Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelorprogrammet i sosialantropologi fører fram til graden bachelor i sosialantropologi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Sosialantropologi er den sentrale disiplin i det globalt samanliknande studiet av kultur og samfunn. Sosialantropologar undersøkjer det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette mangfaldet. Faget er difor vidt tematisk - all menneskeleg verksemd og kunnskap er interessant når sosialantropologar freistar å forstå variasjon, samanheng og endring i samfunn og kultur. Dette kjem òg til syne i faget sitt geografiske spenn. Sosialantropologar forskar overalt i verda og har ein særskilt tradisjon for studiar av ikkje-vestlege samfunn, men faget bidreg òg i høg grad til kunnskap om kultur, samfunn og organiseringsformer i Noreg og andre vestlege samfunn. Metodisk vektlegg faget feltarbeid, komparasjon og heilskapelege perspektiv. Under feltarbeid oppheld sosialantropologar seg i lang tid (månader eller år) i nært samliv med menneske for å få innsikt i liva deira. Den komparative metode tyder at sosialantropologar handsamar sine data ved å samanlikne dei med livsforhold andre stadar, òg forskaren sitt eige samfunn. Det heilskapelege overgripande blikket inspirerar sosialantropologar til å tenkje på tvers av livsområde (familieliv, økonomi, politikk, religion osv.) som gjerne handsamast meir isolert i andre fag. Sosialantropologi har i særskilt grad tilgjenge på menneske sine kvardagserfaringar, gjerne blant grupper som ikkje er i ålmenta sitt søkelys. Den djupe innsikta faget gjev i uvante tenkemåtar og levevis legg såleis grunnlag for kritiske og alternative perspektiv på eige samfunn.

Bachelorstudiet i sosialantropologi skal gje innsikt i sosial og kulturell variasjon verda over og har som mål å gje studenten metodiske og teoretiske reiskapar for å analysere strukturar, institusjonar og prosessar i mellommenneskeleg liv. Målsetjinga er for det første å gi ei brei og grunnleggjande innsikt i korleis menneske utformar og formast av røyndomsoppfatningar og samfunnsmessige forhold på ulike livsområde. Tema som handsamast er mellom anna slektskap, ekteskap, familie, sosiale nettverk og andre former for organisering av kvardagslivet; former for ulikskap som til dømes kjønn, kaste, klasse og etnisitet; tilpassingar til miljøet gjennom produksjonsformer, bytte og konsum; makt, legitimering, motstand og politisk spel; verdsbilete, magi, hekseri, religion og ritual, og kvardagslivet sitt forhold til stat, nasjon, migrasjon, globalisering og utviklingsprosessar. I tillegg til denne breie globale handsaminga av sentrale tematikkar i menneske sine livstilhøve får studenten òg meir djuptgåande kjennskap til sosiale og kulturelle særtrekk i to verdsregionar. For det tredje problematiserar bachelorstudiet forholdet mellom teori og empiri ved å leggja vekt på korleis ulike teoretiske perspektiv på røynda gjev ulike forståingar av sosialt og kulturelt mangfald.

Innføringsemnet (10 poeng) gjev studenten ei erfaring med den sentrale metoden i sosialantropologi - feltarbeid - og kastar lys på ulikskap og likskap i samfunn verda over. Dei neste temaemna (fire emne kvar på 15 poeng) drøftar menneskeliv med utgangspunkt i fire generelle tilnærmingar - sosialitet, materialitet, meining og makt. Ei rekkje meir spesifikke temaområde vert handsama under desse fire emna. Siste del av studiet er eit regionalemne (15 poeng) som gjev ei grundig etnografisk innsikt i to verdsregionar og som drøftar nytta av å legge til grunn eit regionalt perspektiv på kulturell variasjon. Til slutt skriv studenten ei sjølvstendig fagleg oppgåve ("bacheloroppgåve", 15 poeng) basert på dei gjennomførte emna. Oppgåveskrivinga er òg knytt til opplæring i akademisk skriving og informasjonssøking.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har tileigna seg komparativ kunnskap om ei rekkje menneskelege levemåtar verda over.
  • kan gjere greie for alternative kulturelle forståingar og praksisar på ei rekkje livsområde
  • har djupare etnografisk innsikt i (minst) to regionar av verda
  • kan gjere greie for faghistoriske utviklingstrekk og dei sentrale metodane og teoretiske perspektiva som ligg til grunn for ulike forståingar av kultur og samfunn innan sosialantropologi
  • har forståing for samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i antropologisk tekst

