Hjem

Europastudium, bachelor, 3 år

Gjennom bachelorprogrammet i europastudium vil du lære om historie, politikk og samfunnsforhold i Europa. Du får kunnskap om den politiske utviklinga i Europa, europeisk integrasjon og utviklinga i EU. Vi studerer stats- og nasjonsbygging i Europa, ressursar og økonomi og dagens europeiske samfunn, i eit historisk og statsvitskapeleg perspektiv.
  • Lengde3 År
  • Ordinær38,9
  • Primær37,3
  • Plassar25
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?

Studiet gir gode allmennkunnskapar og trening i å handtere store mengder informasjon, problematisere og analysere saker frå fleire sider.  

Du lærer å tilegne deg kunnskap om 

  • utviklinga i Europa når det gjeld ressursar, demografi og økonomi, og korleis institusjonar, system og prosessar har påverka europeisk historie sidan 1945 
  • (ved spesialisering i samanliknande politikk) vilkåra for demokratiske styreformer, faktorar som har avgjort tempoet i demokratiutviklinga og kvifor demokratiske system er ulikt utforma  
  • kvalitative og kvantitative forskingsmetoder, inkludert opplæring i statistikk og koding i programmet R
  • (ved spesialisering i historie) om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie

Full liste med læringsutbytte 

Studiekvardag

Som bachelorstudent blir du  del av eit godt studentmiljø. Studiet har eit aktivt fagutval som sikrar godt samhald mellom studentane og jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø.   

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium, og du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving, kan ei typisk veke ha 6-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Det er nokre obligatoriske arbeidskrav dei første tre semestera av studiet, i form av oppmøtekrav og oppgåver som skal inn. Skriving av ei bacheloroppgåve høyrer også til studiet. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.   

Som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil du halde til på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Lesesalsplassar er tilgjengelege i Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV-fakultetet.

Meir informasjon under

Europastudier, bachelor UiB

Produsent:
UiB

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.   

Kva kan du jobbe som? 

Ein bachelor i europastudier gir deg eit sterkt og breitt kunnskapsfundament, og evner og verktøy som kvalifiserer deg for mange ulike jobbar. Våre tidlegare studentar arbeider mellom anna i store nasjonale og internasjonale organisasjonar, innan kommunikasjon og media, eller innan forsking, utgreiing og undervisning.  

Med spesialisering i historie kan du arbeide i fleire bransjar og sektorar 

  • forlag/media 
  • undervisning
  • journalistikk 
  • reiseliv 
  • museum/arkiv 

Med  spesialisering i samanliknande politikk kan du arbeide mellom anna som 

  • analytikar i næringslivet og nasjonale- og internasjonale organisasjonar 
  • administrativt tilsett i kommunar, fylkeskommunar og stat 
  • politisk rådgjevar 
  • rådgjevar i departement og direktorat 
  • kommunikasjonsmedarbeidar og journalist 
  • forskar, utgreiar og undervisar 

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i Europastudium er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Det vert lagt vekt på stor valfridom i studieprogrammet, og gode moglegheiter til utveksling og praksis gjennom studieløpet.  

Anbefalt studieforløp: 

1.semester

  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng) 
  • EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL103 Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng) 

2. semester

  • EUR103 Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi (15 studiepoeng) 
  • EUR105 European Union Institutions, Politics, and Policies (15 studiepoeng) 

3. semester

Vel spesialisering: Samanliknande politikk (SAMPOL) eller historie (HIS). 

SAMPOL-spesialisering: 

  • MET104 Kvantitativ metode (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng) 
  • Eit valfritt SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (10 studiepoeng) eller SAMPOL116 Democracy and Democratization (10 studiepoeng) 

Historie-spesialisering: 

  • HIS113 Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) eller HIS114 Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) - nytt tema kvart semester 
  • HIS115 Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) eller HIS116 Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) - nytt tema kvart semester 

4. semester

SAMPOL-spesialisering: 

  • MET103 Kvalitativ metode (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng) 

Historie-spesialisering: 

  • HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 (15 studiepoeng)
  • HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 (15 studiepoeng)  

5. semester

SAMPOL-spesialisering: 

  • Utveksling / Praksisemne i Brussel (30 studiepoeng)

Historie-spesialisering: 

6. semester

SAMPOL-spesialisering: 

  • SAMPOL260 Bacheloroppgåve i samanliknande politikk (10 studiepoeng) 
  • To av SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (20 studiepoeng)   

Historie-spesialisering: 

  • HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 studiepoeng)
  • HIS250 Bacheloroppgåve i historie (15 studiepoeng)  

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester, og tar så eit semester med EUR-emne (eigne emne for europastudium). Vidare vel du spesialisering (90 studiepoeng) i samanliknande politikk eller historie. Femte semester er sett av til å reise på utveksling.

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

På bachelorprogrammet i Europastudium er det forventa at du reiser på utveksling i det femte semesteret. Alle er garantert plass på eitt av dei utvalde universiteta. Om du ikkje ønsker utveksling, kan du velje vekk dette og ta praksis i samanliknande politikk eller avtale eit anna individuelt opplegg med emne ved UiB. 

Samanliknande politikk har gode avtalar med mange universitetet rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der studiet har ein utvekslingsavtale som sikrar studentane ekstra økonomisk støtte for å reise på utveksling.  

Les meir om utveksling på Europastudium  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorprogrammet kan du søke om opptak til eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisert deg i: 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 90 31 

E-post: studieveileder.isp@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her 

Meir informasjon under

Europastudier, bachelor UiB

Produsent:
UiB