Hjem
Utdanning

Studieplan for BASV-FILM Film- og TV-produksjon, bachelor, 3 år (utgått), vår 2020

Namn på grad

Bachelor i film- og TV-produksjon.

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon gir ei teoretisk reflektert, praktisk orientert forståing av audiovisuelle medier, ein allsidig produksjonskompetanse på området, samt kvalifikasjonar innan eitt av fleire profesjonelle spesialområde (foto, regi, redigering, lyd eller produsent). Studentane følgjer somme teoretiske kurs på disiplinprogrammet i medievitskap. Somme av dei praktisk retta kursa vert gjennomført i samarbeid med bachelorprogrammet i journalistikk eller bachelorprogrammet i nye medier.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om produksjonsprosessen i film & tv frå idèutvikling til publisering
  • har god kunnskap om dei audiovisuelle medias sjangrar og verkemiddel
  • har kunnskap om film- og fjernsynshistorie
  • har kjennskap til medias rolle for publikum og i samfunnet
  • har kunnskap om ulike publiseringsplattformer
  • har kjennskap til medieindustriens organisering og arbeidsmåtar
  • har kunnskap om den samfunnsmessige funksjonen til forsking og forskingsformidling

Dugleikar

Kandidaten

  • kan planlegga og gjennomføra dokumentariske produksjonar for fjernsyn og Internett
  • kan skriva manus for kortfilm
  • kan produsera fiksjon i kortformat
  • meistrar digitalt produksjonsutstyr for foto, lydopptak og postproduksjon
  • har spesialiserte dugleikar i éin fagfunksjon (regi, foto, klipp, produsent, lyd)

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektera over eigen praksis
  • forstår konsekvensar av eigen yrkesutøving
  • kan arbeida kreativt i team
  • kan analysera medieinnhald

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng med innføringsemne inkludert Ex.phil.
  • 150 studiepoeng med spesialisering i film- og tv-faglege emne på 100- og 200-nivå, teoretisk så vel som praktisk retta. 60 av desse studiepoenga har hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve)

Ein legg opp til eit studium som har både produksjonsretta og teoretiske modular.

  • I det første semesteret gjennomfører studentane eit obligatorisk introduksjonskurs i film, tv og nye medier (INFOMEVI106, 10 stp.) saman med studentane frå bachelorprogrammene i journalistikk og i nye medier. I tillegg tek studentane Ex.phil (10 stp) og eit ex.fac.-emne (10 stp). Som ex.fac.-emne vert studentane tilrådd å ta MEVI100 Examen facultatum - Introduksjon til medier og kommunikasjon.
  • Det andre semesteret er delt mellom eit 15 studiepoengs praktisk-teoretisk kurs (INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse), samt eit 15 studiepoengs teoretisk kurs (MEVI102 Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning), som dreier seg om publikum og deira oppleving og forståing av tekstar i ulike medier).I det praktisk retta kurset får studentane teknisk trening og workshops innan foto/kamera, lyd og etterarbeid. INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse er felles for studentane ved BA-programmet i film & tv-produksjon og studentane ved BA-programmet i nye medier.
  • I det tredje semesteret følgjer studentane MEVI153 Dokumentar og reportasje (15 studiepoeng) og MEVI103 Medietekstar: teori og analyse (15 studiepoeng). MEVI153 er felles for studentane ved BA-programmet i film & tv-produksjon og og studentane ved BA-programmet i journalistikk.
  • I det fjerde semesteret tek studentane eit 15 poengs kurs i forskingsformidling (MEVI169). Studentane følgjer i tillegg MEVI223 Visuelle Media (15 studiepoeng). Studentar som skal ta delstudium i utlandet bør gjere det i 4.semester. Under utvekslingsopphaldet må ein ta minst 12 studiepoeng i medievitskap innan Film/TV. Studentar som dreg på utveksling kan søkja om fritak frå dei obligatoriske emna i fjerde semester.
  • I det femte semesteret følgjer studentane MEVI254, Manusutvikling og spesialisering (30 stp.) Studantane skal skrive manus til, og filma en kortfilm (fiksjon eller dokumentar), og i tillegg byrja å utvikla manus- med tanke på den avsluttande produksjonen i det sjette semesteret.
  • Det sjette semesteret brukar ein til å arbeida med bacheloroppgåva (30 studiepoeng), ein kortfilm produsert i grupper med tilhøyrande individuelt refleksjonsnotat.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av ­utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda.

Det er mogleg for studentar på bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon å reise på utveksling. Forutsetningane er at ein reiser i sitt fjerde semester og at minimum 12 studiepoeng av dei emna ein tar i utlandet er innanfor fagfeltet film/tv.

Studentar på bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon som er interessert i å reise på utveksling anbefalast å ta kontakt med studierettleiar for sitt program.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, teknisk opplæring, workshops og rettleiing på praktisk og skriftleg arbeid.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heimeeksamen-, emneoppgåver, samt praktiske produksjonar med tilhøyrande produksjonsrapport/refleksjonsnotat.

PRODUKSJONSRETTAR:

For alle produksjonar laga som ledd i utdanninga, eller som er laga heilt eller delvis med utstyr som høyrer til Universitetet i Bergen, gjeld følgjande:

  • Studentane har opphavsretten til produksjonane, og dei har rett til fritt å nytte desse i ikkje-kommersielle føremål.
  • Universitetet i Bergen står som ansvarleg produsent av alle produksjonar, og har såleis alle økonomiske rettar til produksjonane.
  • Distribusjon av produksjonar samt fordeling av eventuelle inntekter, skjer etter reglar som blir nærare fastsette av Institutt for informasjons- og medievitskap.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som en bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i medievitskap og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskulesektoren.

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i film- og tv-produksjon kvalifiserer studentane til arbeid innan film- og tv-produksjon, både i store organisasjonar og som sjølvstendige film- og tv-skaparar. Samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medium sikrar at studentane er vel førebudde på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver innan alle delane av det mangslungne medie-, kunst- og informasjonsfeltet.

Administrativt ansvarleg

post@infomedia.uib.no