Hjem
Utdanning

Studieplan for BASV-INFO Informasjonsvitskap, bachelor, 3 år, haust 2021

Namn på grad

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap fører fram til graden bachelor i informasjonsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 20 studiepoeng innføringsemne (Ex.phil og INFO100)
  • 100 studiepoeng spesialisering i informasjonsvitskaplege emne
  • 60 studiepoeng valfrie emne, eventuelt ved utanlandske universitet

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Informasjonsvitskap har informasjon og kunnskap som sentrale studieobjekt, særleg med eit informasjonsteknologisk perspektiv. Bachelorprogrammet tar føre seg teoretiske aspekt ved data, informasjon og kunnskap, samt teknologiar for å forvalte informasjon og kunnskap, i høve til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Studiet omfattar eit breitt spekter av tema knytt til analyse og utvikling av informasjonssystem, deriblant / inkludert modellering, utforming, programmering og datahandsaming, semantiske og sosiale teknologiar, samt kunnskapsteknologi. Studiet gir ei forståing av grunnlaget for slike teknologiar og erfaring med bruk av metodar og dataverktøy, og gir ein informasjonsteknologisk kompetanse som dannar et solid grunnlag for vidare utdanning og arbeid i næringsliv og forvalting.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei teoretisk og teknisk kunnskap om grunnlaget og prinsippa for modellering, utforming, implementering og evaluering av informasjonssystem
  • har kritisk forståing av informasjonsteknologien si rolle i organisasjonar og samfunn
  • har kunnskap om applikasjonsutvikling, samhandling, datahandsaming, representasjon og resonnering
  • inngåande kunnskap om tema innan felta informasjonssystem, menneske-maskin interaksjon eller kunstig intelligens
  • har kunnskap om samfunnsmessige problemstillingar rundt IKT
  • har kunnskap om relevante og nyare forskingsresultat i dei aktuelle fagområda

Dugleikar

Kandidaten

  • har praktisk erfaring med programmeringsspråk og -verktøy
  • kan bruke moderne metodar, teknikkar, språk og verktøy for modellering, utforming og evaluering av informasjonssystem
  • har utvikla gode analytiske evne for å gjere praktiske og strategiske val som gjeld informasjonsteknologi
  • kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre i prosjekt
  • kan skrive rapportar og dokumentasjon og halde munnlege presentasjonar basert på pålitelege kjelder

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi med omsyn både til teknologiske løysingar og til den verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.
  • kan reflektere over tilhøvet mellom teknologien og konteksten den opptrer i
  • kan bidra til hele prosessen, frå brukarane- og organisasjonen sine krav til spesifisering, utforming og implementering av informasjonssystem
  • har eit solid grunnlag for sjølvstendig å kunne vidareutvikle og utvide eigen kompetanse i fagfeltet.
  • er i stand til å forstå og tenke kreativt om utvikling og innovasjonsprosessar i fagområdet

Opptakskrav

Det vert ikkje stilt formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Opptak følgjer vanlege reglar, jfr. Samordna opptak.

Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.

Innføringsemne

Ex.phil og INFO100 Examen facultatum - Innføring i informasjonsvitskap er obligatorisk for studieprogrammet.

Obligatoriske emne

Spesialisering

Vel 30 studiepoeng av føljande fordupingsemne:

Rekkefølgje for emne i studiet

Ex.phil, grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100) og grunnkurs i programmering (INFO132) er obligatorisk i det første semesteret. Programmet inneheld 100 studiepoeng til (1½ års studium i tillegg til INFO132) med spesialisering innanfor informasjonsvitskap eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Til å begynne med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne. Alle emna i informasjonsvitskap har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver.

  • I 1. semester gjennomfører studentane eit introduksjonskurs - INFO100 Innføring i informasjonsvitskap. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg tar studentane Innføring i programmering (INFO132, 10 sp) og ex.phil. (10 sp).
  • I 2. semester tar studentane INFO104, INFO110 og INFO135
  • I 3. semester tar studentane normalt INFO125, INFO162 og INFO180
  • I 4.-6. semester kan studentane velje fordjuping minst 30 studiepoeng på 200-nivå i informasjonsvitskap. Dei vel mellom alternativa INFO216 (vår), INFO262 (vår), INFO207 (haust), INFO212 (haust), INFO282 (haust) og INFO284 (uregelrett).
  • I 4.- 6. semester skal studentane også ta 60 studiepoeng valfrie emne, i tillegg til fordjupningsemna. Desse kan nyttast til ytterlegare fordjuping i informasjonsvitskaplege emne eller til emne i andre fag. Du kan t.d. ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium så lenge desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til desse semestra.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for informasjons- og medievitskap vil utvikle tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til dei siste semestra av studiet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master for de som ble tatt opp før 2019:

INFO102, INFO103, INFO110, INFO115, INFO116, INFO125, INFO132, INFO134

30 studiepoeng fordjuping på 200-nivå, der studentane vel tre av følgjande alternativ: INFO207 / INF207, INFO212, INFO216, INFO233, INFO262, INFO282, INFO284. Studentane med gamal studieplan kan søkje om at INFO135 kan vere et fordjupingsfag. Søknad til studierettleiar.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master for de som ble tatt opp i 2019 eller seinare:

INFO104, INFO110, INFO125, INFO132, INFO135, INFO162, INFO180.

30 studiepoeng fordjuping på 200-nivå, der studentane vel tre av følgjande alternativ: INFO207 / INF207, INFO212, INFO215, INFO216, INFO263, INFO282, INFO284.

Relevans for arbeidsliv

Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan t.d. omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning på universitet eller høgskular. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

studieveileder@ifi.uib.no

55589100