Hjem
Bachelor

Bachelorprogram i berekraftig havbruk

  • Lengde3 år
  • StudiestartUtgått
  • Studiepoeng180

Introduksjon

Programmet utgår

Studieprogrammet er lagt ned og erstattet av Integrert masterprogram i havbruk og sjømat. Bachelorprogram i biologi og profesjonsstudiet i fiskehelse er også gode alternativer.

Introduksjon

Kva økologiske og biologiske konsekvensar har ressursutnytting som fiske, fangst og oppdrett? Kva er dei økologiske føresetnadane for å halde egg, larvar, yngel og fisk i kultur? Kva er god og kva er uakseptabel handsaming av akvatiske organismar?

Havbruksstudiet handlar om ansvarleg forvaltning av ressursane i havet og berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Havbruksnæringa er den næringa i Noreg som veks raskast, og både offentlege og private interesser har satsa mykje. Næringa sjølv, og forsking og utvikling som skjer i samband med ho, er peikt ut som eit hovudsatsingsområde for landet vårt.

Studiet i berekraftig havbruk gir grunnleggande kunnskap om og forståing av norske oppdrettsartar. Det blir lagt spesielt vekt på samspelet mellom fiske­biologi, anatomi, fysiologi, ernæring og miljøforhold. Du lærer dessutan om norsk havbruksnæring, lovverk og forvaltning, og du får innsyn i internasjonalt havbruk.

Bergensregionen har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø, og dette speglar seg i undervisninga vår. Institutt for biologi er ein del av Senter for framifrå utdanning i biologi, bioCEED.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i berekraftig havbruk kvalifiserer til arbeid i havbruksnæringa. Programmet gir både praktisk og teoretisk kunnskap som kan brukast på fleire nivå i havbruksnæringa.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.

Vidare studium

  • Bachelorprogram

Det treårige studiet gir deg ei brei og grunnleggande biologisk/­naturfagleg bakgrunn og du får innsikt i alt frå naturmiljøet sin kjemi til fysiologi, molekylærbiologi, organismebiologi og mangfald, evolusjon og økologi. I tillegg får du kunnskapar i statistikk og matematikk.

 

  • Masterprogram

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i biologi, som blant anna gir spesialisering på marine område, som marinbiologi, fiskeribiologi og forvaltning, havbruksbiologi, ernæring og fiskehelse.

 

  • Forsking

Fagmiljøet ved UiB er det største innanfor marin biologi i Noreg. Her blir det drive forsking på marin mikrobiologi, marin økologi, fiskeriøkologi, marin biodiversitet, utviklingsbiologi hos fisk, havbruk, fiskehelse og kvalitet på sjømat.

  • Sjå også desse studia

Fiskehelse, biologi, meteorologi og oseanografi, lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk.  

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Studiet skal gi ein brei plattform i naturfag, biologi og kunnskap om oppdrett, frå generelle molekylære mekanismar til biologien til våre viktigaste oppdrettsartar. Gjennom ei grunnleggjande forståing av basale prosessar i naturen skal studenten kunne tilegne seg og bruke vitskapelig kunnskap og innsikt i ei rekke samfunnsrelevante utfordringar som omfattar naturmiljøet. Kandidatar i havbruksbiologi skal vidare ha solid biologisk innsikt i samspelet mellom miljøet og utvikling, vekst og reproduksjon til viktige oppdrettsartar. Studentane skal likeeins kjenne til, og ha praksis frå utvalde oppdrettsformar, og ha ein oversikt over norske lover, forskrifter og reguleringar innan havbruk. Gjennom studiet skal studentane også skaffe seg oversikt over internasjonal havbruksverksemd.

Ved fullført studium skal ein kandidat

  • ha ein brei naturvitskapelig bakgrunn
  • være i stand til å bruke utviklingslæra som ein nøkkel til å forstå organismane sine tilpassingar
  • kunne lese og forstå vitskaplege arbeid om aktuelle spørsmål innan biologi og havbruk
  • ha oppnådd grunnleggjande kunnskap om biologi, anatomi, fysiologi, ernæring og miljøtilhøve for våre viktigaste oppdrettsartar
  • ha ferdigheiter i vitskapleg arbeidsmåte som gjør kandidaten i stand til å skrive analyserande rapportar og utgreiingar om spesielle tilhøve innan oppdrett
  • evne å løyse problem og oppgåver som krev biologisk innsikt og kjennskap til havbruksnæringa

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i havbruk inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne, 150 studiepoeng med spesialisering og 10 studiepoeng der du står fritt til å velje fag.

Det siste studieåret gir deg ei spesialisering innanfor havbruk med innføring i emne som havbruk, fiskeernæring og fiskefysiologi. Spesialiseringa vil elles halde fram med ein praksisperiode i havbruksnæringa og undervisning om etikk og velferd hos akvatiske organismar. Det blir også gitt ei innføring i forvalting og lovverket som er knytt til havbruksnæringa.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/studieprogram/BAMN-HAV.

Bachelorprogram i berekraftig havbruksbiologi (krav 180 SP)
Innføringsemne (krav 20 SP)
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum - skuleeksamen101–62
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–62
MAT101Brukarkurs i matematikk I101–61
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
Spesialisering - kjemivalg (krav 10 SP)
KJEM110 er obligatorisk for alle studentane, og ligg som eit obligatorisk emne i utdanningsplanen din. Alle studentar skal ta minimum 20 sp kjemi. Bortsett fra KJEM110 er kjemiemna valfrie. Organisk kjemi (KJEM130) og miløkjemi (KJEM202) er sterkt tilrådd. Andre kjemiemne veljast etter interesse.
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
KJEM130Organisk kjemi101–6
KJEM100Kjemi i naturen101–6
KJEM202Miljøkjemi101–6
Spesialisering i berekraftig havbruksbiologi (krav 130 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
BIO100Innføring i evolusjon og økologi101–61
KJEM110Kjemi og energi101–61
BIO101Organismebiologi 1101–62
BIO102Organismebiologi 2101–63
BIO280Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi101–63
BIO103Cellebiologi og genetikk101–64
BIO104Komparativ fysiologi101–64
MOL100Innføring i molekylærbiologi101–64
BIO203Innføring i havbruk101–65
BIO206Ernæring hos fisk101–65
BIO291Fiskebiologi II - Fysiologi101–65
BIO205Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur101–66
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
STAT101Elementær statistikk101–63
STAT110Grunnkurs i statistikk101–63
Forsøksdyrlære (krav 10 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
LAS201Kurs i forsøksdyrlære 21–66
LAS203Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk 61–66
Valfritt emne (krav 10 SP)
Vel fritt eitt emne
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, vår
Utenlandsopphold, høst
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Eit studieopphald i utlandet kan erstatte eller supplere delar av bachelorgraden. Vi har i dag avtalar med fleire universitet i Australia, Skottland, Irland, Chile og Spania. Her vil du få tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Om du vel å studere vidare etter å ha fullført bachelorgraden, er det også mogeleg å ta eit utanlandssemester i masterprogrammet i havbruksbiologi.

Korleis søke

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1(eller matematikk S1 og S2) og enten Matematikk R2 eller Fysikk 1 og 2 eller Kjemi 1 og 2 eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2 eller Geofag 1 og 2 eller Teknologi og forskningslære 1 og 2.

Tilrådde forkunnskapar

Forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.

Havbruksbiologi

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for biovitenskap (BIO)

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@mnfa.uib.no 55 58 30 30