Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i spesialpedagogikk

Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogram i spesialpedagogikk ved Universitetet i Bergen byggjer på fagområda pedagogikk, spesialpedagogikk, utviklingspsykologi, læringspsykologi og logopedi, for å gje eit bredt fagleg fundament for å kunne arbeide systemretta og individorientert med tenester for personar med ulike føresetnader for læring. Som sjølvstendig utdanning skal eit bachelorprogram i spesialpedagogikk også kunne kvalifisere til å gå inn i spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, skule og andre læringsarenaer. Studieprogrammet gir kompetanse til å vurdere kartleggingsinstrument som inngår i spesialpedagogisk verksemd. Gjennom studiet får kandidatane kunnskap om lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske arbeidet. Studieprogrammet skal også kunne gje grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).

Studiet skal, gjennom å utnytte forsking og ekspertise på feltet, formidle forståing for normalitet og avvik i læringsprosessar, gje forståing for kartlegging av ulike læringsføresetnader, forberede for praktisk spesialpedagogisk verksemd på individ og systemnivå gjennom profesjonelt samarbeid. Studiet har som mål å gje studentane innsikt i korleis faget utviklar seg og korleis dei på ein profesjonell måte kan bidra til vidareutvikling av spesialpedagogisk praksis.

I starten av studiet blir det lagt vekt på å gje studentane grunnleggande kjennskap til ulike delar av det spesialpedagogiske kunnskapsfeltet; generell utviklingspsykologi og språkutvikling; ulike perspektiv på læring; normalitet, variasjon og ulike føresetnader for læring; testteori og forskingsmetode. Siste halvdel av studiet er spesialisering mot logopedi, pedagogikk eller psykologi, samt profesjonskunnskap og bacheloroppgåve. 100 timars praksis vert integrert i studiet og arbeids- og vurderingsformene vil reflektere både praktisk og teoretisk tilnærming.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten ..

  • Har brei kunnskap om ulike føresetnader for læring og har grunnleggande kunnskapar om sentrale omgrep som normalisering, førebygging, tidleg innsats, inkludering og tilpassa opplæring, både på individ og systemnivå
  • Har kunnskap om og forståing for sentrale problemstillingar innan fagområda pedagogikk, psykologi og logopedi med relevans for spesialpedagogikk
  • Kan forstå korleis ei spesialpedagogisk problemstilling kan studerast og forklarast på fleire måtar, og vurdere ulike forklaringar opp mot kvarandre
  • Har kjennskap til sentrale lovverk og styringsdokumenter som regulerer det spesialpedagogiske feltet
  • Har brei kunnskap om spesialpedagogikkens historie (logopediens historie) både som profesjon og disiplin, og kan halde seg oppdatert på fagområdet

Ferdigheiter

Kandidaten ..

  • Kan anvende fagleg kunnskap og relevante resultat frå kartlegging og utredning til å utarbeide individuelle (opplærings)planar
  • Kan anvende sentrale lovverk og relevante styringsdokument for spesialpedagogisk praksis
  • Kan gjennomføre litteratursøk og sette seg inn i og vurdere relevant faglitteratur
  • Kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa akademisk arbeid i tråd med faglege, metodiske og etiske retningslinjer

Generell kompetanse

Kandidaten ..

  • Kan reflektere kring etiske problemstillingar i spesialpedagogisk praksis
  • Kan arbeide sjølvstendig og formidle spesialpedagogisk kunnskap både skriftleg og munnleg
  • Kan reflektere kritisk omkring spesialpedagogikkens plass i samfunnet
  • Har profesjonell kompetanse som gjer at ein kan bidra til utvikling av det spesialpedagogiske fagfeltet

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

I tillegg må du levere gyldig politiattest ved semesterstart.

Innføringsemne

Ex.phil. (10 stp)

SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 stp)

Obligatoriske emne

PSYK114 Utviklings, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)

PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)

SPED101 Språkutvikling (15 stp)

SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)

PSYK207 Læring og atferdspsykologi (15 stp)

PSYK202 Metode (15 stp)

SPED200 Profesjonsdanning - system, lovverk og etikk (15 stp)

SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)

SPED211 Lese- og skrivevanskar (5 stp)

Spesialisering

Studiet gjer ei spesialisering i spesialpedagogikk, som består av desse emna:

SPED101

SPED102

SPED200

SPED250

PSYK202

SPED211

PED112

PSYK114

PSYK207

Tilrådde valemne

Programmet har 30 studiepoeng valfrie emne. Desse kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emne innanfor psykologi, helsefag, logopedi eller pedagogikk.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

SPED100 (15stp) Innføring i spesialpedagogikk

PED112 (15 stp) Pedagogiske perspektiv på læring

2. semester:

SPED101 (15 stp) Språkutvikling

PSYK114 (15 stp) Utviklings, kognitiv og biologisk psykologi

3. semester:

SPED102 (15 stp) Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis

PSYK207 (15 stp) Læring og atferdspsykologi

4. semester:

EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS (10 stp)

PSYK202 (15 stp) Metode

SPED211 (5 stp) Lese- og skrivevanskar

5. semester:

Valemne (30 stp)

6. semester:

SPED200 (15 stp) Profesjonsdanning - system, lovverk og etikk

SPED250 (15 stp) Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk

Delstudium i utlandet

På bachelorprogrammet i spesialpedagogikk er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester, og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå ein anna kultur og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom, og du kan sjølv velge om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa, eller til land utanfor Europa som er særleg relevant for deg som studerer spesialpedagogikk. Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, og det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer, mellom anna bruk av digitale læringsressursar, problembasert læring (PBL) og tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. I tillegg inngår det ein praksisdel, der studenten skal observere og sjølv utøve spesialpedagogisk arbeid.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet nyttar ulike kombinasjonar av vurderingsformer. Sjå dei enkelte emnebeskrivelsane for nærare detaljar om vurderingsform.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført bachelorgrad i spesialpedagogikk kvalifiserer for opptak til masterstudium i pedagogikk ved UiB. Studiet kan òg kvalifisere for opptak til andre masterstudium ved Det psykologiske fakultet.

Føresett at obligatoriske logopediemne vert tatt som valemne, kan studentar med bachelor i spesialpedagogikk vere kvalifisert til opptak for master i logopedi ved UiB.

Studiet kan kvalifisere for opptak til master i spesialpedagogikk ved andre lærestader.

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelor i spesialpedagogikk gir moglegheit for jobb i område der kompetanse innan læring og utvikling er relevant. Kandidaten har ikkje formell undervisningskompetanse, men kan arbeide i ulike typar stillingar i barnehage, skole, SFO, omsorgsboligar osb. Andre aktuelle arbeidsarenaer kan være kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren eller velferdsforvaltninga.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no. I tillegg vil programmet fylgje Det psykologiske fakultet sine retningslinjer for deltakande evaluering.

Skikkavurdering og autorisasjon

Søkere til utdanninger hvor studenter kan komme i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning eller praksisstudier, skal legge frem politiattest som nevnt i politiregisterloven § 39 første ledd i forbindelse med opptak.

Studenter på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk skal skikkethetsvurderes under hele studiet, jf. forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

studierettleiar.psyfa@uib.nostudierettleiar.psyfa@uib.no

studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10