Hjem

Film- og TV-produksjon, bachelor, 3 år

Film- og TV-produksjon er ei yrkesretta og praktisk utdanning der du lærer foto, klipping, lydarbeid, manusutvikling og regi. Dette studiet passar best for deg som har ein brennande lidenskap for å fortelje gode historier, og som er sikker på at du vil jobbe i mediebransjen.
  • Lengde3 År
  • Ordinær59,2
  • Primær52,4
  • Plassar22
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i Film- og TV-produksjon ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. 

Frammøte: Studiestart er måndag 12. august.

Det er obligatorisk oppmøte på studieprogrammøtet denne dagen. Viss du ikkje møter kan du miste studieplassen din. Ta kontakt med studieveileder.mcb@uib.no dersom du ikkje kan møte.

Program: Her finn du program for studiestarten.

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite og gjere før studiestart, finn du på Ny student-siden.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Informasjonssenteret på 55 58 98 50 eller studierettleiar.svfa@uib.no.  

Kva lærer du? 

Studiet er akademisk forankra med ein teoretisk del der du lærer å analysere og vurdere ulike typar produksjonar. Du lærer om sjangrar, filmatiske verkemiddel og film- og TV-historie. Samtidig får du på dette studiet praktiske  handverksmessige ferdigheiter som er relevante for eit breitt spekter av audiovisuelle produksjonar, frå kortfilm til webserie til studioproduksjon til dokumentar til intervju. 

Studiet er lokalisert i Media City Bergen, saman med sentrale medieselskap som NRK, TV 2, ITV og BT så vi er tett på bransjen. Du får treffe desse naboane i undervisningssamanheng, og du skal ha utplassering hos relevante medieselskap. Det er slik sett ei praksisnær og bransjerelevant utdanning. 

Ein ferdig utdanna bachelorstudent i film- og TV-produksjon 

  • kan planlegge og produsere ulike typar TV-innhald 
  • kan utvikle idear, konsept og forteljingar for ulike typar TV-innhald 
  • har god kunnskap om ulike tradisjonar, sjangrar og format innanfor TV, samt deira narrative og stilistiske konvensjonar 

Studiekvardag

Som student i film- og TV-produksjon vil du bruke dagane dine på Media City Bergen, der det finst areal og eigne båsar til å studere. Universitetet har også mange andre lesesalar og bibliotek du kan bruke, for eksempel på SV-bygget. 

Bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon er eit studium på fulltid. Ei typisk veke kan ha rundt 20 timar med undervisning i form av forelesingar, workshops og studentproduksjonar. Det er det praktiske arbeidet som vil ta mest tid. 

I produksjonsperiodar kan det vere intenst med arbeid, og i delar av semesteret er det krav til at du deltar på obligatorisk opplæring eller obligatoriske øvingar. I andre delar av semesteret vil du disponere tida meir fritt og sjølvstendig, og da bør du vere flink til å bruke tida til sjølvstudium, enten det er med bøker eller teknisk utstyr. 

Meir informasjon under

Bachelor i Film- og TV-produksjon

Producer:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Ein bachelorgrad i film- og TV-produksjon kvalifiserer deg til arbeid innanfor film- og TV-produksjon, i yrke som TV-journalist, klippar, fotograf, lydperson eller produsent. Du vil kunne jobbe både i større organisasjonar og som sjølvstendig film- og TV-skapar. Du kan også gå inn i store multimediale mediehus som opererer på fleire plattformer. 

Samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medium sikrar at du er vel forberedt på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver innanfor alle delane av det mangslungne medie-, kunst- kommunikasjons- og informasjonsfeltet. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

Slik er studiet bygd opp: 

1. semester

2.semester

3.semester

4.semester

  • Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng) 

5.semester

6.semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling i fjerde semester.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorgraden kan du søke opptak til masterprogrammet i manusutvikling for seriar ved UiB. Du kan også søke på ei lang rekke internasjonale masterprogram i film/TV-produksjon.

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 33 85 

E-post: studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp

Les heile studieplanen

Søk her