Hjem

Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi

På bachelorstudiet i arbeids- og organisasjonspsykologi lærer du om korleis eit godt arbeidsmiljø påverkar trivsel, helse og produktivitet på ein arbeidsplass.
  • Lengde3 År
  • Ordinær56
  • Primær50,5
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Arbeidslivet er ein av våre viktigaste arenaar i dag. Gjennom arbeidet møter vi andre, realiserer oss sjølve og utviklar oss som menneske. På arbeidsplassen kan vi oppleve medgang og meistring, men også stress, mobbing og utbrenning.  

På bachelorstudiet får du inngåande kunnskap om korleis du kan få verksemder til å forstå at menneska er den viktigaste ressursen dei har, og hjelpe dei med å utvikle dei tilsette ved å ta omsyn til både yteevne og sjølvrealisering. 

På studiet spør vi:  

  • Kva er avgjerande for eit godt arbeidsmiljø?  
  • Korleis handlar og reagerer enkeltindividet på ulike sider i arbeidslivet?  

Det finst verkemiddel ein kan nytte for å utvikle både enkeltmenneske, grupper og organisasjonar. Og det finst ting ein kan gjere for å førebygge og handtere problem som oppstår på arbeidsplassen. Det lærer du meir om på bachelorstudiet. 

Karriere 

Våre tidlegare bachelorstudentar i arbeids- og organisasjonspsykologi har fått jobb innanfor felt som: 

  • utvikling og leiing av menneske i organisasjonar 
  • personalleiing, rekruttering, kompetanseutvikling og helse, miljø og tryggleik 
  • organisasjonskonsulentar 
  • forsking og utdanning 

Studiet er også aktuelt for deg som ønsker ei vidareutdanning, fordjuping og spesialisering innan organisasjon og arbeid. 

Etter denne bachelorutdanninga kan du søke deg vidare til seks masterprogram ved Det psykologiske fakultet:

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB. Obligatoriske emne på studiet er 30 studiepoeng innføringsemne, og 120 studiepoeng spesialisering i arbeids- og organisasjonspsykologi.  

1. semester:

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp)
  • PSYK112 Sosial- og personlegdomspsykologi (10 sp)
  • PSYK113 Innføring i metode (5 sp)

2. semester:

  • PSYK106 Personalpsykologi (15 sp)
  • PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (15 sp)

3. semester:

  • PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi (30 sp)

4. semester:

  • PSYK202: Metode (15 sp)
  • PSYK210 Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi (5 sp)
  • Ex.phil. (10 sp)

5. semester:

  • Valfrie emne (30 sp) eller utlandsopphald

6.semester:

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen 

På bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi blir du del av eit inkluderande studentmiljø. Studentane våre set pris på at utdanninga er så relevant for arbeidslivet, med praksisnære fag.  

Studiet består av: 

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Bacheloroppgåve 
  • Sjølvstudium 

I ei vanleg veke kan du ha mellom 2-10 timar undervisning, og du har generelt stor fridom til å planlegge kvardagen din. Fleire av emna har obligatoriske undervisningsaktivitetar, som må vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet. Totalt må du rekne med å bruke omtrent like mykje tid på studiet som på ein fulltidsjobb. Litteraturen og undervisninga er på norsk og engelsk. 

Eitt semester, 30 studiepoeng, består av valfrie emne. Det vil seie at du innanfor visse rammar kan velje blant alle emne som blir tilbydde på UiB. Du kan også nytte semesteret til å reise på utveksling.

Du vel tema for bacheloroppgåva sjølv. I arbeidet med denne oppgåva har vi eigne workshops der du arbeider med å konkretisere eigne forskingsspørsmål. 

Som student i arbeids- og organisasjonspsykologi vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Du kan lese på fakultetet sine lesesalar i Christies gate 12 og i lesesalar i U. Pihls hus. På fakultetet er det også grupperom som kan nyttast. 

Les om korleis studentane våre har det

Kva lærer du? 

Med ein bachelorgrad  arbeids- og organisasjonspsykologi har du: 

  • Kunnskap om og forståing for sentrale omgrep, teoriar og modellar innan fagområdet  
  • Forståing for korleis vi kan studere og forklare fenomen på individ-, dyade-, gruppe- og organisasjonnivå og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre. 
  • Evne til å anvende individuelle, gruppebaserte og organisasjonsperspektiv i analyse og beskriving av relevante fenomen. 

Les heile lista over læringsutbyte for dette studiet

Utveksling 

På bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester, og tar dine valfrie studiepoeng (30 sp) i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for få nye perspektiv og erfaringer frå ein anna kultur og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange avtalar med anerkjente universitet i og utenfor Europa, og du kan velje å utveksle til  utdanningsinstitusjonar i Norden, i Europa, eller utenfor Europa som er særleg relevant for deg som studerer arbeids- og organisasjonspsykologi, som til dømes USA, Canada, Australia, New Zealand, og Sør-Afrika. 

Studentar vel ofte utveksling til universitet der dei har moglegheit til å ta kurs som dei ikkje får tilbud om ved UiB, som til dømes entreprenørskap, innovasjon, HR, økonomi, m.m. Reiser du på utveksling gjennom Erasmus+ programmet til land i Europa må du som regel ta halvparten av dine kurs innen fagområdet psykologi. Internasjonal erfaring og språk verdsettast høgt av stadig fleire arbeidsgivarar. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

Du søker studiet gjennom Samordna opptak innan 15. april. 

Søk her