Hjem
Utdanning

Studieplan for BAMN-KJEM Kjemi, bachelor, 3 år, haust 2019

Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Oppstart haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i kjemi har som mål å gje ei grundig teoretisk og praktisk innføring i dei ulike retningane innan kjemifaget, både i forhold til den tradisjonelle kjemifaga og i forhold til moderne, tverrfaglig bruk av kjemikunnskap.

Studiet tek for seg grunnleggjande teoriar og metodar innan organisk, uorganisk, fysikalsk og teoretisk kjemi. Den praktiske dimensjonen i kjemifaget blir dekka i laboratoriekurs som gir grundig opplæring i syntese, analyse og fysikalske målingar. Støttefag innan matematikk, fysikk og molekylærbiologi gir breidda som trengs for å vurdere kjemiske perspektiv i større problemstillingar, og kommunisere kjemi i ulike samanhengar.

Læringsutbyte

Etter fullført bachelorgrad i kjemi skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • Grunnleggjande prinsipp, omgrep og teoriar innan kjemi.
  • Greie ut om grunnstoffa sine karakteristiske eigenskapar og bindingstypar ut frå deira oppbygging og plassering i det periodiske system.
  • Gjere greie for teoriar om tilstanden til stoffa, og oppbygginga til atom og molekyl ut frå ei kvantemekanisk forståing.
  • Bruke kjemisk terminologi og skildre grunnleggjande reaksjonstypar, stoffklassar og eigenskapane deira.
  • Gjere greie for kjemiske likevekter, enkle reaksjonsmekanismar og vanlege strukturtypar i organisk og uorganisk kjemi.
  • Nytte denne kunnskapen til å løyse kjente kvantitative og kvalitative problemstillingar innan kjemi.

Ferdigheiter

  • Handtere kjemiske stoff på ein trygg måte basert på deira eigenskapar og moglege risikofaktorar i bruk, og kunne utføre ei risikovurdering for bruk av gitte kjemiske stoff.
  • Utføre syntesar av organiske og uorganiske stoff.
  • Bruke vanlege analytiske teknikkar til å identifisere og kvantifisere organiske og uorganiske stoff.
  • Undersøke og dokumentere kjemiske eigenskapar til eit gitt system på ein systematisk og reproduserbar måte, og tolke resultata i forhold til relevante teoriar.
  • Tolke, evaluere og samanlikne kjemisk informasjon og data.
  • Kunne presentere resultat frå undersøkingar munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse

  • Bruke gode prinsipp for måleteknikk
  • Nytte og evaluere resultat.
  • Planlegge og utføre praktisk laboratoriearbeid inkludert instrumentering.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALR2).

Tilrådde forkunnskapar

Bakgrunn tilsvarande Kjemi 1+2 tilrådast.

Innføringsemne

I det første semesteret av studiet tek du tre innføringsemne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit emne i kjemi. Innføringsemnet i kjemi introduserer deg for kjemien sine ulike aspekt sett frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og natur. Det er to ulike kjemiemne for studentar med og utan/svak bakgrunn i kjemi frå vidaregåande skule.

Obligatoriske emne

Krav for å oppnå bachelorgrad i kjemi er totalt 180 studiepoeng der 100 studiepoeng (vel 1½ års studium) er spesialisering innan kjemi, 50 studiepoeng er obligatoriske emne som inkluderar innføringsemne i matematikk og ex.phil, matematikk-/informatikk-/statistikkemne, fysikk og molekylærbiologi og 30 studiepoeng er frie valemne.

Spesialisering i kjemi (100 studiepoeng):
KJEM110, KJEM120, KJEM123, KJEM130, KJEM131, KJEM140, KJEM210, KJEM250, KJEM290, KJEM298.

Obligatoriske innføringsemne (20 studiepoeng):

MAT101/MAT111, Ex.phil

Obligatoriske emne i tillegg til spesialiseringa (30 studiepoeng):
PHYS101/102/111/112, MOL100, MAT/STAT/INF-emne (minst eitt av emna MAT102, MAT121, STAT101, STAT110 eller INF100. MAT102 eller MAT121 vert sterkt tilrådd for dei fleste spesialiseringsområda i mastergrad).

Frie valemne (30 studiepoeng):


Oppbygginga av bachelorprogrammet i kjemi:

6. semester:

Analytisk kjemi

Bachelorprosjekt

Vitenskapeleg formidling på engelsk

5. semester:

Kjemisk termodynamikk

Val

Val

4. semester:

Eksperimentell uorganisk kjemi

Molekylær fysikalsk kjemi

Fysikk eller Ex.phil

3. semester:

Kjemien til grunnstoffa

Val

Organisk syntese og analyse

2. semester:

Organisk kjemi

Molekylærbiologi

Matematikk/statistikk-emne (MAT102 eller MAT121 vert sterkt tilrådd for dei fleste spesialiseringsområda i mastergrad)

1. semester:

Ex.phil eller fysikk

Matematikk

Kjemi og energi 

 



Tilrådde valemne

Val av frie valemne (totalt 30 studiepoeng): I det første semesteret blir studentar med mangelfull kjemibakgrunn frå vidaregåande skule anbefalt å velje KJEM 100. Dette emnet kan inngå som fritt valemne i bachelorgrad i kjemi. Studentar med Kjemi 2 eller god bakgrunn frå Kjemi 1 blir anbefalt å starte direkte på emnet KJEM110 som inngår som obligatorisk emne i bachelorgraden. Valemna bør elles veljast i forhold til planlagt masterstudium. For studentar som vurderer å fortsetje på masterprogram i kjemi, er det nyttig å bruke valemna til å oppnå ein fagprofil i tråd med ynskjet for masteroppgåve. Nokre få av dei obligatoriske emna på mastergrad vert undervist berre kvart andre år. For dei som ønskjer å gå vidare på mastergrad, kan det i nokre tilfelle vere naudsynt å leggje nokre av desse som valemne heilt på slutten av bachelorprogrammet. Tabell over anbefalte emner på bachelorgrad i høve til dei ulike spesialiseringane på mastergrad kan finnast her: http://kurs.uib.no/masterkjemi/

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna er å finne under overskrifta "Spesialisering".

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet. Bachelorprogrammet i kjemi har tilrettelagde utvekslingsavtalar med Aarhus Universitet, Danmark, og Manchester Metropolitan University, Storbritannia.

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:

http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet

Undervisningsmetodar

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, men i nokre tilfelle også som vurdering av laboratoriejournalar. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Med kjemiutdanning vil ein mellom anna kunne arbeide innan følgjande bransjar:
Kjemisk industri, petroleumsindustri, matvareindustri, helsesektor, forsking, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting.

Følg linken for døme på kva for arbeid ein kan få med ei utdanning innan kjemi:
http://www.uib.no/kj/utdanning/masterstudent-ved-kjemisk-institutt/kva-kan-du-bli

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsdatabasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no

Tlf: 55 58 34 45