Politikk og forvaltning, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar96
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Vil du lære meir om korleis samfunnet rundt deg fungerer? Ein bachelorgrad i politikk og forvaltning er eit spanande og lærerikt studium som gir deg mange valmoglegheiter vidare, både med tanke på utdanning og i arbeidslivet.
Studiet passar for deg som er interessert i politikk, organisasjonar og nyheiter, og som likar å diskutere tema som samfunnssikkerheit, sentralisering, konkurranseutsetting og store reformer som politireforma og kommunereforma. Du lærer å forstå demokrati og samfunnsstyring, organisasjonar, offentleg forvalting og politikk på eit høgt nivå. Slik kan du utføre sjølvstendige analysar av problem og utfordringar på desse felta.
Problem og utfordringar i offentleg, privat og frivillig sektor og internasjonalt blir ofte forsøkt løyste med organisering som verkemiddel:
- Kva prosessar ligg bak ei politisk avgjerd?
- Korleis løyser vi uregjerlege problem knytt til klima, fattigdom, sikkerheit og beredskap?
- Korleis finn vi alternative organisasjonsformer, kva er vilkåra for å iverksette dei, og kan eigentleg ein organisasjonsform veljast?
I løpet av studiet opparbeider du deg ei evne til å forstå prosessar og samhandlingar internt i organisasjonar og mellom organisasjonar. I tillegg får du kunnskap om politikk og forvaltningssystem, og blir dermed attraktiv arbeidskraft både i offentleg og privat sektor.
Meir informasjon under
Bachelorprogram - Institutt for politikk og forvaltning
Jobb
I dette studiet får du lære meir om korleis dei politiske institusjonane, forvaltninga og samfunnet kan møte dei utfordringane vi står overfor innanfor helse, utdanning, miljøvern, klima og samfunnstryggleik. Du får innsikt i kva for organisasjons- og styringsformer ein kan nytte og korleis dei fungerer. Viktig er også korleis norsk politikk og norsk samfunnsstyring heng saman med utviklinga internasjonalt og globalt.
Dette er kompetanse du kan få bruk for i arbeid som:
- Organisasjonsutviklar
- Kommunikasjonsmedarbeidar
- Konsulent
- Byråkrat i stat, fylke eller kommune
- HR-medarbeidar
- Ulike yrke i ideelle og frivillige organisasjonar
Etter bachelorgraden kan du òg gå vidare til masterprogrammet i politikk og forvaltning, masterprogrammet i samanliknande politikk eller Master's Politics and Governance of Global Challenges.
Les intervju med alumnane våre
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Anbefalt studieløp:
1. semester, haust:
- GOV100 Innføring i politikk og forvaltning (20 studiepoeng)
- EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (ex.phil) (10 studiepoeng)
2. semester, vår:
- GOV104 Politisk teori og styreformer (15 studiepoeng)
- GOV109 Systems of Governance and the Global Challenges of Energy and Climate eller GOV101 Organisasjonsteori (15 studiepoeng)*
3. semester, haust:
- MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)
- GOV103 Politikk og forvalting eller GOV107 EU og internasjonale organisasjonar eller GOV101 Organisasjonsteori (15 studiepoeng)*
4. semester, vår:
- Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng)
5. semester, haust:
- Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester, vår:
- GOV251 Bacheloroppgåve i politikk og forvalting (10 studiepoeng)
- GOV215 Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentlig sektor (10 studiepoeng)
- Eit av emna:
- GOV212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng) eller
- GOV213 Helse- og velferdspolitikk - Makt og innflytelse (10 studiepoeng) eller
- GOV214 Kunnskapens institusjonar, ekspertise og politikk (10 studiepoeng) eller
- GOV216 Constitutions, Courts and Politics (10 studiepoeng) eller
- GOV217 Gender and Power in Contemporary Politics (10 studiepoeng)
*GOV101 er obligatorisk, men du kan velge om du vil ta det i 2. eller 3. semester.
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltids studium). Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Spesialiseringa i politikk og forvaltning utgjer 90 studiepoeng, og 60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne, eller dra på utveksling i utlandet. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din.
Studiekvardag
Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Fagutvalet inviterer til faglege og sosiale arrangement som faglunsj, julebord, eksamensfest og studieturar.
Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervising i form av førelesningar og seminargrupper. Oppgåveskriving, bedriftsbesøk og ekskursjonar er òg ein del av studiet. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvald tema.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Som student ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet vil du finne undervisningsrom og lesesalar på Ulrike Pihls hus, seminarromma på SV-fakultetet og på biblioteket ved SV-fakultetet som alle ligg på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kva lærer du
Etter bachelorstudiet kan du
- forklare grunnleggjande teoriar, analysemodellar og tilnærmingar innanfor studiet av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk
- utvikle og gjennomføre studiar av organisasjon, offentleg forvaltning og offentleg politikk ved å bruka samfunnsvitskapleg metode
- formidle og kommunisere om faglege problemstillingar, metodar og forskingsresultat
Utveksling
Du kan reise på utveksling til dømes Australia, Finland, Frankrike, Nederland, Russland, Spania, Storbritannia, Irland, Sør-Afrika eller Tyskland. Du kan reise ut i eitt eller to semester, det vanlegaste er å dra i det fjerde og/eller femte semesteret.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.