Hjem

Medie- og interaksjonsdesign, bachelor, 3 år

Er du interessert i framtidas medieløysingar? Lær å gjere dei betre på brukarane sine premissar!
  • Lengde3 År
  • Ordinær56
  • Primær50
  • Plassar35
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

På bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign lærer du å forstå mediefeltet, slik at vi kan designe løysingar som gir effektiv medieproduksjon og brukarvennleg mediebruk. Interaksjonsdesign handlar om å lage løysingar som gjer produkt og system enklare for brukaren.

Sentrale spørsmål i studiet er:

  • Korleis kan ein gjere streamingtenestar betre tilpassa bestemte brukargrupper?
  • Korleis kan ein forenkle kvardagen til ein journalist med nye teknologiske løysingar?
  • Korleis kan ein gjere redigeringsprosessen for medieprodusentar meir saumlaus?

Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verktøy, og mediebruk er i aukande grad brukarstyrt, interaktiv og on-demand. I slike situasjonar er det viktig at systema er enkle og effektive å bruke både for medieprodusentar og mediebrukarar. Dei må gjere det brukarane treng, og ikkje skape frustrasjon og dårleg brukaroppleving. Nye interaktive løysingar krev òg at ein utviklar nye former for medieinnhald som passar dei nye teknologiane og brukarmønstera.

Undervisninga finn stad i Media City Bergen, ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medie- og medieteknologiselskap som TV2, NRK, Vizrt, Bergens Tidende, Mediability, og Vimond, som gjev studentane ein unik nærleik til mediebransjen.

Les meir om å studere ved Media City Bergen

Meir informasjon under

Bachelor i medie- og interaksjonsdesign

Jobb

Dette er ei utdanning som er utvikla i tett dialog med bransjen. Kompetansen du får er ei unik blanding av teknisk innsikt, designkunnskapar og forståing av kva brukarane treng i møte med ny teknologi.

Du kan til dømes arbeide med:

  • UX-design og interaksjonsdesign
  • brukarstudiar og -innsikt
  • front end-utvikling
  • informasjons- og kommunikasjonsarbeid

UiB tilbyr masterprogram i medie- og interaksjonsdesign som du kan ta etter fullført bachelorgrad. Under visse føresetnad kan du òg søkje andre masterutdanningar ved UiB, til dømes informasjonsvitskap og medievitskap.

Les meir om undervisninga på medie- og interaksjonsdesign

Meir informasjon under

Oppbygging

Studieløpet går over tre år (seks semester) og startar i august. Slik er studiet lagt opp:

1. Semester, haust: 

  • MIX100 Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign (10 studiepoeng)
  • INFO132 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester, vår:

  • INFO263 Interaction Design and Prototyping (10 sp)
  • MIX114 Webutvikling (20 sp)

3. semester, haust:  

  • MIX203 Design for medieproduksjon (20 studiepoeng)
  • INFO125 Datahandtering (10 studiepoeng)

4. semester, vår:

  • MIX204 Design for mediebruk (20 studiepoeng)
  • INFO135 Vidarekommande programmering (10 studiepoeng) eller INFO110 Informasjonssystem (10 studiepoeng)

5. semester, haust:

  • Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)

6. semester, vår:

  • MIX250 Bacheloroppgåve i medie- og interaksjonsdesign (30 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Medie- og interaksjonsdesign passar godt for deg som er kreativ, analytisk og sosial med ei interesse for teknologi. Studiet har mykje obligatorisk undervisning og gruppeprosjekt, og passar derfor for dei som likar å ha strukturerte kvardagar.

Som student på medie- og interaksjonsdesign vil du høyre til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Undervisninga skjer hovudsakleg ved Media City Bergen, eit knutepunkt for mediehus og medieteknologiselskap i Bergen. Du får undervisning av både forskarar innan medie- og interaksjonsfeltet og av praksislærarar frå næringslivet.

Undervisninga er lagt opp som workshops som kombinerer forelesingar og seminaraktivitet med praktiske øvingar. På slutten av studiet skal du også gjere eit bachelorprosjekt i samarbeid med eit selskap. Du må rekne med ein del sjølvstudium aleine og i grupper.

Undervisninga og litteraturen vil være på engelsk og norsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Du vil være på feltarbeid to gonger i studieløpet: Du vil vitje lokale medieselskap der du vil observere arbeidspraksisar over tid, og du vil undersøkje korleis mediebrukarar interagerar med medieteknologi. Feltarbeidsperiodane varar i ca. 4 veker.

Det er internpraksis i første, andre, tredje og fjerde semester. Under internpraksis vil studentane jobbe i gruppar med utviklinga av ei praktisk prototype. Internpraksisen vert rettleia av praksislærarar frå næringslivet. I løpet av det sjette semesteret er du i praksis hos ein mediebedrift, der de lagar ei teknisk medieløysing i grupper. Kvar praksisperiode varer i ca. 4 veker.

I femte semester har du 30 frie studiepoeng. Du kan då velje å reise på utveksling eller å ta valfrie opne UiB-emne.

Les meir om studiekvardagen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Foto/ill.:
Simon Skjelvik Brandseth, UiB

Kva lærer du

Med ei bachelorgrad i medie- og interaksjonsdesign får du kunnskap om:

  • ulike omgrep knytt til interaksjonsdesign, prosjektplanlegging, programmering og datahandsaming.
  • interaksjonsdesign som ei del av ein kommunikativ prosess og forklare korleis design kan påverke interaksjon og opplevinga av produktet.
  • planlegging og utvikling av mediesystem og innhald, prototyping og design, samt utvikling av metodar for å brukarteste systema.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du har høve til å reise på utveksling det femte semesteret som ein del av dei frie studiepoenga dine. Universitetet har mange avtalar med ulike land og universitet rundt om i verda. 

Les om Anines utveksling i Nederland her.

Finn utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her