer du kvifor og korleis

På studiet brukar du matematikk til å forstå teorien bak programmeringsspråk, algoritmar, og modellering. Du lærer å formulere problemstillingar på ein presis måte og å finne fram til kjernen av problemet uansett om det dreier seg om klimamodellering, aksjehandel, medisinsk bildebehandling, eller eit nytt strategispel. 

Sjølv om teknologien forandrar seg, vil kompetansen og forståinga for teknologi som du får i løpet av studiet vere tidlaus.  

Meir informasjon under

Informatikk åpner en ny verden

Producer:
Joakim Birkelund

Jobb 

Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spanande og varierte jobbar.

Du kan jobbe i 

  • IT-bransjen 
  • finans- og bankvesen 
  • oljeindustrien 
  • forsikring 
  • konsulentverksemder 

Her jobbar våre tidlegare studentar no.  

Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til masterprogram i informatikk eller masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.  

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i informatikk: datavitskap er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.  

Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.  

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester, høst  

2.semester, vår  

3.semester, høst   

4.semester, vår  

5.semester, høst  

6.semester, vår  

Studiekvardagen 

Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

Du kjem til å ha teoretiske emne som bygger forståing av problemstillingar og løysingar, og i tillegg praktiske emne med øvingar på datalab. Her vil studentar som har komme lenger i utdanningsløpet rettleie og hjelpe deg til å bli ein god programmerar og problemløysar.  

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.  

Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Der finst det òg PC-rom du kan bruke, eller du kan sitte på Realfagsbiblioteket.

Studentane på Institutt for informatikk har eit eige fagutval som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar. 

Korleis er det å studere informatikk? Sjå intervju og videoar 

Kva lærer du? 

Ein ferdig utdanna student på dette programmet: 

  • har brei kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast for å utvikle avanserte datasystem. 
  • kan analysere, fornye og vidareutvikle eksisterande programvare. 
  • har god kjennskap til og erfaring med verktøy og teknikkar som nyttast i moderne systemutvikling. 

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet. 

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Spania, Hong Kong, USA eller Tyskland, eller ein annan plass.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:

  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her