Hjem
Utdanning

Studieplan for BASV-JOU Journalistikk, bachelor, 3 år, haust 2020

Namn på grad

Bachelor i journalistikk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i journalistikk er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i journalistikk har som mål å utdanne sjølvstendige studentar som etter fullført studium kan produsere kritisk og konstruktiv, nyskapande og sjangerbevisst journalistikk på fleire plattformer. Studiet bygger på grunnleggande journalistiske prinsipp der kjeldekritikk og etisk refleksjon blir kopla med ferdigheiter i visuell, verbal og numerisk historiefortelling gjennom digitale verktøy. Studentane lærer å bruke desse verktøya journalistisk. Det blir lagt opp til varierte lærings- og undervisningsformer der det gjennom heile studiet blir veksla mellom relevante teoretiske tilnærmingar og eit tett praksissamarbeid med aktørar frå mediebransjen, gjennom Media City Bergen og andre mediebedrifter og institusjonar.

Studiet er tverrfagleg og kombinerer teoretiske, praktiske og analytiske element frå journalistikk, medievitskap og informasjonsvitskap. Programmet er eit profesjonsorientert universitetsstudium med vekt på å utvikle fagleg autonomi og analytisk, teoretisk og praktisk kompetanse.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om journalistikkens faglege fundament og repertoar i ulike media og på fleire publiseringsplattformer,
  • har kunnskap om sentrale teoriar og problemstillingar i faget
  • har kunnskap om ulike journalistiske sjangrar og former
  • har kunnskap om journalistiske metodar, presseetikk og kjeldekritikk
  • har brei kunnskap om korleis digitale teknologiar, inklusive video, sosiale medium, databaser og store datamengder, kan nyttast i journalistikk
  • kan oppdatere kunnskapane sine i faget journalistikk
  • har kunnskap om samspelet mellom visuelle, verbale og numeriske element i nyheitspresentasjon
  • har kunnskap om lovfesta fundament for journalistikk, spesielt offentlegheitslov, innsynsrett og opphavsrett
  • har kunnskap om sentrale samfunnsfaglige felt og kan arbeide journalistisk med desse
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor journalistikkfaget
  • har kunnskap om journalistfaget si historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
  • har kunnskap om sentrale likskapar og skilnader mellom journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativt og kvantitativt

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke fagleg kunnskap og journalistiske metodar og digitale verktøy for datainnsamling, analyse, redigering og publisering av journalistisk stoff
  • kan formidle journalistisk stoff på tvers av plattformer (mobil, nett, aviser, tv og radio)
  • kan reflektere over eigen fagleg praksis og justere denne praksisen under rettleiing
  • kan bruke opptaks- og redigeringsutstyr
  • kan arbeide praktisk med nyheits- og reportasjejournalistikk på tvers av plattformer
  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og grunngje vala.
  • kan nytte fagleg kunnskap, teoretisk og metodisk, til å utvikle og gjennomføre eit vitskapleg forskingsdesign eller ein større journalistisk produksjon

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre journalistisk arbeid aleine eller i gruppe, over kortare eller lengre tid og på fleire plattformer
  • kan tre inn i ulike journalistiske roller og samarbeide godt i team
  • har innsikt i journalistikkens samfunnsoppdrag og forstår effektar og konsekvensar av eigne profesjonelle tilnærmingar
  • kan formidle sentralt fagstoff og reflektere skriftleg og munnleg over eigne journalistiske tilnærmingar
  • kan rettferdiggjere og grunngje ein uavhengig, informativ, konstruktiv og maktkritisk journalistikk
  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kan bruke kvalifisert journalistisk skjønn
  • kan bruke den journalistiske kompetansen til å søke etter, og formidle, ny kunnskap i ulike fysiske og digitale kontekstar
  • kjenner til nytenking og innovasjon innan fagområdet og kan nyttiggjere seg dette

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer elles vanlege reglar, jf. samordna opptak.

Rekkefølgje for emne i studiet

  • 1. semester: Examen philosophicum (10sp), MEPRO100 Examen facultatum: Innføring i medieproduksjon (10sp) og JOU101 Introduksjon til journalistikk (10sp)
  • 2.semester: JOU102 Journalistikkens metodar og verktøy (30 sp)
  • 3.semester: JOU103 Journalistikkens former (30 sp)
  • 4.semester: JOU201 Journalistisk praksis (30 sp)
  • 5.semester: Frie studiepoeng/ utveksling (30 sp)
  • 6.semester: JOU250 Bacheloroppgåve (30 sp)

Delstudium i utlandet

Bachelorstudentar i journalistikk som ønskjer å ta eit semester i utlandet, må gjere dette i femte semester. Mellom nordiske universitet og universitet i EU-land skjer organisert utveksling først og fremst gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet. Instituttet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere emne frå andre land i den norske graden sin. Dette krev at emnet er godkjent av Universitetet på førehand. Målet med eit delstudium i utlandet bør vere at det er relevant for det norske bachelorprogrammet i journalistikk, slik at studentane er sikra det læringsutbyttet som er skissert for studiet som heile. Studentane blir derfor oppfordra til å planleggje delstudium i utlandet i dialog med faglærar og studiekonsulent.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer gjennom workshops, førelesingar, rettleiing, praksis og teknisk opplæring. Workshops vil vere den viktigaste undervisningsmetoden, med særleg vekt på trening i handsaming av profesjonsrelevante situasjonar. Ein workshop kan innehalde både teknologiske, teoretiske og praksisnære tilnærmingar, og gjer såleis at ein kan integrere fleire parallelle innfallsvinklar til eit fenomen eller emne. Workshop-modellen opnar og for meir fleksibilitet i val av aktuelle tema i store modular. Seminar og førelesingar kan inngå som del av ein større workshop innafor eit emne.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, praksisrapport og bacheloroppgåve.

Det vil i tillegg vere utstrakt bruk av obligatoriske arbeidskrav. Slike krav må vere innfridd og godkjende for å få gå opp til eksamen.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Både bestått/ikkje bestått og karakterskala vert nytta.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggast ut med eit masterstudium i undersøkande journalistikk eller eit masterstudium i medievitskap.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master: MEPRO100, JOU101, JOU102, JOU103, JOU201, JOU250

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i journalistikk kvalifiserer for journalistisk arbeid i ulike medier og på tvers av medier. Studiet kvalifiserer og for informasjons- og kommunikasjonsoppgåver i privat og offentleg sektor, og for undervisning i ungdomsskole og vidaregåande skole.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.