Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for BAMN-GVGEOL Geologi, haust 2020

Mål og innhald

Mål

Bachelorprogrammet skal formidle ei brei og grunnleggjande forståing av geologiske metodar og tenkemåtar slik at kunnskapen kan nyttast til undervisning i geologi, arbeid i felt og laboratorium, vidare studiar i geologi eller tilgrensande fag som geofysikk.

Innhald

Bachelorprogrammet gjev ei oversikt over den faste jord si samansetning og korleis jorda har utvikla seg i tid og rom på global, regional og lokal målestokk. Programmet baserer seg i stor grad på direkte observasjonar og beskrivingar av bergartar og lausmasser i naturen, samt innsamling og analyse av feltdata.

Studiet tek opp tema som er aktuelle for notida og framtida, som korleis naturressursar vert danna og utvunne, kva for konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samspelet mellom naturlege og menneskeskapte endringar, og naturkatastrofar som til dømes jordskjelv, flaum, ras, skred og vulkanutbrot.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar,

ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kjenner fundamentale omgrep innan geologisk terminologi
  • kan gjere greie for geofaget sin eigenart og utvikling
  • kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
  • kan gje ei oversikt av hovudtrekka i jorda si geologiske utvikling frå prekambrium til notid
  • kan gjere greie for vanlege geologiske undersøkingsmetodar og prinsippa for desse
  • kan gjere greie for vanlege mineral, bergartar, og fossilgrupper, samt forklare ein bergart si danning og utviklingshistorie

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • kan presentere skriftleg og munnleg om geologiske tema
  • kan identifisere og beskrive metamorfe, magmatiske og sedimentere bergarter
  • kan tolke sedimentære avsetningar og strukturar i høve til paleomiljø
  • kan anvende grunnleggande feltmetodar for å framstille geologiske kart
  • kan lage sedimentologiske loggar og geologiske profil på grunnlag av eigne observasjonar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig og i lag for å løyse faglege problemstillingar
  • kan formidle faglege konsept
  • kan nytta vitskapleg metode og integrere, analysere, tolke og kritisk evaluere datasett for å teste hypotesar
  • kan utføre laboratorie- og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis