Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon fører fram til graden bachelor i medier og kommunikasjon.

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei pregar politikk og samfunnsliv, og inngår i kulturelle og sosiale identitetsprosessar. Med digitalisering, internett, sosiale medier og stordata har det vakse fram nye kommunikasjons- og samhandlingsformer. Tradisjonelle medieinstitusjonar vert utfordra av nye aktørar, ny teknologi og nye estetiske uttrykk. Tilgangen til informasjon, underhaldning og kulturelle erfaringar er nær sagt uavgrensa, men mediebruk er likevel prega av sosiale skiljeliner. Samstundes er strategisk kommunikasjon i sterkare grad blitt ein integrert del av politikk og samfunnsliv, slik at vi som medborgarar og konsumentar kontinuerleg blir utsette for planlagte påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar.

I medievitskapen studerer vi medie- og samfunnsutviklinga ved å kombinera sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på mediene med kultur- og tekstanalytiske tradisjonar. Vi studerer korleis det vert skapt nye former for samhandling og maktutøving, når individ, organisasjonar og institusjonar tar i bruk nye kommunikasjonsformer og medieformat. Vi studerer mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar, og vi studerer korleis identitetsdanning og deltaking i samfunnslivet vert påverka av mediesamfunnet og mediekulturen.

Bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon gjev grunnleggjande kunnskap om mediene som institusjonar, om mediebruk og mediene sitt publikum, om mediene som tekstar og estetiske uttrykk, og om strategisk kommunikasjon i mediesamfunnet. Teoriar, metodar og historisk innsikt frå samfunnsvitskap og humaniora vert nytta til å forstå mediene si rolle i dagens samfunn. Undervisninga legg vekt på å kombinera systematiske analyser med praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar og metodar innan det medievitskaplege fagfeltet
  • kjenner til fagfeltets historie og ulike forskingstradisjonar, og kan oppdatera fagkunnskapen på ein reflektert og systematisk måte
  • har grunnleggjande kunnskap om media si rolle i daglegliv, offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar, og om korleis ny teknologi skaper nye kommunikasjons- og samhandlingsformer
  • har grunnleggjande kunnskap om medieinstitusjonar, om bruken av ulike redaksjonelle og sosiale medier, om mediene som tekstar og estetiske uttrykk, og om strategiske kommunikasjonsprosessar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruka fagleg kunnskap og forskingsresultat på praktiske og teoretiske problemstillingar på ein sjølvstendig måte
  • tileigna seg dugleik i å kan utvikla presise problemstillingar, samla inn og systematisera eit empirisk materiale, samt bruka metodiske tilnærmingar, teoretiske perspektiv og omgrep i analyse av materialet.
  • har kjennskap til ulike kvantitative og kvalitative metodar og etiske utfordringar knytt til bruk av desse
  • meistrar akademisk skriving på ein måte som legg grunnlag for sjølvstendige faglege utgreiingar, og som førebur kandidaten for arbeidslivet og høgare gradsstudier i medievitskap
  • kan planlegge og utføre kommunikasjonsoppgåver

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan utforma og drøfta ei fagleg problemstilling på sjølvstendig grunnlag, og under fagleg rettleiing strukturera eigen tekst og framføra eigne argument
  • kan analysera korleis ein akademisk tekst er bygd opp, identifisera sentrale argument i tekstar, samanlikna forskjellige tekstar og formulera ei samla framstilling av dette
  • kan bruka bibliotek, databasar og andre kjeldesamlingar for å finna ny og relevant informasjon i tilknyting til eit prosjekt, føra referansar og laga litteraturliste
  • har tileigna seg kompetanse som kvalifiserer for medie- og kommunikasjonsfaglege yrkesoppgåver i mediebedrifter, kultur- og utdanningsinstitusjonar, for eksempel innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og kommunkasjonsrådgiving
  • kan formidla og utveksla eigne medie- og kommunikasjonsfaglege erfaringar, utveksla synspunkt med andre med bakgrunn innan fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorgraden i medier og kommunikasjon er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng innføringsemne inkludert Ex.phil.
  • 90 studiepoeng spesialisering i medievitskaplege emne
  • 60 studiepoeng valfrie emne, eventuelt ved utanlandske universitet

Tilrådd rekkefølgje

  • 1. semester: innføringsemnet - MEVIX100 Introduksjon til medier og kommunikasjon (20 sp) og Ex.phil (10 stp)
  • 2. semester: MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 stp) og MEVI102 Mediebruk: Teori og metode (15 stp)
  • 3. semester: MEVI101 Medier: Institusjonar og bransjeforståelse (15 sp) og MEVI103 Medietekstar: teori og analyse (15 sp)

I løpet av 4.-6.semester skal studentane ta minst 30 studiepoeng i fordjupingsemne på 200-nivå, fordelt på minst to ulike emneområde. Eitt av desse skal ha bacheloroppgåve som eksamensform. Studentane kan berre skrive éi bacheloroppgåve.

I tillegg skal studentane i løpet av 4.-6. semester avleggje 60 studiepoeng i valfrie emne. Desse kan nyttast til ytterlegare fordjuping i medievitskaplege emne eller til emne i andre fag. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til desse semestra.

Instituttet tilbyr følgjande fordjupingsemne på 200-nivå: MEVI221 Medieinstitusjonar: Marknad og demokrati, MEVI222 Mediebruk og meiningsdanning, MEVI223 Visuelle media, MEVI224 Media technology and society, MEVI203 Medieretorikk. Emna vert gjevne i ulike semester.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet og UiB har samarbeidsavtalar med ei rekke universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Instituttet hjelper studentane med val av studiestad og planlegginga av studia i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminar, praktiske øvingar, individuell rettleiing og gruppearbeid.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heimeeksamen, skuleeksamen, bacheloroppgåve, gruppeoppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit toårig masterstudium i medier og kommunikasjon.

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i medier og kommunikasjon kvalifiserer for ei lang rekke medie- og kommunikasjonsfaglege yrkesoppgåver i mediebedrifter, kultur- og utdanningsinstitusjonar, for eksempel innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving. Studiet kvalifiserer også for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentlig sektor. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium som kvalifiserar for meir avanserte oppgåver i dei nevnte sektorane, samt forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap