Hjem

Sosialantropologi, bachelor, 3 år

Sosialantropologi er studiet av kulturelt og sosialt mangfald i verda. Som student lærer du om sosiale skilnadar, politikk, religion, makt, økonomi, slektskap, identitet, konflikt, kommunikasjon og sosiokulturelle dimensjonar ved rom og stad. Antropologar forskar i heile verda, med stor variasjon i tematikk og region. Som sosialantropolog arbeidar du med å forstå kulturelle kontekstar og korleis dei små tinga heng saman med det store biletet. 
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar85
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Ein student med bachelorgrad i sosialantropologi

  • har samanliknande kunnskap om menneskelege levemåtar verda over.
  • kan bruke analytiske omgrep og perspektiv til å reflektere over lokale og globale samfunnsprosessar.
  • forstår samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i antropologiske tekstar.
  • kjenner til og har erfaringar frå deltakande observasjon og etiske utfordringar knytt til feltarbeid.
  • kan analysere korleis ein akademisk tekst er bygd opp, finne sentrale argument i tekstar, samanlikne dei og formulere ei samla framstilling av funna.
  • kan gjere greie for faghistoriske utviklingstrekk og dei sentrale metodane og teoretiske perspektiva innan sosialantropologi.
  • kan bruke bibliotek og andre kjeldesamlingar for å finne ny og relevant informasjon i utarbeiding av eigne prosjekt, føre referansar til kjelder i akademisk tekst og lage litteraturliste.
  • kan utforme og drøfte ei fagleg problemstilling på sjølvstendig grunnlag, og under fagleg rettleiing komponere eigen tekst og framstille eigne argument.

Full liste med læringsutbytte 

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei veke har du forelesingar, seminargrupper og oppgåveskriving. I starten av studiet får du tett oppfølging og mykje undervisning. Utover i studiet får du meir tid til sjølvstudium, som lesing og kollokviegrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Du skal gjere eit minifeltarbeid i grupper allereie første semester. I siste semester skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvalt tema med rettleiing frå ein fagperson. 

Sosialantropologi er kjent for å ha eit inkluderande og engasjert studentmiljø, med aktive studentorganisasjonar som Fagutvalet og tidsskriftet Kula Kula og Antrohalvtimen. Du kan vere med i antropologisk podkast, arrangere debattar og andre faglege og sosiale treff. 

Instituttet held til i SV-bygget Lauritz Meltzers hus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. 

7 grunnar til å studere sosialantropologi

Meir informasjon under

Velg sosialantropologi ved UiB

Produsent:
UiB

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva kan du jobbe som? 

Arbeidslivet sett høge krav til fleksibilitet, sjølvstendig tenking og det å sjå andre sine perspektiv. Antropologistudiet gir deg denne kompetansen. 

Nokon får jobb på grunn av den generelle kompetansen og den kvalitative metoden ein får gjennom studiet. Andre blir anerkjent for sine region- eller temakunnskapar. 

Antropologar jobbar med alt frå 

  • forskings- og kommunikasjonsarbeid i media og internasjonale organisasjonar, som Røde Kors eller FN.
  • kulturomsetjing, for eksempel innanfor flyktning- og innvandringsfeltet. 
  • sosialt arbeid innan barnevern, rusomsorg eller liknande. 
  • privat og offentleg administrasjon og leiarskap, som UDI, IMDI, politiet, NAV og UiB 

Etter bachelor kan du gå vidare til masterprogrammet i sosialantropologi.

Meir informasjon under

Antropologer i arbeidslivet

Produsent:
UiB

Antropologar i arbeidslivet

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Slik er studiet bygd opp:

1. semester

2. semester

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
  • SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)

3. semester

  • SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)
  • SANT105 Politikk, makt og motstand (15 studiepoeng)

4. og 5. semester

  • Frie studiepoeng/utveksling (til saman 60 studiepoeng)

6. semester

  • SANT215 Komparativ regional etnografi (15 studiepoeng)
  • SANT260 Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)

Bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Dei obligatoriske emna Sosialt liv i globalt perspektiv, Materialitet: miljø, stad og økonomiKultur, meining og kommunikasjon , Politikk, makt og motstandKomparativ regional etnografi og Bacheloroppgåve utgjer spesialiseringa i sosialantropologi, på til saman 90 studiepoeng.  

60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Dette gjev deg eit år der du kan reise på utveksling, ta opne emne frå andre fagområde ved UiB eller fordjuping av antropologiske interessefelt. Slik kan du sjølv tilpasse innhald og oppbygging av bachelorgraden din. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester.

Studentar reiser til universitet i Europa, Stillehavet, Asia og Latin-Amerika. Du kan lære eit nytt språk og bli kjent med folk frå heile verda. Erfaringa kan bli viktig for val av tematikk på bacheloroppgåve og masterprosjekt, og i arbeidslivet etterpå.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Ein bachelorgrad i sosialantropologi vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i sosialantropologi. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrke analytiske evner og teoretisk og metodisk kompetanse. Med rettleiing frå ein fagperson vil du gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Du vil utføre feltarbeid på 4-6 månader og skrive ei avhandling basert på innsamla empirisk materiale.

Spørsmål om studiet? 

Telefon: 55 58 38 01

E-post: studieveileder.sosantr@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her