Hjem

Kjemi, bachelor, 3 år

Kjemi er læra om stoffa som alle ting er bygde opp av, om strukturen til desse stoffa, eigenskapane deira og kvar dei finst. Gjennom kjemien kan vi forstå den fysiske verda, både tinga i dagleglivet, naturen og store delar av det teknologisk baserte næringslivet vårt. Kjemi er grunnlaget for alt liv.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar

    35

  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Med utdanning i kjemi får du god forståing av teknologi, lærer å utføre eksperiment og analysere resultat. Du får også kunnskapar i nærliggjande fag som fysikk,  matematikk og molekylærbiologi. 

Meir informasjon under

Studer matte, fysikk eller kjemi ved UiB

Kjemi set fokus på miljøspørsmål og kjemikarar forskar mellom anna på utvikling av biodrivstoff for å finne erstatning for oljebasert drivstoff. Dei jobbar også med overvaking av innhaldet av uønskte stoff i mat: Kva bør fiskefôr innehalde for å gje sunn og trygg sjømat, og kva for molekyl finn vi i havet sine ressursar som vi kan ha nytte av? Kjemi er og sentralt i utvikling av nye medisinar mot antibiotikaresistente bakteriar eller for å gje målretta behandling mot alvorlege sjukdomar. 

Studiet passar for alle som har interesse for korleis den fysiske verda verkar eller som ønsker å bidra til ei berekraftig framtid. Du bør ha kjemikunnskapar tilsvarande Kjemi 1 frå VGS.

Meir informasjon under

Framtidens drivstoff utvikles av Kjemisk institutt

Produsent:
UiB/Nydal film

Jobb

Med ei kjemiutdanning har du mange mogelegheiter. Du kan mellom anna arbeide i laboratoria i industrien, sjukehus og innan offentleg forvaltning. Kjemikarar arbeidar mellom anna med  

  • næringsmiddel 
  • fiskeoppdrett 
  • legemiddel 
  • olje og gass 
  • fornybar energi 
  • metallindustri 

Meir informasjon under

Mange studentar går vidare til mastergradsstudiet. Du kan sjølvsagt også starte din karriere i arbeidslivet etter bachelorgraden 

Les meir om kva du kan jobbe med

Oppbygging

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium, som vil seie at du vil bruke om lag like mykje tid på studiet som på ein full jobb. Bachelorprogrammet i kjemi har 180 studiepoeng fordelt på tre år, og startar i august. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Alle emnar er på 10 studiepoeng, og du tek difor tre emnar kvart semester.

1. semester 

  • MAT105 Matematikk for naturvitskap eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I  eller MAT101 Brukarkurs i matematikk 1 (10 studiepoeng)
  • KJEM110 Kjemi og energi 
  • INF100 Innføring i programmering

2. semester 

  • KJEM130 Organisk kjemi  
  • KJEM120 Grunnstoffenes kjemi    
  • MAT102 Brukarkurs i matematikk II 

3. semester 

  • MOL100 Innføring i molekylærbiologi
  • KJEM124 Kjemisk syntese og analyse
  • PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære

4. semester  

  • KJEM140 Molekylær fysikalsk kjemi
  • KJEM210 Kjemisk termodynamikk 
  • EXPHIL- enten skuleeksamen eller seminarmodell 

5. semester 

6. semester  

Det meste av studiet er obligatorisk, men det femte semester på studiet er valfritt. Dette semesteret kan du fylle med valfrie emne, enten ved UiB eller på utveksling til utlandet.  

Studiekvardagen

I løpet av ei typisk veke vil du ha mellom 15-25 timar organisert undervisning. Dette varierer litt frå semester til semester. Undervisninga er på norsk, og litteraturen er stort sett på engelsk. 

Du får oppleve ulike undervisningsformer under studiet. Alle fag har forelesningar, som vanlegvis varer i 2 x 45 minutt. Du deltek også på organiserte kollokviegrupper, der fleire studentar saman løyser oppgåver og diskuterer faglege problemstillingar. Kjemi er også eit praktisk fag, og laboratoriearbeid vil derfor vere ein viktig del av kvardagen di. Du vil jobbe i laboratorier innanfor oraganis, uorganisk, fysikalsk og analytisk kjemi i samarbeid med medstudentar og lab-assistentar. Kunnskapar om og meistring av sikringsrutiner og HMS er vektlagt gjennom heile studiet. Mot slutten av studiet skal du skrive ei bacheloroppgåve. Her får du velje eit prosjekt som interesserer deg, og du vil samarbeide med ei forskingsgruppe ved instituttet.  

I tillegg til den organiserte undervisninga er sjølvstudium ein viktig del av det å vere student. Som kjemistudent vil du bruke mykje tid på lesesalen og biblioteket. Eit fagleg og sosialt samlingspunkt er Basen, som er bachelorstudentane i kjemi sitt eige fellesrom i Realfagsbygget. Du vil få eit sosialt og fagleg treffpunkt i studentorganisasjonen Valens-Kjemisk Fagutvalg som arrangerer sosiale treff og aktivitetar for studentane.

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Produsent:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

 

Kva lærer du?

  • Det er sjølvsagt mest kjemifag på timeplanen, men du vil også ta fag innan molekylærbiologi, matematikk, fysikk og programmering.  
  • I tillegg til den faglege kompetansen lærer du også samarbeid og kommunikasjon, som er høgt verdsett av dei fleste arbeidsgjevarar.  
  • Du får mykje praktisk erfaring med laboratoriearbeid, analyse og presentasjon av resultat. 

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.

Sjå oversikt over alle emne:

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Dette er det einaste bachelorprogram i kjemi i Noreg som fører fram til ein Eurobachelor-grad. Dette gjer det enklare for deg å dra på utveksling, eller å fortsetje utdanninga di i eit anna land.  

Studieplanen er lagt opp slik at du kan reise på utveksling i 5. semester.

Vi har ein skreddarsydd Erasmus-avtale for kjemistudentar med Aarhus i Danmark. Elles har vi kjemi-avtaler med universitet i Tyskland, Spania, Italia, Finland, Austerrike, Sverige, Slovenia, Frankrike, Polen og Hellas. 

Korleis søke om å reise på utveksling?

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her