Hjem

Samfunnsøkonomi, bachelor, 3 år

Korleis kan vi best disponere ressursane i samfunnet? Studiet av samfunnsøkonomi handlar om å finne svar på dette spørsmålet.
  • Lengde3 år
  • Ordinær47.3
  • Primær43.4
  • Plassar98
  • OpptakskravMATTE4
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

På bachelorstudiet undersøker vi korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske forholda i andre land, og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte.

Vi står overfor store samfunnsutfordringar:

  • Skiljet mellom fattig og rik blir stadig større
  • Befolkninga i mange land blir eldre, og vi føder ikkje like mange barn
  • Klimaet endrar seg raskt, det same gjer arbeidsmarknaden

På bachelorstudiet i samfunnsøkonomi får du kunnskap om korleis desse utfordringane best kan bli møtt.

Som student hjå oss lærer du korleis vi kan analysere økonomiske prosessar i samfunnet gjennom ei grundig skolering i mikro- og makroøkonomi, samt økonometri.

Studiet passar for deg som er samfunnsengasjert, med interesse for metodefag og matematikk. Utdanninga gir gode karrieremoglegheiter og fridom til å velje emne for tverrfagleg fordjuping. Du kan også fordjupe deg i ein av dei anbefalte fagprofilane i samfunnsøkonomi.

Fem gode grunnar til å studere samfunnsøkonomi

Meir informasjon under

Samfunnsøkonomi ved UiB

Jobb

Som student i samfunnsøkonomi får du kunnskap som bidrar til at samfunnet kan bruke ressursane sine på ein berekraftig måte.

Samfunnsøkonomar arbeidar ofte med analyse- og utreiingsoppgåver, innan forsking og undervisning, som valutahandlarar eller innan formueforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar - i næringslivet eller i offentleg forvaltning.

Ein del arbeidar utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenestene.

Innan privat næringsliv arbeidar mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industri- og oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeidar i nær kontakt med den politiske leiinga), i Norges Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskolar.

Etter bachelorgraden kan du bygge på med ein mastergrad i samfunnsøkonomi. Dette vil gi deg betre moglegheiter på arbeidsmarknaden.

Les meir om kva du kan bli etter å ha studert samfunnsøkonomi

Meir informasjon under

Oppbygging

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Av desse er 90 studiepoeng spesialisering i samfunnsøkonomi, og 60 studiepoeng er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne, eller dra på utveksling i utlandet. Tema for bacheloroppgåva er også valfritt. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din.

For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar. «Velferd og politikk» er anbefalt for studentar som siktar seg inn mot å jobbe i offentleg sektor, mens «Bedrift, strategi og marknad» er anbefalt for studentar som siktar seg inn mot å jobbe i privat sektor. Profilane består av valemne innan samfunnsøkonomi, som du sjølv kan velje fritt frå.

Slik er studiet lagt opp:

1. Semester, haust: 

  • ECON100 Examen facultatum – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON140 Matematikk for økonomer (10 studiepoeng)
  • ECON115 Utviklingsøkonomi I, ECON116 Miljø- og ressursøkonomi, ECON121 Helseøkonomi eller ECON150 Marknad og moral (10 studiepoeng)

2. semester, vår:

  • ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
  • ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON240 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester, haust:

  • ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
  • ECON230 Makroøkonomi II (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)

4. semester, vår:

  • Utveksling/frie studiepoeng (30 studiepoeng)

5. semester, haust:

  • Utveksling/frie studiepoeng (30 studiepoeng)

6. semester, vår:

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

Som bachelorstudent i samfunnsøkonomi blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har eit aktivt fagutval som sikrar godt samhald mellom studentane, og jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø.

Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid. Det vil seie at du brukar omlag like mykje tid på studiet som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10 timar med undervising i form av forelesningar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve om eit sjølvvald tema.

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Som student på samfunnsøkonomi vil du halde til på campus på Nygårdshøgda i Bergen sentrum. Lesesalsplassar og PC-salar for studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er tilgjengeleg i Ulrike Pihls hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

Med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi får du:

  • kunnskap om dei grunnleggjande metodane for samfunnsøkonomiske analysar.
  • kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri.
  • kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi tilrår å reise ut i fjerde semester.

Døme på stader du kan reise til er USA, Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Spania og Portugal, men det finst også mange fleire.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATTE4: Gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timer, 1P + 2P).

Du dekker karakterkravet i matematikk om du har bestått eit av følgande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Søk her