Hjem
Utdanning

Studieplan for BASV-GEOG Geografi, bachelor, 3 år, haust 2021

Namn på grad

Bachelorprogrammet i geografi fører fram til graden bachelor i geografi.

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Geografifaget dreiar seg om verdsbiletet - om mangfald, variasjon og samspel i naturgjevne og menneskeskapte lokale og globale prosessar på jordoverflata. Faget er kjenneteikna ved store kontaktflatar til andre fagdisiplinar innan både samfunnsvitskap og naturvitskap.

Studiet tilbyr innføring og spesialisering innan tre retningar.

  • Naturgeografi tar utgangspunkt i naturlandskap og søkjer gjennom ulike metodar å forklara korleis ulike prosessar har forma og formar (det norske) landskapet.
  • Miljø- og landskapsgeografi omfattar dei drivkreftene som verkar på landskap og kulturlandskap, og dei teoriar, verkemiddel og metodar som vert nytta av offentlege og ikkje-statlege aktørar innan miljøforvaltning og planlegging.
  • Samfunnsgeografi sett samfunnet si utvikling i sentrum og utforskar samspelet mellom menneske, natur og miljø og omfattar analyser av planlegging, næringsliv, forvalting, klima og energiomstilling og andre samfunnsutfordringar i eit lokalt og globalt perspektiv.

Forsking og undervisning i desse områda kan omfatte ulike geografiske nivå, frå lokal til global skala. Omgrepa rom, stad og region står sentralt i geografisk forsking. Metodisk er faget både kvalitativt og kvantitativt orientert, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar utgjer difor ein sentral metodisk del av faget, noko som kjem til uttrykk i undervisninga. Særskilde geografiske metodar omfattar dessutan kartografi, geografiske informasjonssystem (GIS) og fjernanalyse (satellittmåling).

Institutt for geografi tilbyr studium på lågare grad (Bachelor), høgare grad (Master) og doktorgrad (ph.d.). Feltkurs og ekskursjonar utgjer ein viktig del av undervisninga på alle nivå og er obligatoriske.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan gjere greie for geografifaget sin eigenart, utvikling og rolle i samfunnet
  • kjenner forsking og utvikling innan geografifaget og kan oppdatere sin kunnskap på feltet
  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar og prosessar knytt til struktur og utvikling i tid og rom relatert til natur-, miljø- og samfunnsspørsmål
  • kan gjere greie for dei mest vanlege geografiske undersøkingsmetodar
  • kan skissere korleis natur og naturforhold har innverknad på folk og samfunn og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima
  • kan skildre og forklare utbreiinga av folk og ressursar på jorda, og årsaker til ulik ressurstilgang
  • har kunnskap om korleis materielle og menneskelege ressursar kan forvaltast på ein god og berekraftig måte
  • kan identifisere og skildre korleis ulike fysiske prosessar har forma og formar (det norske) landskapet i tid og rom
  • kan skildre natur- og samfunnsdrivne prosessar som har innverknad på natur- og kulturlandskap
  • kan gjere greie for teoriar, verkemiddel og metodar som blir brukt av offentlege og ikkje-statlege aktørar innan miljøforvaltning og samfunnsplanlegging
  • kan gjere greie for føretaks- og næringsstrategiar og kva reguleringsmessige, politiske, sosiale og kulturelle strategiar som formar busetting og lokalsamfunn.
  • har brei kunnskap om korleis globalisering og utviklingsprosessar påverkar ulik fordeling av naturressursar, økonomi, politisk makt og sosial rettferd

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjere greie for og bruke geografisk kunnskap om mangfald, variasjon og samspel i naturgitte og menneskeskapte lokale, regionale og globale prosessar
  • beherskar grunnleggande geografiske feltmetodar, lagar og bruker kart og andre visuelle framstillingar og kan gjere seg nytte av eigne observasjonar i individuelle og gruppevise presentasjonar
  • kan formidle geografifaglege idear, problemstillingar og moglege løysingar munnleg og skriftleg til både spesialistar og det allmenne publikum kan bruke feltundersøkingar, bibliotek og vitskapelege databasar til å innhente relevant geografisk informasjon
  • kan skrive feltrapportar frå feltkurs

