Geovitskap, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Plassar79
- OpptakskravREALFA
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Studieretning | Ordinær kvote | Kvote for førstegangsvitnemål |
Geofysikk | 48,2 | 49,0 |
Geologi | alle | alle |
På bachelorstudiet i geovitskap lærer du å omsette teoretisk kunnskap til praksis. Du får ei brei kunnskap om den geologiske og geofysiske oppbygninga til jordkloden, og lærer å bruke kjemiske, fysiske, biologiske og geologiske prosessar til å forklare korleis jorda har utvikla seg gjennom milliardar av år og korleis ho endrar seg i dag.
På institutt for geovitenskap får du moglegheita til å jobbe med samfunnsaktuelle problemstillingar innan geologi, geofysikk, geokjemi, geobiologi, klima, miljø, marin- og polar forsking.
Eit viktig forskingsområde hos oss er korleis vi kan tilpasse oss eit grønare energiskifte. Andre spørsmål vi jobbar med er til dømes:
- Årsaker til hyppigare og meir øydeleggjande geofarar som flaum og skred.
- Å begrense klimaendringene vi i dag er vitne til.
- Korleis vi kan tilpasse oss den aukande etterspørjinga etter ressursar.
- Kva for energiformer vi kan benytte oss av i framtida.
Dette studieprogrammet har ein del obligatorisk undervising, som laboratoriearbeid, øvingar og ekskursjonar. Vi har mange valfrie emne, så du har stor fridom til å velje dei faga du er interessert i. Geovitskap er eit internasjonalt fagfelt, så vi oppmodar deg til å reise på utveksling eit av semestera du studerer hos oss.
Meir informasjon under
Institutt for geovitskap leiar det nasjonale nettverket iEarth som kontinuerleg jobbar for å betre kvaliteten på utdanninga vi tilbyr ved instituttet, med fokus på læringsmiljø og moderne undervisningsformer.
Bachelor i geovitenskap er eit program som kvart år får gode tilbakemeldingar frå studentane i spørjeundersøkinga Studiebarometeret. Programmet har fleire gonger blitt kåra til eit av dei beste programma ved UiB, nettopp fordi studentane trivst med faget, med samhaldet og med dei vitskaplege.
Vi har blitt kåra til det beste geofagprogrammet i Noreg
Studieretningar
Meir informasjon under
iEarth
Jobb
Mange av studentane på bachelorgrad går vidare til ein mastergrad i geovitskap. Dagens og framtidas geovitarar skal vere med i arbeidet med å utvikle vegnett, jernbane og tunnelar, forstå kva område som er utsett for framtidige geofarar, sikre at vi byggjer bustadane våre på trygge stader, og forebygge at geofarar rammar menneska i landet vårt. Geovitaren har derfor ei viktig rolle i dagens samfunn, og kan bidra inn mot mange problemstillinger i både
- forvaltning (departemenet, kommune eller fylke)
- forsking (universitet/høgskule)
- energi- og ressursutvinning (Petroleums- eller energinæringa)
- sikring og forebygging i statlige foretak (COWI, Statens Vegvesen, NVE, SWECO etc.)
- transportbransjen (BANE NOR)
Meir informasjon under
Geovitenskap gir jobb
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i geovitskap er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.
På bachelorprogrammet er dei fleste emna (faga) obligatoriske, men graden inneheld også frie studiepoeng. Dette gir deg moglegheiter til å forme graden din ut i frå eigne interesser. 30 av desse studiepoenga kan du ta på utveksling, eller som valemne i Bergen.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på sida til kvart emne.
På dette bachelorprogrammet er det to ulike retningar - geologi og geofysikk. Du søker på ein av dei gjennom Samordna opptak.
1. Geologi
- Semester – GEOV101, MAT101/MAT105, INF100
- Semester – GEOV111, GEOV102, KJEM109 (tilrådd valemne)
- Semester – GEOV103, GEOV107, GEOV110
- Semester – GEOV104, GEOV109, Ex.phil.
- Semester – valemne, GEOV114, valemne
- Semester – Tre valemne eller utveksling
2. Geofysikk
- Semester - MAT111, GEOV101, INF100
- Semester - GEOV111, MAT121, PHYS111
- Semester - GEOV112, GEOV113, valemne
- Semester - valgemne 1, GEOV265, valgemne 1
- Semester - valemne 2, Ex.phil. , valgemne 2
- Semester - Tre valemne eller utveksling
Valgemne 1: velg mellom to av emnene MAT112, MAT131, GEOV102, GEOV104
Valgemne 2: velg mellom to av emnene: GEOV107, GEOV254, GEOV272, GEOV276, GEOV277, MAT212, PHYS112, PHYS113
Studiekvardagen
Geovitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb (som vil seie omlag 35-40 timar per veke). Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke ha 15-20 timar med
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Laboratorium og praktiske øvingar
- Feltkurs i både Noreg og utlandet, og vidare arbeid med rapport
Feltekskursjonar og feltarbeid
For å få ei god grunnutdanning i geovitskap er det naudsynt å reise ut i naturen for å forstå prosessane som har danna landskapet vårt. Våre geovitarstudentar drar tidleg ut i felten, og mange vil delta på fleire ekskursjonar og feltkurs gjennom studiet sitt.
Meir informasjon under

På campus
MatNat-fakultetet har veldig gode studieareal. Det splitter nye læringssenteret i Realfagbygget er skreddarsydd for både lesing og diskusjonar. I tillegg er det ein felles lesesal i 1. etasje i Realfagbygget som er ein stille lesesal. Mykje av arbeidet i geovitskap baserer seg på gruppearbeid, og det er derfor viktig for oss at du som student hos oss har tilgang på gode arbeidsareal.
Noko av det studentane våre seier at det set pris på, er det gode læringsmiljøet. Dette programmet vil gi studentane tryggleik i faget, bygge kompetanse i eit bredt spekter av geofaget, og tilby ein moderne geofagleg utdanning. Studentane får også trene på problembaserte oppgavesett heilt frå oppstarten, og får derfor ei svært praktisk tilnærming til fagområdet.
Samhaldet mellom studentane ved GEO er heilt unikt. Den store graden av samarbeid, både i undervisningsromma og i feltkursa gir studentane moglegheit til å knytte tette band seg i mellom, og å utvikle nære og gode venskap.
Dei mange aktive læringsteknikkane gjev også tett kontakt mellom studentar og undervisarar, det er derfor mykje lettare å snakke direkte med undervisar tidleg studiet, nettopp fordi det er mange arenaer der det er naturlig å ha faglege diskusjonar både i seminargruppa eller i felt.
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Etter bachelorprogrammet kan du:
- arbeide sjølvstendig og i lag for å løyse faglege problemstillingar
- utføre laboratorie- og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
- nytte vitskapleg metode og integrere, analysere, tolke og kritisk evaluere datasett for å teste hypotesar
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Det er valfritt å reise på utveksling, men vi anbefaler alle studentar å vurdere å reise ut.
Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Tsjekkia, Tyskland, Danmark, Sveits, Frankrike, Nederland eller Storbritannia, eller velje blant dei sentrale avtalane til Universitetet i Bergen.
Det er også mogleg å ta eit eller fleire emne, eller eit semester på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke om å reise på utveksling?
Korleis søke
Du søker opptak til ei av studieretningane, geologi eller geofysikk. Begge studieretningane har opptakskrav: generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og eitt av følgande krav
- Matematikk R2 eller
- Fysikk 1 og 2 eller
- Kjemi 1 og 2 eller
- Biologi 1 og 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
- Geofag 1 og 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 og 2
Søknadsfristen er 15. april.