Hjem
Utdanning

Studieplan for BASV-AORG Administrasjon og organisasjonsvitskap, bachelor, 3 år, haust 2019

Namn på grad

Bachelor i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag og eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Faget byggjer i stor grad på ei teoretisk orientert og empirisk basert forsking om formelle organisasjonar. Fokus er særleg retta mot utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Viktige tema er det normative grunnlaget for teoriane, korleis dei blir utvikla og endra, og kva for verknad dette har.

Gjennom bachelorstudiet lærer studentane å utføre sjølvstendige analysar av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk. Det blir lagt vekt på samanhengen mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan framstille, samanfatte og forklare grunnleggjande teoriar, analysemodellar og tilnærmingar innanfor studiet av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk
  • kan gjere greie for korleis offentleg politikk blir utforma og iverksett
  • har kjennskap til og kan gjere greie for ulike styrings-, organisasjons- , og demokratiformer og det normative grunnlaget deira på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå
  • kan gjere greie for samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre
  • kan gjere greie for ulike typar organisasjonar, organisasjonsendring, demokrati, deltaking og leiing under ulike vilkår
  • kan gjere greie for nyare forskingsresultat og setje seg inn i ny forsking

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte teoriar og analysemodellar i faget til å gjennomføre analysar av ulike typar
  • kan utvikle og gjennomføre studiar av organisasjon, offentleg forvaltning og offentleg politikk ved å bruke samfunnsvitskapleg metode
  • kan gjere greie for og forklare samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og utvikle det gjennom samarbeid og i rettleiing

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har evne til vitskapleg arbeid og framstilling
  • har evne til systematisk kunnskapsinnhenting gjennom tilrettelegging og vurdering av tilgjengelege kjelder
  • kan vurdera og ta stilling til vitskapsetiske problemstillingar
  • kan formidle og kommunisere om faglege problemstillingar, metodar og forskingsresultat
  • kan stille kritiske spørsmål, planleggje og gjennomføre endringsprosjekt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i bachelorprogrammet er ex.phil. og AORG100A/AORG100B (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

Obligatoriske emne

AORG101, MET102, AORG104, AORG215 og AORG251

Spesialisering

90 studiepoeng

Rekkefølgje for emne i studiet

Instituttet tilrår:

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som del av graden din i administrasjon og organisasjonsvitskap. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiB sine mange bilaterale avtalar.

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Normalt reiser ein ut i eit eller to semester og nyttar frie studiepoeng, men det er også mogleg å ta utveksling som erstatning for fag i spesialiseringa. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt vere sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av heimeeksamen og skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, og til ein del andre statsvitskaplege masterprogram ved andre norske universitet.

Relevans for arbeidsliv

Gjennomføring av bachelorprogrammet kvalifiserer for arbeid i offentleg sektor, til dømes i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar. Rekrutteringa til privat sektor er også aukande. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Evaluering

Emna som inngår i bachelorprogrammet vert evaluerte med jamne mellomrom.

Administrativt ansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap