Hjem
Utdanning

Studieplan for BAMN-MOL Molekylærbiologi, bachelor, 3 år, vår 2020

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål

Målet med studieprogrammet er å gje studentane ei brei og basal forståing av molekylærbiologiske metodar og tenkemåtar basert på kjemisk analyse slik at dei kan bruka kunnskapen til undervisning i molekylærbiologi, byrje å arbeide i eit laboratorium eller til vidare studiar i molekylærbiologi eller tilgrensande fag som biologi, kjemi eller biomedisin.

Innhald

Studiet gjev ei oversikt i moderne molekylærbiologi og tek opp tema som metabolisme, molekylær cellebiologi, eksperimentell molekylærbiologi, genstruktur og -funksjon og anvendt bioinformatikk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har gode basiskunnskapar i kjemi og matematikk
  • har brei kunnskap om viktige molekylærbiologiske faguttrykk og prosessar som til dømes makromolekylar og deira funksjonar, metabolske prosessar og omsetjing av genetisk informasjon til biologisk funksjon
  • kjenner til evolusjonsteorien og det molekylærbiologiske dogmet
  • har kunnskap til molekylærbiologiske modellorganismar
  • har brei kunnskap om molekylær cellebiologi
  • har brei kunnskap om viktige molekylærbiologiske, biokjemiske og bioinformatiske metodar som til dømes genteknologi, proteinreinsing og sekvensanalysar og kjenner prinsippa for desse
  • kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan ansvende kunnskap om molekylærbiologi og cellebiologi i ein biologisk kontekst
  • kan utføre enkle molekylærbiologiske og biokjemiske forsøk i tråd med forkningsetiske normer
  • kan nytte bioinformatiske verktøy i ein biologisk og molekylærbiologisk samanheng
  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon og evner å vurdere kjelder og etikk på ein kritisk måte
  • har kunnskap innan programmering, og kan anvende dette til databehandling og problemløysing innan molekylærbiologi
  • skal kunne handtere kjemsike sfott og biololgisk materiale og forstå risikoer knytta til desse, med fokus på helse, miljø og sikkerheit (HMS)

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante molekylærbiologiske og etiske problemstillingar
  • kan formidle molekylærbiologisk kunnskap både munnleg og skriftleg
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder innan molekylærbiologi

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:

Matematikk R2 eller

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Tilrådde forkunnskapar

Vil tilrår at du har kunnskapar som tilsvarar Kjemi 1+2 og /eller Biologi 1+2 i tillegg til matematikk.

Innføringsemne

Ex.phil, MAT101/MAT105 og INF100

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., MAT101/MAT105, INF100, MOL100, MOL200, MOL201, MOL221, MOL222, MOL203, MOL204, KJEM110, KJEM130, og eitt valemne i statistikk eller matematikk.

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i molekylærbiologi er på til saman 100 studiepoeng som består av følgjande emne: MOL100, MOL200, MOL201, MOL221, MOL222, MOL203, MOL204, KJEM110, KJEM130, eitt valemne i statistikk eller matematikk.

Tilrådd studieplan:

1. semester haust: KJEM110, MAT101/105 og MOL100

2 semester vår: INF100, KJEM130 og MOL221

3 semester haust: MOL200, MOL203 og MOL204

4 semester vår: MOL201, MOL222 og STAT101/matematikkvalg

5 semester haust: tre valemne

6 semester vår: EXPHIL og to valemne.

Utveksling passar best i 5. semester

Tilrådde valemne

Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet: MOL210, MOL213, MOL214, MOL231 og MOL270. Andre relevante valemne: KJEM131, KJEM120, KJEM122, KJEM140, KJEM202, KJEM210, KJEM260, BIO100, BIO103, BIO215, BIO216, BIO271, BINF100, PHYS101, MAT102, MAT121, STAT101 og STAT110. Andre emne i kjemi, matematikk, statistikk, informatikk, fysikk og biologi med meir kan òg vere relevante. Studentane står fritt til å gjere andre val av emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emna finn du under overskrifta «Spesialisering».

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet, og utreise passer spesielt godt i 5. semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og kollokvier. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i form av lab-rapportar, deleksamen, semesteroppgåver, skriftleg- og munnleg eksamen og mappevrudering. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gjev grunnlag for masterstudiar innan relevante fagområde. For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Med utdanning innan molekylærbiologi kan du arbeide innan forsking og undervising på universitet og statlege høgskular, universitetssjukehus og andre større sjukehus. Molekylærbiologar jobbar òg innan til dømes matforsking, petroleumindustri, marin forsking, rettsgenetikk. Miljøforsking, medisinsk, farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking er òg aktuelle arbeidsfelt.

 

Med ein bachelorgrad i molekylærbiologi har du eit godt grunnlag for å gå vidare på masterstudium i molekylærbiologi eller andre tilknytte fagområder. Dersom du avsluttar studiane etter fullført bachelorgrad, er det breidda i realfagsbakgrunnen som er ditt største konkurransefortrinn.

Du kan lese meir om kva molekylærbiologar arbeider med her: http://www.uib.no/mbi/utdanning/bachelorstudent-ved-mbi/hva-blir-man-som-molekylaerbiolog.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no