Hjem

Kunstig intelligens, bachelor, 3 år

I kunstig intelligens lærer du å programmere og korleis vi kan lage program som oppfører seg intelligent. Med ein bachelorgrad får du kraftige verktøy til å skape innovative løysingar og bidra til verdiskaping.
  • Lengde3 År
  • Ordinær54,3
  • Primær49,5
  • Plassar30
  • OpptakskravMATRS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Kunstig intelligens (KI) blir brukt i alt frå ryggesensorar og bildegjenkjenning til automatisk saksbehandling av lånesøknader. Teknologien er i kraftig vekst og vil prege utviklinga av samfunnet.  

Som student lærer du kva intelligente maskinar er og korleis dei blir til. Du vil bruke datakunnskap og informasjonsvitskap til å lære datamaskinar å  løyse oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.  

Når teknologien blir brukt på stadig fleire område, må vi stille større krav til etikk og berekraft. Ein bachelorgrad i kunstig intelligens gir deg kraftige verktøy for innovasjon og verdiskaping innan alt i frå spelutvikling og investeringsanalysar til miljøvennleg byplanlegging og betre offentlege tenester. 

I kunstig intelligens er vi interesserte i korleis maskinar kan lære frå eksempel og korleis vi kan 

  • framvise informasjon og kunnskap slik at ein maskin kan dra nytte av han 
  • spesifisere eit problem og lage automatiske løysingar 
  • automatisere avgjerder og samhandling mellom menneske og maskin  
  • sikre at teknologi vert brukt til det beste for enkeltmenneska 

Bachelorprogrammet kombinerer emne i matematikk, praktisk datamaskinprogrammering og samfunnsvitskap. I tillegg til forelesingar vil du jobbe individuelt og i grupper med prosjektarbeid.  

Studiekvardag 

Du blir del av eit godt og aktivt studentmiljø ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet).  

Mykje av undervisninga vil gå føre seg på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus), i realfagsbygget og Høyteknologisenteret. Du har tilgang på lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på MatNat-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.  

Du blir dessutan ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar gjennom studentane sitt eige fagutval. 

I eit typisk semester tar du tre emne. Kvart emne har vanlegvis ei forelesing i veka. Du har også lab eller seminar i små grupper to gonger kvar veke.  På lab gjer du praktisk programmering på datamaskin med hjelp frå ein lab-assistent. På seminar løyser du oppgåver ved bruk av teoretiske verktøy. 

Gjennom semesteret vil du gjere både individuelt arbeid og arbeid saman med andre i grupper. Du vil få  omfattande støtte frå forelesarar, seminarleiarar og lab-assistentar, men du må også ta mykje ansvar for å lære sjølv og for å planlegge tida di. 

Meir informasjon under

Bachelor i kunstig intelligens

Produsent:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Dette er det einaste bachelorprogrammet i kunstig intelligens i Noreg. Kunstig intelligens er no i den spede starten på å bli ein del av dagleglivet vårt. Ferdigheiter innan kunstig intelligens er i ferd med å vere avgjerande for utvikling av nesten alle typar programvare - du kan arbeide som programvare- eller produktutviklar for KI-relaterte produkt.  

Kompetanse innan programmering og kunstig intelligens er etterspurt i alle sektorar. Kunstig intelligens kombinert med kurs i matematikk, praktisk datamaskinprogrammering og samfunnsvitskapgir deg ein brei kompetanse som er aktuell på tvers av mange sektorar. 

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og dokumentere Matematikk (MATRS R1 eller S1+S2)

Søknadsfristen er: 15. april. 

Studiets oppbygging

Bachelorgraden i kunstig intelligens er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.

1. semester, haust

2. semester, vår

3. semester, haust

4. semester, vår

  • Utvekslingssemester / Frie studiepoeng (30 studiepoeng)

5. semester, haust

6. semester, vår

På bachelorprogrammet er dei fleste emna (faga) obligatoriske, men graden inneheld også frie studiepoeng, der du kan velje fag sjølv. Du kan også ta spesialisering innan informatikk eller informasjonsvitskap.  I det fjerde semesteret er det tilrettelagt for å reise på utveksling eller ta frie studiepoeng. Dette gir deg moglegheiter til å forme graden din ut frå eigne interesser. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

I det fjerde semesteret anbefaler vi deg å reise på utveksling. Dersom du ikkje vel å reise ut, kan du ta frie studiepoeng ved UiB som ikkje overlappar med dei obligatoriske emna i programmet. 

Vidare studiemoglegheiter

Du kan gå vidare med ein mastergrad i informatikk, informasjonsvitskap eller andre relaterte fag, mot ein karriere innan forsking, undervisning eller konsulentverksemd. Forskinga er ikkje avgrensa til informatikk eller informasjonsvitskap. Kunstig intelligens er i aukande grad viktig for å forstå samfunnet rundt oss. Kunnskap og ferdigheiter innan kunstig intelligens er dessutan relevant innan psykologi, digital kultur, kognitiv vitskap og medievitskap, for å nemne nokre område. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: 55 58 98 50 

E-post: studieveileder@ifi.uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.  

Studieplan Kunstig intelligens, bachelor

Søk her