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i teoriar, problemstillingar og empirisk kunnskap innan geografifaget
  • kan formidle sentralt fagstoff både munnleg og skriftleg
  • kan innhente og behandle data og gjere feltundersøkingar i samsvar med god metodisk og etisk praksis
  • kan tileigne seg ny kunnskap innan geografifaget
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • kan arbeide sjølvstendig og delta i team for å løyse eit bredt spekter av geografiske problemstillingar gjennom prosjektarbeid

Innføringsemne

Innføringsemne er tilrådd i fyrste semester i bachelorgraden i geografi og omfatter ex.phil. og GEO100.

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorgraden i geografi inneheld ein spesialiseringsdel på 100 studiepoeng. Spesialiseringa omfattar 70 studiepoeng på 100-nivå: GEO110, GEO111, GEO124, GEO113, GEO125 og GEO131. Dei resterande 30 studiepoenga er spesialisering i ein valfri studieretning på 200-nivå.

Tilrådd studieløp for bachelor i geografi og tverrfaglege program med spesialisering i geografi:

  • 1. semester: Ex.phil, GEO100 og GEO110
  • 2. semester: GEO111 og GEO124
  • 3. semester: GEO113, GEO125 og GEO131
  • 4. semester: Frie studiepoeng
  • 5. semester: Frie studiepoeng
  • 6. semester: spesialisering i studieretning på 200-nivå

Krav til spesialisering i studieretning på 200-nivå:

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa som ein integrert del av bachelorgraden.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Det vert undervist på norsk på alle kurs på 100-nivå, mens det på 200-nivå vert undervist både på engelsk og norsk.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet brukar i all hovudsak følgjande eksamensformer:

  • skriftleg eksamen
  • munnleg eksamen
  • heimeeksamen
  • mappeinnlevering
  • feltrapport (gruppeeksamen)
  • essay
  • eller kombinasjonar av desse

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen gis på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det vanlegaste.

Grunnlag for vidare studium

Fullført bachelor i geografi kvalifiserer til å søkje opptak på mellom anna Master i geografi, Master's in Geogragraphies of Sustainable Development og Master's in System Dynamics.

Opptaksgrunnlag til master:

Godkjent og fullført spesialisering i geografi som består av 70 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. GEO100 kan ikkje inngå i dei 100 studiepoenga. Følgjande kurs er obligatoriske for bachelor i geografi: GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125, GEO131, og metode, teorikurs og feltkurs på 200-nivå etter studieretning:

Relevans for arbeidsliv

Som geograf ser du på samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å kunne finne gode løysingar og førebyggande tiltak fram mot ei berekraftig utvikling. Geografar jobbar innan planlegging, regional utvikling og miljøforvalting innan offentleg og privat sektor. Mange jobbar også i utdanning og forsking, organisasjonar eller NGO, i inn- og utland.

Geografar har kompetanse som gjer dei attraktive i arbeidslivet: Dei er prosjektorienterte og har ein tverrfagleg bakgrunn med fokus på berekraftig samfunnsutvikling. Dette gir ein vid arbeidsmarknad i offentleg forvaltning og næringsliv. Gjennom feltkursa er geografistudentane vane med å jobbe i grupper og presentere resultata munnleg og skriftleg. I studiet får du kompetanse i bruk av digitale kart og GIS som er etterspurt i arbeidslivet og er eit nyttige verktøy for å forstå ei verd i endring.

Undervisningskompetanse

Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen vert dekka gjennom eksamen i 60 studiepoeng blant emna på 100-nivå: GEO110, GEO111, GEO113, GEO124 og GEO125/ GEO131. Det er eit krav at du har minst 20 poeng innan anten natur- eller samfunnsgeografi. GEO110 kan inngå i begge retningane.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for geografi

studieveileder@geog.uib.no