Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for BAMN-GVGEOF Geofysikk, vår 2021

Mål og innhald

Mål

Bachelorprogrammet skal formidle ei brei og basal forståing av geofysiske og geologiske metodar og tenkemåtar slik at kunnskapen kan nyttast til å gjere geofaglege vurderingar, arbeid i felt og laboratorium, undervisning i geofag eller vidare studiar i geofysikk eller tilgrensande fag som geologi.

Innhald

Bachelorprogrammet gjev ei oversikt over den faste jord si samansetning og fysiske eigenskapar og korleis jorda har utvikla seg i tid og rom på global, regional og lokal målestokk. I tillegg, vert dei mest brukte metodar for geofysisk datainnsamling introdusert. Programmet baserer seg på ein kombinasjon av direkte observasjonar av bergartar og lausmassar i naturen, innsamling og analyse av feltdata, samt numeriske studiar av geofaglege problemstillingar. Studiet tek opp tema som er aktuelle for notida og framtida, som korleis naturressursar vert danna og utvinna, kva for konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samspelet mellom naturlege og menneskeskapte endringar og naturkatastrofar som jordskjelv, flaum, ras, skred og vulkanutbrot.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kjenner fundamentale omgrep innan geofysisk og geologisk terminologi
  • kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
  • kan gje ei oversikt av hovudtrekka i jorda si geologiske utvikling frå prekambrium til notid
  • kan gjere greie for dei fysiske lovene som styrer seismisk bølgjeforplanting i jorda og grunnleggjande jordsskjelvseismologi
  • kan beskrive teori og bruk for innsamling, prosessering og tolking av seismiske data
  • kan beskrive korleis marin seismikk og andre geofysiske teknikkar vert nytta for å finne og monitorere utvinning av olje- og gassførekomstar
  • kan forklare prinsipper og bruksområde for dei ulike potensialfeltmetodane som vert nytta innan geovitskap

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • kan presentere skriftleg og munnleg om geofaglege tema
  • kan gjennomføre grunnleggjande databehandling og tolking av seismiske data

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan gjere greie for geofaget sin eigenart og utvikling
  • kan arbeide sjølvstendig og i lag for å løyse faglege problemstillingar
  • kan formidle faglege konsept
  • kan nytta vitskapleg metode og integrere, analysere, tolke og kritisk evaluere datasett for å teste hypotesar
  • kan utføre geofysiske undersøkingar og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis