Hjem

Utdanning

Bachelor

Tannpleie, bachelor, 3 år

  • Lengde3 år
  • Poenggrense47,2 / 40,4
  • Studieplassar32
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng180

Ny student

Ny student

Velkommen som ny student ved Det medisinske fakultet hausten 2018!

Det er mykje du som ny student skal sette deg inn i når semesteret begynner. På desse sidene finn du nyttig informasjon som hjelper deg til ein god studiestart.

Studiestart for bachelorprogram i tannpleie er mandag 13. august kl. 09.00 i Stort auditorium på Haukeland Universitetssjukehus.

På Det medisinske fakultet er det obligatorisk oppmøte til første studiedag. Om du ikkje møter denne dagen kan du risikere å miste studieplassen din. Har du spørsmål om du har gyldig grunn til fråver, ta kontakt med Informasjonssenteret på info@med.uib.no

Nyttige lenker for deg den første tida:

Politiattest:

Studentar på bachelorprogram i tannpleie må levere politiattest ved opptak til studiet. Politiattest søker du om elektronisk på www.politi.no. Politiattesten skal leverast i fakultetet sitt Infosenter, og må ikkje vere eldre enn 3 månader. Les meir om politiattest.

Taushetsløfte:

Studentar som blir tatt opp til bachelorprogram i tannpleie er pliktige til å underskrive eit taushetsløfte. Taushetsløftet signerer du elektronisk på Studentweb. Les gjennom taushetsløftet, og kryss av for at du har forstått dette i Utdanningsplan del 1.

Vaksine og medisinsk-testing

I forbindelse med klinisk praksis og laboratoriearbeid kan du bli utsatt for smitte. Du kan også risikere å smitte pasienter. Vi anbefaler derfor at du lar deg vaksinere mot hepatitt B om du ikkje er vaksinert frå før. Har du mistanke om at du kan være smitta av antibiotikaresistente gule stafylokokkar (MRSA) eller tuberkulose har du også ein lovpålagt plikt til å la deg teste. Les meir om vaksine og

medisinsk testing .

Tannpleie

Produsent:
Martin Nyhammer
Amalie Gjerde Utheim

Introduksjon

Introduksjon

Tennene er noko av det første vi legg merke til når vi møter kvarandre, og alle ønsker å behalde friske tenner heile livet. Med ein bachelorgrad i tannpleie arbeider du med å førebygge sjukdom i tenner hos barn, vaksne og eldre.

Noko av det viktigaste du gjer som tannpleiar, er å sørge for at alle får den kunnskapen dei treng for å ta best mogleg vare på tannhelsa si.

Bachelorgraden i tannpleie er både teoretisk og praktisk retta, og du lærer teori og praksis parallelt gjennom heile studiet. Den teoretiske delen av studiet inneheld for eksempel kjemi, fysiologi, anatomi, pedagogikk og mange odontologiske fag. Kommunikasjon og omsorg for pasientar, rådgjeving og informasjonsarbeid er også viktige fagområde du blir kjent med gjennom studiet.

Livet som tannpleiarstudent er interessant, utfordrande og travelt med mykje obligatorisk undervisning. Du samarbeider tett, og blir godt kjent med dei andre studentane. Du blir ein del av eit godt studentmiljø med mykje aktivitet, både fagleg og sosialt.

Du har også tilgang til eit nytt og høgteknologisk odontologibygg, der du møter den nyaste teknologien innanfor tannhelse både i ferdigheitssenteret og i universitetstannklinikken.

I den praktiske delen av studiet behandlar du pasientar både i tannklinikken og i den offentlege tannhelsetenesta, etter å ha trena på modellar i ferdigheitssenteret. Du lærer blant anna å undersøke tenner og tannkjøtt, finne hol i tennene, ta røntgenbilde, fjerne tannstein og du bidrar til å behandle tannkjøttsjukdommar.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Tannpleiarar arbeider både i offentleg og privat sektor. Nokre tannpleiarar arbeider som sjølvstendig næringsdrivande på eigen tannklinikk, andre i privat praksis eller i den offentlege tannhelsetenesta.

Tannpleiarar arbeider også på skolar, helsestasjonar og andre institusjonar. Nokre forskar, underviser eller jobbar med administrasjon. Tannpleiarar samarbeider ofte tett med andre helsearbeidarar.

Arbeidsmoglegheitene for tannpleiarar er gode. Du får eit yrke som er rikt på utfordringar, og du speler ei viktig rolle i tannhelseteamet.

Vidare studium

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i helsefag. Ved UiB kan du for eksempel ta master i helsefremmande arbeid / helsepsykologi (lenke), genetisk rettleiing (lenke) eller global helse (lenke).

