Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap.

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i nanoteknologi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart - semester

Progammet er utgått.

Mål og innhald

Mål:

Bachelorprogrammet i nanoteknologi har som mål å gi ei grundig teoretisk forståing og praktisk kompetanse innan den naturvitskaplege basisen for nanoteknologi. Vidare skal studiet gjennom døme og arbeid på moderne laboratorium, gi ei solid innføring i det særmerkte for nanovitskap og nanoteknologi. Studenten vil også møte etiske og samfunnsmessige problemstillingar knytt til teknologi.

Innhald:

Teknologiske nyvinningar har gjort det råd å måle og systematisk endre strukturar og prosessar som skjer på ein skala frå 0,1 til 100 nanometer. Dette opnar for heilt spesielle eigenskapar som ofte er styrt av kvantemekanikken sine lover. Medan nanovitskapen er oppteken av korleis ein kan oppnå ønskte eigenskapar gjennom manipulasjon på nanometer-skala, handlar nanoteknologi om praktisk utnytting av material, strukturar og komponentar basert på nanovitskap.

Bachelorprogrammet i nanoteknologi gir eit tverrfagleg solid grunnlag i matematikk, fysikk og kjemi. Det er og mogleg å velja ei grundig innføring i molekylærbiologi. I eigne NANO-emne blir nanoteknologien sett i perspektiv, nanoteknologisk instrumentering blir demonstrert og teken i bruk av studentane, nanomaterial blir syntetiserte og karakteriserte. Studentane blir og introdusert til den nanoteknologiske forskinga som går føre i forskningsrupper på fleire av institutta og fakulteta på universitetet. Mot slutten av studiet er det mogleg å gjennomføre eit sjølvstendig nanoteknologisk retta prosjekt under rettleiing.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan gjere greie for kvalitative og kvantitative modellar sentrale innan nanovitskap og teknologi, særskild innan fysikk og kjemi.
  • kan gi døme på nanoteknologiske produkt og prosessar, og forklare korleis ønskte og uønskte eigenskapar blir bestemt av struktur og prosessar på nanoskala
  • kan følgje etablerte protokollar for framstilling og karakterisering av nanostrukturerte material i tråd med gjeldande reglar for sikker laboratoriepraksis
  • har ei god generell naturfagleg forståing og basiskunnskapar innan fysikk, kjemi, matematikk og informatikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan drøfte nanovitskaplege fenomen og eigenskap-struktursamanheng ved hjelp av forklaringsmodellar frå dei grunnleggjande naturvitskapane samt matematikk
  • kan bruke moderne vitskaplege analyseinstrument innan nanoteknologi
  • kan følgje etablerte protokollar for framstilling og karakterisering av nanostrukturerte material i tråd med gjeldande reglar for sikker laboratoriepraksis
  • kan undersøke og dokumenter eigenskapar til eit gitt system på ein systematisk og reproduserbar måte, og tolke resultata i forhold til relevante teoriar
  • kan tolke, evaluere og samanlikne informasjon og data om nanoteknologiske system
  • kan nytte programmering til å løyse grunnleggande problem i nanoteknologi
  • kan presentere resultat frå eigne undersøkingar både munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planlegge og utføre praktisk laboratoriearbeid og nytte vitskapleg instrumentering
  • kan gjennomføre og dokumentere eksperiment i samhøve med vitskaplege standardar, samt tolke resultata frå desse
  • er bevisst på kvalitet av eige og andre sitt arbeid og kan nytte vanlege verktøy for kvalitetssikring
  • har høg bevisstheit omkring problemstillingar knytt til helse, miljø og sikkerheit (HMS) og kan nytte gode rutinar for sikkert arbeid
  • kan innhente påliteleg informasjon og nytte dette til å fornye og vidareutvikle eigen kompetanse
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar med ekspertise innan nanoteknologi, fysikk og kjemi
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar på med ikkje-ekspertar
  • kan nytte sine faglege kunnskapar for å løyse problemstillingar både aleine og i samarbeid med andre
  • har innsikt i og kan drøfte etiske og samfunnsmessige aspekt ved teknologi og forsking generelt, og nanoteknologi og nanoteknologisk forsking spesielt
  • har respekt for vitskaplege verdiar som openheit og pålitelegheit

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorstudiet i nanoteknologi er eit krevjande studium på eit høgt fagleg nivå. Vi tilrår ein brei realfagleg bakgrunn tilsvarande Fysikk 1, Kjemi 1 + 2 og Matematikk R1 + R2 frå vidaregåande skule.

Innføringsemne

EXPHIL og INF100

Obligatoriske emne

Ex.phil, INF100, KJEM110, KJEM120, KJEM221*, KJEM291, MAT111, (MAT102 eller MAT121), NANO100, NANO161, NANO244, PHYS111 og PHYS112, samt eitt av emna [KJEM124, KJEM243, PHYS114 eller (MOL200 eller MOL201))**.

*) PHYS201 kan erstatte KJEM221. Tilrådde forkunnskapar (PHYS118 og MAT121) blir ikkje oppnådd i tilrådd studieplan.

**) KJEM130 er forkunnskapskrav for KJEM124. KJEM130 må difor være fullført før ein kan melde seg til KJEM124.

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i Nanoteknologi er på til saman 110 studiepoeng som består av følgjande emne:

NANO100, NANO161, NANO244, KJEM110, KJEM120, KJEM221, PHYS111, PHYS112, MAT111, [MAT102 eller MAT121], samt eitt av emna [KJEM124, KJEM243, PHYS114 eller (MOL200 eller MOL201)].

Tilrådd studieplan frå og med hausten 2022:

1. semester: INF100, KJEM110, MAT111

2. semester: NANO100, PHYS111, MAT102/MAT121*

3. semester: KJEM221, PHYS112, valemne (MOL100)

4. semester: NANO161, KJEM120, valemne (PHYS114/MOL201/KJEM130)

5. semester: NANO244, valemne (KJEM124), valemne (MOL200/KJEM243/EXPHIL)

6. semester: NANO299, KJEM291, EXPHIL/valemne

*) MAT121 er tilrådd forkunnskap for KJEM221 og PHYS201

Tilrådde valemne

Desse emna er tilrådde valemne i studieprogrammet:

KJEM130, KJEM140, MOL100, BIO103, PHYS118, NANO299

Studentane står fritt til å gjere andre val av emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Spesialisering».

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Det er særlig lagt til rette for utveksling i 5.semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og nokre gonger munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer, bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Med utdanning innan nanoteknologi vil du blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar: Forsking, teknologisk industri, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting. Med ein bachelorgrad i nanoteknologi har du eit godt grunnlag for å gå vidare på masterstudium i nanovitskap. Dersom du avsluttar studiane etter fullført bachelorgrad, er det breidda i realfagsbakgrunnen som er ditt største konkurransefortrinn.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret for Nanoteknologi og nanovitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@nano.uib.no

Tlf 55 58 34 46.