Geologi
- Lengde3 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar57
- Studiepoeng180
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Mål
Bachelorprogrammet skal formidle ei brei og grunnleggjande forståing av geologiske metodar og tenkemåtar slik at kunnskapen kan nyttast til undervisning i geologi, arbeid i felt og laboratorium, vidare studiar i geologi eller tilgrensande fag som geofysikk.
Innhald
Bachelorprogrammet gjev ei oversikt over den faste jord si samansetning og korleis jorda har utvikla seg i tid og rom på global, regional og lokal målestokk. Programmet baserer seg i stor grad på direkte observasjonar og beskrivingar av bergartar og lausmasser i naturen, samt innsamling og analyse av feltdata.
Studiet tek opp tema som er aktuelle for notida og framtida, som korleis naturressursar vert danna og utvunne, kva for konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samspelet mellom naturlege og menneskeskapte endringar, og naturkatastrofar som til dømes jordskjelv, flaum, ras, skred og vulkanutbrot.
Kva kan du bli
Yrkesvegar
Ved å studere geovitskap vil du få kvalifikasjonar som bedrifter søker etter. Du vil tileigne deg gode samarbeidsevner, vere strukturert og ha god forståing for problemløysing.
Studiet gir derfor kunnskap og kompetanse som kvalifiserer for mange ulike yrke. Sentrale arbeidsområde er for eksempel ressursforvaltning, leiting og utvinning av olje og gass, og geotekniske studiar i samband med bygging av vegar, tunnelar og bruer. Du kan også jobbe med klima og miljø. Dei seinare åra har det blitt større etterspørsel for geologar og geovitarar med kunnskap og erfaring med ras- og skredkompetanse.
Kandidatar i geovitskap er etterspurde innan forsking, petroleumsindustrien, private bedrifter, konsulentverksemder, offentleg forvaltning og skuleverket.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar,
ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- kjenner fundamentale omgrep innan geologisk terminologi
- kan gjere greie for geofaget sin eigenart og utvikling
- kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
- kan gje ei oversikt av hovudtrekka i jorda si geologiske utvikling frå prekambrium til notid
- kan gjere greie for vanlege geologiske undersøkingsmetodar og prinsippa for desse
- kan gjere greie for vanlege mineral, bergartar, og fossilgrupper, samt forklare ein bergart si danning og utviklingshistorie
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
- kan presentere skriftleg og munnleg om geologiske tema
- kan identifisere og beskrive metamorfe, magmatiske og sedimentere bergarter
- kan tolke sedimentære avsetningar og strukturar i høve til paleomiljø
- kan anvende grunnleggande feltmetodar for å framstille geologiske kart
- kan lage sedimentologiske loggar og geologiske profil på grunnlag av eigne observasjonar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan arbeide sjølvstendig og i lag for å løyse faglege problemstillingar
- kan formidle faglege konsept
- kan nytta vitskapleg metode og integrere, analysere, tolke og kritisk evaluere datasett for å teste hypotesar
- kan utføre laboratorie- og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
Oppbygging
Oppbygging
Krav til bachelorgraden i geovitskap er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng. Med ei hovudretning i geologi vil studiet ha følgjande oppbygging:
Geologi:
1. semester: Examen Philosophicum, matematikk og kjemi
2. semester: Geologi (innføring, ekskursjon) og matematikk
3. semester: Geologi (mineralogi, paleontologi) og valemne
4. semester: Geologi (tektonikk, geokjemi) og geofysikk
5. semester: Geologi (sedimentologi, marin- og kvartærgeologi) og valemne
6. semester: Valemne, ev. utveksling
Studieretning | |||||||||
Studieretning i geologi (krav 180 SP) | |||||||||
Valfritt | |||||||||
Utenlandsopphold, vår | |||||||||
Utenlandsopphold, høst | |||||||||
Innføringsemne (krav 20 SP) | |||||||||
Vel minst eitt av emna | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1–6 | 4 | |||||
EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1–6 | 4 | |||||
Vel minst eitt av emna | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1–6 | 1 | |||||
MAT105 | Matematikk for naturvitskap | 10 | 1–6 | 1 | |||||
MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1–6 | 1 | |||||
Spesialisering i geologi (krav 100 SP) | |||||||||
Obligatorisk emne | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
GEOV101 | Innføring i geologi | 10 | 1–6 | 1 | |||||
GEOV102 | Ekskursjoner og øvelser i geologi | 10 | 1–6 | 2 | |||||
GEOV103 | Innføring i mineralogi og petrografi | 10 | 1–6 | 3 | |||||
GEOV104 | Innføring i strukturgeologi og tektonikk | 10 | 1–6 | 4 | |||||
GEOV107 | Innføring i sedimentologi | 10 | 1–6 | 3 | |||||
GEOV109 | Innføring i geokjemi | 10 | 1–6 | 4 | |||||
GEOV110 | Innføring i marin og terrestrisk kvartærgeologi | 10 | 1–6 | 5 | |||||
GEOV111 | Geofysiske metodar | 10 | 1–6 | 2 | |||||
GEOV114 | Innføring i geobiologi | 10 | 1–6 | 5 | |||||
INF100 | Innføring i programmering | 10 | 1–6 | 2 | |||||
Valfrie emne (krav 60 SP) | |||||||||
Vel fritt emne som til saman utgjer 60 studiepoeng | |||||||||
Valfritt | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
KJEM100 | Kjemi i naturen | 10 | 1–6 | 1 | |||||
KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1–6 | 1 | |||||
Utveksling (krav 30 SP) | |||||||||
Valfritt | |||||||||
Utenlandsopphold, vår | |||||||||
Utenlandsopphold, høst | |||||||||
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester |
Korleis søke
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i geovitenskap, studieretning Geologi, studiekode i Samordna opptak: 184859
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:
Matematikk R2 eller
Fysikk 1 + 2 eller
Kjemi 1 + 2 eller
Biologi 1 + 2 eller
Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
Geofag 1 + 2 eller
Teknologi og forskningslære 1 + 2
Meir informasjon
Om programmet
Kontakt
Ta kontakt med studierettleiar på:
55 58 30 30