Samanliknande politikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær45
- Primær46,3
- Plassar111
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Politiske system og institusjonar har ulik utforming og funksjon, på same måte som den politiske åtferda blant borgarane varierer etter kva politiske kulturar dei lever i. Vi finn store variasjonar innanfor enkelte land over tid, så vel som mellom land.
Solid kunnskap om eige kulturområde og eiga historie er ofte eit vilkår for å kunne studere politiske forhold i andre delar av verda. Globalisering tilseier også at det er behov i det norske samfunnet for å auke kunnskapen om både Europa og andre land i verda. Programmet legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå dette vitskapeleg. I studiane får du opplæring i statistikkprogrammet R og du vil få innføring i programmering og koding i R.
Samanliknande politikk (Sampol) har eit unikt tilbod om praksis i ei bedrift som ein del av studieløpet ditt. På denne måten kan du nytte kunnskapen og eigenskapane du tileignar deg under studiet, samtidig som du får arbeidserfaring og nettverk. Nokre av våre samarbeidsbedrifter inkluderer FN-sambandet, Vest-Norges Brusselkontor, Bergen Kommune, og Bergen Næringsråd.
Møt studentane på samanliknande politikk
Meir informasjon under
Samanliknande politikk, bachelor, UiB
Jobb
Ein bachelorgrad i samanliknande politikk gir deg eit kunnskapsfundament og ei evne til å gjennomføre vitskaplege analysar som kvalifiserer deg for mange ulike jobbar.
Våre tidlegare studentar arbeider mellom anna som:
- analytikarar i næringslivet og nasjonale og internasjonale organisasjonar
- administrativt ansatte i kommunar, fylksekommunar og stat
- politiske rådgivarar
- aspirantar i utanriksdepartementet
- rådgivarar i departement og direktorat.
- kommunikasjonsmedarbeidarar og journalistar
- forskarar, utgreiarar og undervisarar
Etter bachelorprogrammet kan du søke deg vidare til desse masterprogramma:
- Masterprogram i samanliknande politikk ved UiB
- Masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB
- Masterprogram i samanliknande politikk/statsvitskap ved andre universitet i Norge og utlandet
Sjå kva våre tidlegare studentar jobbar med
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Slik er studiet bygd opp:
1. Semester, haust:
- EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)
- SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk (10 studiepoeng)
- SAMPOL103 Politiske ideologiar (10 studiepoeng)
2. semester, vår:
- SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng)
- SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)
- SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng)
3. semester, haust:
- SAMPOL115 Democracy and Democratization (15 studiepoeng)
- MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)
4. semester, vår:
- valfrie emne / utveksling (30 studiepoeng)
5. semester, haust:
- valfrie emne / utveksling (30 studiepoeng)
6. semester, vår:
- SAMPOL260 Bacheloroppgåve i samanliknande politikk (10 studiepoeng)
- To SAMPOL-valemne på 200-nivå (20 studiepoeng)
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltids studium). Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. 90 studiepoeng emne i samanliknande politikk utgjer spesialiseringa, og 60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. For eksempel har Sampol eit unikt praksistilbod, der du kan få arbeidserfaring i Norge eller utlandet. Du kan også velje opne UiB-emne, eller reise på utveksling. Tema for bacheloroppgåva er også valfritt. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden.
Studiekvardag
Som bachelorstudent på Sampol blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har eit aktivt fagutval som sikrar godt samhald mellom studentane, og jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø.
Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 5-11 timar med undervising i form av forelesningar, seminargrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving. Undervisningsmengda vil variere frå emne til emne. Det er nokre obligatoriske arbeidskrav dei første tre semestera av studiet, i form av oppmøtekrav og oppgåver som skal inn. Skriving av ei bacheloroppgåve høyrer også til studiet.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil du halde til på campus på Nygårdshøgda i Bergen sentrum. Lesesalsplassar og PC-salar for bachelorstudentar er tilgjengeleg i Ulrike Pihls hus og biblioteket ved SV-fakultetet.
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kva lærer du
Ein student med bachelorgrad i samanliknande politikk:
- kjenner drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva for stadium stats- og nasjonsbyggingsprosessane har gått gjennom i ulike land
- har grunnleggande kunnskap om og innsikt i dei politiske systema i ei rekke land, og den politiske historia, utviklinga og dei politiske institusjonane i desse landa
- har fått innsikt i samspelet mellom stat, politiske parti og ulike interessegrupper, i tillegg til ulike former for politisk deltaking og mobilisering
Utveksling
Samanliknande politikk gir deg innsikt i politiske forhold i mange land og område, og ved å reise på utveksling kan du få ytterlegare kunnskap ved å studere i eit anna land. Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk, og internasjonal erfaring som vert verdsett av mange arbeidsgivarar.
Samanliknande politikk har gode avtalar med mange universiteter rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der studiet har ein utvekslingsavtale som sikrar studentane ekstra økonomisk støtte for å reise på utveksling.
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, og det er anbefalt å reise i fjerde og/eller femte semester. Vi har utvekslingsavtalar med mange universitet i store delar av verda. Det er ein svært god kultur for utveksling på faget.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.