Hjem

Administrasjon og organisasjonsvitskap, bachelor, 3 år

Administrasjon og organisasjonsvitskap er et statsvitskapeleg studium av politikk, forvaltning og organisasjon.
  • Lengde3 år
  • Ordinær44.4
  • Primær36.4
  • Plassar86
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Vil du lære meir om korleis samfunnet rundt deg fungerer? Ein bachelorgrad i administrasjon- og organisasjonsvitskap er eit spanande og lærerikt studium som gir deg mange valmoglegheiter vidare, både med tanke på utdanning og i arbeidslivet. 

Studiet passar for deg som er interessert i politikk, organisasjonar og nyheiter, og som likar å diskutere tema som samfunnssikkerheit, sentralisering, konkurranseutsetting og store reformer som politireforma og kommunereforma. Du lærer å forstå demokrati og samfunnsstyring, organisasjonar, offentleg forvalting og politikk på eit høgt nivå. Slik kan du utføre sjølvstendige analysar av problem og utfordringar på desse felta.

Problem og utfordringar i offentleg, privat og frivillig sektor og internasjonalt blir ofte forsøkt løyste med organisering som verkemiddel:

  • Kva prosessar ligg bak ei politisk avgjerd?
  • Korleis løyser vi uregjerlege problem knytt til klima, fattigdom, sikkerheit og beredskap?
  • Korleis finn vi alternative organisasjonsformer, kva er vilkåra for å iverksette dei, og kan eigentleg ein organisasjonsform veljast?

I løpet av studiet opparbeider du deg ei evne til å forstå prosessar og samhandlingar internt i organisasjonar og mellom organisasjonar. I tillegg får du kunnskap om politikk og forvaltningssystem, og blir dermed attraktiv arbeidskraft både i offentleg og privat sektor.

Meir informasjon under

Administrasjon og organisasjonsvitenskap

Produsent:
UiB

Jobb

I dette studiet får du lære meir om korleis dei politiske institusjonane, forvaltninga og samfunnet kan møte dei utfordringane vi står overfor innanfor helse, utdanning, miljøvern, klima og samfunnstryggleik. Du får innsikt i kva for organisasjons- og styringsformer ein kan nytte og korleis dei fungerer. Viktig er også korleis norsk politikk og norsk samfunnsstyring heng saman med utviklinga internasjonalt og globalt.

Dette er kompetanse du kan få bruk for i arbeid som:

  • Organisasjonsutviklar
  • Kommunikasjonsmedarbeidar
  • Konsulent
  • Byråkrat i stat, fylke eller kommune
  • HR-medarbeidar
  • Ulike yrke i ideelle og frivillige organisasjonar

Etter bachelorgraden kan du òg gå vidare til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap, masterprogrammet i samanliknande politikk eller Master's Programme in Public Administration.

Les intervju med alumnane våre

Meir informasjon under

Oppgygging

Bachelorprogrammet i administrasjon- og organisasjonsvitskap er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Anbefalt studieløp:

1. semester, haust: 

  • AORG100A Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (20 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (ex.phil) (10 studiepoeng)

2. semester, vår:

  • AORG104 Politisk teori og styreformer (15 studiepoeng)
  • AORG109 Systems of Governance and the Global Challenges of Energy and Climate eller AORG101 Organisasjonsteori (15 studiepoeng)

3. semester, haust:

  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)
  • AORG103 Politikk og forvalting eller AORG101 Organisasjonsteori eller AORG107 EU og internasjonale organisasjonar (15 studiepoeng)

4. semester, vår:

  • Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng)

5. semester, haust:

  • Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng)

6. semester, vår:

  • AORG215 Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentlig sektor (10 studiepoeng)
  • AORG212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar eller AORG213 Helse- og velferdspolitikk - Makt og innflytelse eller AORG214 Kunnskapens institusjonar, ekspertise og politikk (10 studiepoeng)
  • AORG251 Bacheloroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap (10 studiepoeng)

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltids studium). Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Spesialiseringa i administrasjon og organisasjonsvitskap utgjer 90 studiepoeng, og 60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne, eller dra på utveksling i utlandet. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din.

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Fagutvalet inviterer til faglege og sosiale arrangement som faglunsj, julebord, eksamensfest og studieturar.

Bachelorprogrammet i administrasjons- og organisasjonsvitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervising i form av førelesningar og seminargrupper. Oppgåveskriving, bedriftsbesøk og ekskursjonar er òg ein del av studiet. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvald tema.

Undervisninga  og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Som student ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet vil du finne undervisningsrom og lesesalar på Ulrike Pihls hus, seminarromma på SV-fakultetet og på biblioteket ved SV-fakultetet som alle ligg på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

Etter bachelorstudiet kan du

  • forklare grunnleggjande teoriar, analysemodellar og tilnærmingar innanfor studiet av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk
  • utvikle og gjennomføre studiar av organisasjon, offentleg forvaltning og offentleg politikk ved å bruka samfunnsvitskapleg metode
  • formidle og kommunisere om faglege problemstillingar, metodar og forskingsresultat

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling til dømes Australia, Finland, Frankrike, Nederland, Russland, Spania, Storbritannia, Irland, Sør-Afrika eller Tyskland. Du kan reise ut i eitt eller to semester, det vanlegaste er å dra i det fjerde og/eller femte semesteret.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her