Statistikk og data science, bachelor, 3 år
- Lengde3 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar10
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng180
- StartHaust
Innanfor statistikkfaget diskuterer vi spørsmål som:
- Stig den globale temperaturen?
- Aukar kraftliner sjansen for kreft?
- Kva er inflasjonsraten?
I løpet av bachelorprogrammet kjem du til å lære om statistikk og matematikk. Du kjem til å bruke mykje tid på å utvikle kunnskap innanfor sannsynsrekning, statistiske analysemetodar og generell matematikk. I tillegg kan du velje fag frå andre fagfelt, som økonomi, fysikk eller biologi. Vidare gjer studiet deg i stand til å analysere store mengder med data ved å bruke datamaskin og spesialisert programvare.
Som statistikar kjem du ofte til å arbeide saman med kollegaer frå fagfelt som medisin, biologi og økonomi for å finne svar på ulike problemstillingar, som utvikling av nye og betre medisinar. Matematikken og metodane du lærer på dette studiet, kjem difor til å vere praktisk retta.
Meir informasjon under
Jobb
Statistikk er framtidsretta og ettertrakta kompetanse som gir deg mange moglegheiter. Behovet for kunnskap innanfor statistikk er forventa å auke i tida framover.
I dag er det mangel på statistikarar, og det vil med stor sannsynlegheit også vere stor etterspørsel etter dei som kan matematikk og statistikk i tida framover. Med denne utdanninga har du evne til tenke strukturert og analytisk, tileigne deg ny kunnskap, og å sette deg inn i kompliserte problemstillingar.
Du kan til dømes arbeide innan:
- industri
- olje- og gass
- finans
- medisin
- forsikring
- offentleg forvaltning
- forsking
Våre studentar har til dømes fått jobb ved Havforskingsinstituttet, Helse Vest, Haukeland Sjukehus, Det Norske Veritas, Scandpower, Safetec, Folkehelseinstituttet, Gearbulk, Storm og UiB. Vel du studieretninga Finansteori og forsikringsmatematikk vil du også kunne kvalifisere deg som aktuar.
Dei mest interessante arbeidsoppgåvene krev vanlegvis at du har ein mastergrad, og dei fleste vel å studere vidare etter at dei er ferdig med bachelorgraden.
Etter ein bachelorgrad i statistikk vil du vere kvalifisert til ei rekke masterprogram som masterprogrammet i Statistikk, Anvend og utrekningsorientert matematikk eller Energi, avhengig av valemne.
Les meir om kva du kan jobbe med her
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i statistikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik kan studiet sjå ut:
Semester 1
- INF100: Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- MAT111: Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
- STAT100 Introduksjon til data science med R (10 studiepoeng)
Semester 2
- MAT112: Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
- MAT121: Lineær algebra (10 studiepoeng)
- Valfritt emne * (10 studiepoeng)
Semester 3
- STAT110: Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
- Valfrie emne *(10 studiepoeng)
- Valfrie emne *(10 studiepoeng)
Semester 4
- MAT131: Differensiallikningar (10 studiepoeng)
- EXPHIL: Examen philosophicum: Seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
- STAT111: Statistiske metodar (10 studiepoeng)
Semester 5
- STAT220: Stokastiske prosessar eller Valfrie emne (lenke) (10 studiepoeng)
- Valfritt emne * (10 studiepoeng)
- Valfritt emne * (10 studiepoeng)
Semester 6
- STAT292: Prosjektarbeid i statistikk (10 studiepoeng)
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
- STAT210 ** Statistisk inferensteori (10 studiepoeng)
* ett av valgemne må inneholde STAT200, STAT201, STAT202, STAT211, STAT250 eller MAT211 eller det av STAT210/STAT220 som ikke allerede er tatt.
** Kun ett av STAT210 og STAT220 er obligatorisk.
Studiekvardag
Faggruppa i statistikk ved matematisk institutt er eit av dei største fagmiljøa i Noreg på dette feltet. Vi samarbeider med andre miljø i utlandet, og som student blir du oppmoda om å reise på utveksling.
Som student i statistikk, høyrer du til på Det matematisk- naturvitskaplege fakultet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Du vil ha undervisning og tilgang på lesesalar på Realfagbygget.
På dette studiet er det tre emner per semester, og kvart av desse emna har som hovudregel fire timar forelesing og to-fire timar reknegruppe/seminar. Du må altså rekne med 18-24 timar undervising i veka.
Dette er eit program med mykje valfridom. Du står fritt til å velje 70 studiepoeng med valemne, tema for bacheloroppgåva og utveksling, slik at du kan tilpasse studiet dine yrkesplanar og interesser.
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer eg?
Etter ferdig bachelorgrad kan du:
- bruke eit vidt spekter av metodar for analyse og modellbygging innan statistikk.
- meistre klassiske matematiske felt som kalkulus og lineær algebra.
- meistre grunnleggjande programmering.
Full liste med læringsutbyte.
Utveksling
Som bachelorstudent i statistikk vert du oppmoda til å reise på utveksling i eitt eller to semester. Det er siste året, altså femte og sjette semester, som er best eigna for utanlandsopphald. Du kan til dømes reise til USA, Tyskland, Hong Kong, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike eller Danmark.
Slik søker du om å reise på utveksling.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Søknadsfristen er 15. april.