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan samanlikne kulturtrekk i ulike samfunn og identifisere konvensjonar i eige samfunn i kontrast til andre samfunn
  • har kjennskap til deltakande observasjon og etiske utfordringar knytt til feltarbeid
  • kan gjennom bacheloroppgåva samle informasjon om, og vise innsikt i, eit sjølvvalt fagleg tema
  • meistrar tekstanalyse og akademisk skriving på ein måte som legg grunnlag for sjølvstendige faglege utgreiingar, og som førebur kandidaten for arbeidslivet og høgare gradsstudiar i sosialantropologi


Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere korleis ein akademisk tekst er bygd opp, identifisere sentrale argument i tekstar, relatere og samanlikne ulike akademiske tekstar og formulere ei samla framstilling av dette
  • kan nytte bibliotek og andre kjeldesamlingar for å finne ny og relevant sekundærinformasjon i utarbeiding av eige prosjekt, føre referansar til kjelder i akademisk tekst og lage litteraturliste
  • kan utforme og drøfte ei fagleg problemstilling på sjølvstendig grunnlag, og under fagleg rettleiing komponere eigen tekst og framstille eigne argument
  • kan gjere bruk av analytiske omgrep og perspektiv til å reflektere over lokale og globale samfunnsprosessar.
  • har evne til kritisk tenking

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Anbefalte innføringsemne i bachelorprogrammet er ex.phil., SANT100 og SANT150 (kan erstattas av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester

  • SANT100 Invitasjon til sosialantropologi
  • SANT150 Akademisk skriving, metode og teori: antropologiske tilnærmingar
  • EXPHIL Examen Philosophicum

2. semester

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv
  • SANT103 Materialitet: Miljø, stad og økonomi

3. semester

  • SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon
  • SANT105 Makt: uttrykk og løyning

4. semester

  • Frie studiepoeng/utveksling

5. semester

  • Frie studiepoeng/utveksling

6. semester

Delstudium i utlandet

Studentar ved UiB kan inkludere eitt på førehand godkjent studieprogram ved eit anna universitet i sitt studium og sin norske grad. Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeida, mellom høvesvis dei nordiske universitet og universitet i EU-land, og gjennom bilaterale avtaler med land utafor Europa, er det organisert studentutveksling som ein del av universiteta sin ordinære verksemd.

Instituttet kan tilby råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad og til innpassing av utanlandsstudiet i graden. Det anbefalast at utanlandsstudiet leggjast til 4. eller 5. semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar / filmframvisningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftlig-, heime- og munnleg eksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad med spesialisering i sosialantropologi vil kvalifisere studenten for opptak til masterprogrammet i sosialantropologi og utviklingsantropologi ved UiB. Masterprogrammet er eit 2-årig fordjupingsstudie som skal styrkje analytiske evner og teoretisk og metodisk kompetanse. Studiet tar sikte på å kvalifisere studentane til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt på 4-6 månader som munnar ut i en avhandling basert på innsamla empirisk materiale.

Etter fullført mastergrad er det mogleg å gå vidare på PhD-studiet. I doktorgradsutdanninga utfører kandidaten eit sjølvstendig forskingsarbeid med doktoravhandlinga som det endelege resultat.

Relevans for arbeidsliv

Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i tverrfaglege team, og gjerne i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskular, og meir spesifikt innanfor arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og med miljøvern. Med rett samansetting av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket. I arbeidslivet blir antropologar ofte også tilsette på bakgrunn av at dei har gjort feltarbeid ein viss stad, og/eller har studert særskilde tema. I jobbsamanheng fungerer antropologar ofte som utprega brubyggjarar, og her kan dei nasjonale og internasjonale kontaktane dei har skaffa seg under feltarbeidet få stor praktisk nytte.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

E-post: studieveileder@sosantr.uib.no

Heimeside: http://www.uib.no/antro