Hjem

Anvendt matematikk, bachelor, 3 år

Vil du lære metodar som kan løyse problem i ei rekke fagområde som fysikk, geovitskap, ingeniørvitskap, biologi og medisin? Anvend matematikk bruker matematisk teori, likningar og numeriske metodar for å løyse utfordringar innan andre fagfelt. Studiet passar for deg som er interessert i matematisk orienterte fag og som ønsker å jobbe tverrfagleg.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar10
  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Anvend matematikk er eit verktøy for å forstå verda omkring oss og for å utvikle ny teknologi.  

I dag er det ein sterk auke i bruken av matematiske metodar i naturvitskap, teknologi, medisin, økonomi og samfunnsfag. Ein konsekvens av dette er at ein må ha djupare forståing av korleis ein formulerer problemstillingar matematisk, analyserer matematiske modellar og  korleis ein  løyser dei ved hjelp av datamaskinar. Studiet i anvend matematikk gir denne innsikta ved å kombinere matematiske fag med kurs innanfor andre fagfelt.  

Gjennom studiet vil du få kunnskap i grunnleggande matematisk teori, programmering og fysikk/mekanikk. Ein student med bachelorgrad i anvend matematikk kan  

  • gjennomføre matematisk modellering 
  • bruke metodar for kvalitativ analyse og kvantitativ løysing av matematiske modellar  

Gjennom studiet vil du få kunnskap i grunnleggande matematisk teori, lineær algebra, differensiallikningar, fysikk, statistikk og programmering. Studiet tar for seg både det teoretiske og metodiske grunnlaget for bruksretta matematikk, og korleis problem innanfor naturvitskap og teknologi kan løysast med matematiske teknikkar og simuleringar. 

Meir informasjon under

Studer matte, fysikk eller kjemi ved UiB

Produsent:
UiB

Studiekvardag 

Som student i anvend matematikk blir du del av eit godt studiemiljø. Våre studentar set stor pris på fridomen i studieprogrammet, den store mengda utvekslingsavtalar programmet har rundt om i verda, og at ein kan fordjupe seg i det ein er mest interessert i. I tillegg kjem dedikerte forelesarar og eit solid matematisk grunnlag for vidare studium. 

Instituttet har ei felles studentforeining som arrangerer sosiale samlingar, spelkveldar, filmklubb, hytteturar, pub-lectures, eksamensfestar, feiring av Pi-dagen, juleverkstad, idrettsarrangement og meir til.    

 Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Ei typisk veke kan ha 18-24 timar med undervisning i form av forelesingar, seminar- og reknegrupper. I tillegg må du rekne med sjølvstudium som lesing, kollokviegrupper og “orakel”– grupper med ein eldre student til stades som hjelper deg.    

Meir informasjon under

Studer matematikk

Produsent:
Arne Brandseth

Kva kan du jobbe som? 

Med ein bachelorgrad i anvend matematikk lærer du å utvikle og analysere modellar og å bruke metodar og utvikle desse videre, noko som er ein viktig kompetanse du kan bruke i vidt forskjellige fagfelt og i vidare studium.  

Våre studentar får yrke som forskingsingeniør, analytikar, forskar, Data scientist m.m., og har for eksempel fått jobb   

  • i industrien (Odfjell Drilling, Equinor, GexCon m.m.)  
  • i forskingsinstitutt (Havforskingsinstituttet, UNI Research, Christian Michelsen Research, Nansensenteret)  
  • ved høgskolar/universitet 
  • i konsulentbyrå som SAFETEC, Det Norske Veritas AS og Oliver Wyman. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og REALR2:

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg anten

  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Slik kan studiet sjå ut:   

1. semester, haust:    

  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)  
  • Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)  
  • Innføring i matematikk (MAT100*, 10 studiepoeng) 

2. semester, vår:    

  • Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)  
  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)  
  • Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)  

3. semester, haust:   

  • Innføring i numeriske metodar (MAT160, 10 studiepoeng)  
  • Funksjonar av fleire variablar (MAT212, 10 studiepoeng) 
  • Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng)  

4. semester, vår:   

  • Mekanikk 1 (PHYS111, 10 studiepoeng)  
  • Seminarmodell eller eksamensmodell (EXPHIL, 10 studiepoeng) 
  • Eit valfritt emne (10 studiepoeng)  

5. semester, haust:  

  • Tre valfrie emne (30 studiepeoeng) 

6. semester, vår:  

  • Laboratoriekurs i reknevitskap (MAT264, 10 studiepoeng)  
  • to valfrie emne (20 studiepoeng) 

* Innføringsemne, men ikkje obligatorisk 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling som del av dette studieprogrammet. Fjerde, femte og/eller sjette semester er best eigna for utanlandsopphald. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter ein bachelorgrad i anvend matematikk vil du vere kvalifisert til ei rekke masterprogram, avhengig av valemne. Ei naturleg fortsetting er masterprogram i anvend og utrekningsorientert matematikk, der du kan velje blant mange ulike spesialiseringar. 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her