Hjem

Molekylærbiologi, bachelor, 3 år

Vil du studere molekyla som styrer celledeling, vekst, differensiering og død, i lys av millionar av år med evolusjon?
  • Lengde3 År
  • Ordinær48,5
  • Primær50
  • Plassar40
  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

På bachelorstudiet i molekylærbiologi lærer du å omsette teoretisk kunnskap til praksis. Du får brei kunnskap om den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken til biologiske makromolekyl som DNA og protein. Du får òg praktisk erfaring frå laboratoriet og lærer om metodar og instrument. 

Dei tilsette du møter på faget arbeider med spanande problemstillingar innan biologi, bioteknologi og biomedisin

Eit viktig forskingsområde er sjukdommar som kreft og Parkinsons. Andre spørsmål vi jobbar med er: 

  • forståing av molekylære strukturar og mekanismar i celler sin hukommelse 
  • utvikling av vaksinar mot barnediaré 
  • jakta på ei behandling mot lakselus 

Molekylærbiologi blir brukt i stadig fleire område i samfunnet, og teknologien er avansert og utviklar seg raskt. Såkalla grøn industri, kvar ein bruker bioteknologi og kjemi i kombinasjon med nyare prosessar er i stor grad drevet frem av molekylærbiologiske metodar og funn. 

Dette studieprogrammet har ein del obligatorisk undervising, som laboratoriearbeid. Men det er mange valfrie emne, så du har stor fridom til å velje dei faga du er interessert i. Molekylærbiologi er eit internasjonalt fagfelt, så vi oppmodar deg til å reise på utveksling eit semester eller to. 

Meir informasjon under

MANGE VAL: Stian Torset tenkjer anten klinisk eller klimaforsking for framtida i molekylærebiologien.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Jobb 

Mange molekylærbiologer jobbar med forsking og undervisning og som ingeniørar - ved universitet og høgskolar, eller ved store sjukehus.  

Molekylærbiologar er òg viktige innan: 

  • bioteknologi for å bruke levande organismar til å lage nyttige produkt, som antibiotika 
  • farmasøytisk industri for å produsere medikament eller utstyr for diagnose eller behandling av sjukdommar  
  • matforsking 
  • oljeindustri 
  • marin forsking 
  • kosmetisk industri  
  • Konsulent i privat sektor 
  • Rådgivar i offentleg forvaltning 

Merk at det ofte er nødvendig å bygge på bachelorstudiet med ein mastergrad i molekylærbiologi eller biokjemi for å være kvalifisert til å jobbe på eit laboratorium. 

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i molekylærbiologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.  

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste under kvart emne. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester (høst):  

  • MOL100 Innføring i molekylærbiologi (10 sp)
  • MAT101 Brukarkurs i matematikk I eller MAT111 Grunnkurs i matematikk 1 (10 sp) 
  • KJEM110 Kjemi og energi (10 sp)  

2. semester (vår):  

  • INF100 Innføring i programmering (10 sp) 
  • KJEM130 Organisk kjemi (10 sp) 
  • MOL221 Eksperimentell molekylærbiologi I (10 sp) 

3. semester (høst):  

  • MOL200 Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering (10 sp) 
  • MOL103 Genstruktur, –funksjon og bruk (10 sp) 
  • MOL204 Anvendt bioinformatikk (10 sp) 

4. semester (vår):  

  • MOL201 Molekylær cellebiologi (10 sp) 
  • MOL222 Eksperimentell molekylærbiologi II (10 sp) 
  • MATTEVALG (10 studiepoeng matematikk eller statistikk)

5. semester (høst): 

  • Valemne (10 sp) 
  • Valemne (10 sp) 
  • Valemne (10 sp) 
  • Eller utveksling (30 sp) 

6. semester (vår):  

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag 

Det første året av bachelorstudiet vil undervisninga finne stad på Realfagbygget, og du vil i stor grad bruke leseplassar og læringssenteret der. Etter kvart vil meir og meir av undervisninga skje på Høgteknologisenteret, og mange studentar føretrekker å bruke fellesareal på Marineholmen som leseplassar.  

Mykje av undervisninga skjer der fagmiljøet held til, du får dermed god kontakt med våre forskarar,  master- og ph.d.-studentar.   

Undervisning og arbeidsmengde 

I ei typisk veke på bachelorstudiet vil du bruke mest tid på forelesingar, lab-øvingar og rapportskriving. I tillegg er det undervisning med aktiv deltaking, kollokviegrupper, presentasjonar, data-lab, ulike oppgåver og eigenstudium. 

Undervisinga er på norsk, men nokre emne blir undervist på engelsk. Litteraturen er på engelsk. 

Det vil variere kor mykje tid du vil bruke på undervisning kvar veke. Dette kjem an på valemne og studiesemester. Men dei aller fleste emne har undervisning du må vere med på, så du må minimum rekne med å være på campus nokre timar kvar dag. I semester med laboratorieundervisning må du rekne med  fulle dagar på lab-en fleire dagar i veka. 

Dette studiet har ikkje praksis, men du kan velje å ta ei praktisk prosjektoppgåve (10 sp) hos ei forskingsgruppe på instituttet i siste studieåret av bachelorgraden. 

Studentane i molekylærbiologi driv studentorganisasjonen Helix

Meir informasjon under

Molekylærbiologi: Fra klima til sykehus

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Produsent:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

 

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi tilrår at du drar ut i femte og/eller sjette semester.  

Det er vanleg å reise til Australia, New Zealand, Hong Kong, USA med Hawaii, Storbritannia, Canada og Sør-Afrika. Du kan òg reise på Erasmus-stipend innan Europa, eller ta eit studiesemester på Universitetssenteret på Svalbard. Utover dette kan du fritt velje avtale blant dei sentrale utvekslingsavtalane til UiB og utvekslingsavtalane til instituttet som du finn i avtaledatabasen til UiB

Slik går du fram for å reise på utveksling. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALFA: 

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og eitt av følgande krav

  • Matematikk R2 eller
  • Fysikk 1 og 2 eller
  • Kjemi 1 og 2 eller
  • Biologi 1 og 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
  • Geofag 1 og 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 og 2

Vi tilrår i tillegg at du har Kjemi 1 og Kjemi 2 frå vidaregåande skule.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her