Hjem

Informasjonsvitskap, bachelor, 3 år

Ønskjer du å få eit breitt teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå informasjonsteknologi? På bachelorstudiet i informasjonsvitskap lærer du å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy innan IKT.
  • Lengde3 År
  • Ordinær51,7
  • Primær44,1
  • Plassar90
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?

Studiet rustar deg til å forstå korleis vi kan bruke informasjons- og kommunikasjonsteknologi på ein god måte. Du får ei særleg fordjuping i informasjonssystem, kunstig intelligens og interaksjonen mellom mennske og maskin. Du får eit teoretisk og praktisk grunnlag for å analysere behov og utvikle gode dataløysingar for eit breitt spekter av verksemder. 

På informasjonsvitskap studerer vi blant anna 

  • Korleis kan vi forstå og handtere dei enorme mengdene med data, informasjon og kunnskap som er tilgjengelege? 
  • Korleis kan og bør moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi hjelpe oss til å handtere denne informasjonen? 

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap gir deg høve til å prøve deg som utviklar, designar eller prosjektleiar, avhengig av interessene dine. Samfunnet har stort behov for folk som har interesse for datamaskin, datasystem og brukarane deira.

Studiekvardag 

Som bachelorstudent på informasjonsvitskap høyrer du til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Du vil ha tilgang på lesesalplassar på Ulrike Pihls hus og på biblioteket. Mykje av undervisninga går føre seg i SV-bygget (Lauritz Meltzers hus). Du har òg tilgang på datalabar. 

Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene. Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk. Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, med blant anna forelesingar og praktiske øvingar. I ei vanleg undervisningsveke bruker du mykje tid på datalab, i tillegg til forelesingar, seminargrupper, gruppearbeid og sjølvstudium. 

Meir informasjon under

Bachelor i informasjonsvitskap

Finn ut meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva kan du jobbe som? 

Det er stort behov for IKT-kompetanse i alle sektorar, både i Noreg og internasjonalt. Som informasjonsvitar får du eit solid grunnlag for å forstå dataprogram og datasystem. Du får kunnskap om korleis dei passar saman med menneska, organisasjonar og verksemder, ikkje berre slik dei er i dag, men òg i framtida. 

Du kan for eksempel arbeide med: 

  • utvikling 
  • drift 
  • konsulentarbeid i IT-bransjen 
  • undervisning 

Samfunnet og næringslivet treng folk som er interesserte i brukarane, ikkje berre i datamaskinen og datasystema.  

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Studieprogrammet er eit fulltidsstudium som varer i tre år (seks semester) og startar i august. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester  

2. Semester

3. semester

4. semester  

5. semester  

  • Valfrie emne/utveksling (30 studiepoeng) 

6. semester  

  • Valfrie emne/utveksling (30 studiepoeng) 

Bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (treårig fulltidsstudium). Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester. Dei to neste semestera tar du obligatoriske emne. I dei tre siste semestera tar du valemne i informasjonsvitskap (totalt eitt semester) og valfrie emne (totalt to semester). Dei valfrie emna kan vere datafag eller andre fag du interesserer deg for. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

UiB har avtalar verda over. Du kan for eksempel reise til Australia, Hong Kong, Italia, Kina, Mexico, New Zealand, Spania, Sør-Korea eller USA.

Det er vanleg å reise ut i eitt eller to semester. Vi anbefaler utveksling i femte og/eller sjette semester. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap. Du kan òg søke andre masterutdanningar ved UiB, for eksempel medie- og interaksjonsdesign (under visse føresetnader). 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 98 50 

E-post: studieveileder@ifi.uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet og dei læringsmåla du skal oppnå. 

Les heile studieplanen

Søk her