Med nokre tillegg i utdanninga kan du søke på masterstudia i biomedisin (lenke) eller human ernæring (lenke).

Forsking

Du kan forske på mange spennande emne innanfor førebyggande tannhelse. UiB har eit eige senter som forskar på helsefremmande arbeid, miljø og livsstil (HEMIL-senteret). Senteret er leiande i Norden på dette fagområdet.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskaper
Kandidaten skal kunne redegjøre for relevante emner innen prekliniske, parakliniske, kliniske og atferdsfaglige disipliner. Han/hun skal spesielt kunne greie ut om sosialt forankret sykdomsforståelse med relevans til orale sykdommer/tilstander.

Ferdigheter
Kandidaten skal kunne kommunisere med pasienter og grupper av pasienter med tanke på atferdsendringer, formidling og ulike kliniske tema (informasjon om behandling) via ulike medier.

Kandidaten skal kunne arbeide klinisk med tanke på diagnostikk, screening, profylakse, hygienefasearbeid, og vedlikeholdsbehandling både på gruppe og individnivå.  

Generell kompetanse
Kandidaten skal kunne sin rolle innen helseteamet (tannklinikker, sykehjem, sykehus etc.) og kunne demonstrere adekvate holdninger og evner med hensyn til etikk, respekt, profesjonalitet, samarbeid og livslang læring. Kandidaten må kunne vurdere kritisk egen virksomhet/praksis.

Oppbygging

Oppbygging

Det første studieåret blir det lagt vekt på å utvikle ein odontologisk yrkesidentitet. Det blir også gitt innføring i grunnleggande medisinske og odontologiske fag som kjemi og biokjemi, anatomi, fysiologi og farmakologi. Noko kjennskap til realfag vil vere ein fordel.

Du lærer om grunnleggande prinsipp og tekniske ferdigheiter som er nødvendige for å kunne undersøke, diagnostisere og legge behandlingsplanar for helsefremmande tiltak og førebyggande tannbehandling hos vaksne pasientar. Alt i 2. semester startar du opp med behandling av pasientar.

I 2. og 3. studieår går ein djupare inn i dei odontologiske faga, og i emne som barnetannpleie og allmennodontologi samarbeidar tannpleiestudentar og odontologistudentar. I 3. studieår skal du hospitere på sjukeheim/aldersheim og ha ein månad praksis i den offentlege tannhelsetenesta. Du skal òg skrive ei bacheloroppgåve, og presentere denne munnleg.

Bachelorprogram i tannpleie (krav 180 SP)
Emne som tek til 1. studieår
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
TPBAKBKKjemi og biokjemi101
TPBAANAAnatomi: Tannanatomi og generell anatomi101–21
TPBAFOR-PROPFerdighetskurs101
TPBAFORI/IIKlinisk innføringskurs del I og II51
TPBAMATMateriallære 01
TPBAFARFarmakologi52–32
TPBARØNRøntgenologi102–32
TPBAFYSFysiologi og ernæringslære52
TPBAPATPatologi generell 52
TPBAMIKRMikrobiologi og hygiene52
TPBAFOBOdontofobi02
TPBAFOR-K1Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 102
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MOEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101
EXPHIL-MOSEMExamen philosophicum - seminarmodell101
Emne som tek til i 2. studieår
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
TPBAINFILKurs i infiltrasjonsanestesi 53
TPBAKOSKjeve- og slimhinnelidelser103
TPBAPEDPedodonti + godkjent klinikk153–53
TPBAPED/PSYPedagogikk og psykologi153–53
TPBAKAR/ENDKariologi og endodonti 153–43
TPBAPERPeriodonti103–43
TPBAKJEKjeveortopedi53
TPBASAMSamfunnsodontologi54–64
TPBAPRO/GERProtetikk og gerodontologi + godkjent klinikk54–64
TPBAALMAllmennodontologi104–64
Emne som tek til i 3. studieår
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
TPBAPROSJProsjektoppgåve105
TVEPSTverrprofesjonell læring05–65
TPBAFOR-K3Førebyggjande tannhelsearbeid; vaksentannpleie kull 305–65
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Gjennom opphald på utanlandske universitet får du sjansen til å oppleve fagmiljø som fungerer annleis enn her heime. Opphaldet gir kunnskap om andre tenkemåtar som du kan bygge vidare på i yrkeslivet. Utvekslinga er tilpassa den siste delen av profesjonsstudiet der du jobbar relativt sjølvstendig i klinisk teneste.

Les meir om utveksling her:
Informasjon om utveksling


Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO)..

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

COLOURBOX4539350 redigert.jpg

Tannpleie
Foto:
Colourbox

Mer informasjon

Om programmet

Studiekode i Samordna opptak
184743

Les heile studieplanen

Kontakt

Det medisinske fakultet