Hjem
Utdanning
Studieretning

Bachelorprogram i miljø- og ressursfag, naturvitskapelig retning

  • Lengde3 år
  • Poenggrense 
  • Plassar
  • Studiepoeng180

Introduksjon

Programmet utgår

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet.

Kva kan du bli

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag legg vekt på auka samfunnsorientering og erkjenning av kor viktig det er å ha ein tverrfagleg bakgrunn. Tverrfagleg utdanning gir eit godt grunnlag for å utvikle den kompetansen som dei enkelte verksemdene treng. Dermed er din kompetanse ein ressurs i næringsliv og forvalting. Det er dessutan nyttig med ein tverrfagleg bakgrunn dersom du siktar deg inn mot ei forskarkarriere.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.

Studievegar

  • Bachelor (3 år)

Det treårige studiet kombinerer miljø- og ressursemne frå både naturvitskapane og frå samfunnsvitskapane. Studentar på bachelorprogramma i miljø- og ressursfag vel mellom studievegane kjemi eller biologi for den naturvitskapelege retninga og samfunnsøkonomi eller geografi for den samfunnsvitskaplege retninga. Emne frå studievegen inngår i spesialiseringa saman med tverrfaglege emne, naturvitskaplege emne og samfunnsfaglege emne.

  • Master

Etter bachelorprogrammet kan du søke på eit toårig masterprogram i geografi, samfunnsøkonomi, kjemi eller biologi. Kvalifisering til dei ulike masterprogramma blir gjort ved å velje ein studieveg mot ønska masterprogram.

  • Forsking

Forskinga på fagfeltet kombinerer fag som biologi, kjemi, geografi og økonomi, ein kombinasjon som vil være nødvendig for løysing av viktige miljø- og ressursutfordringar både i eit lokalt, regional, nasjonalt og globalt perspektiv.

  •  Sjå også desse studia

Geografi, biologi, kjemi, samfunnsøkonomi, utviklingsstudiar.

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag skal innehalde innføringsemnet Ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor miljø- og ressursfag. Du kan velje delar av dei siste 80 studiepoenga frå andre fag. Valemne må veljast etter valt studievei.

Alle studentane på programmet har eit felles førstesemester med emna ECON116, MNF115 og KJEM100. Innføringsemnet Ex.phil tar ein i 2. eller 4. semester.

Programmet er bygd opp kring 6 obligatoriske emne (kvart på 10 studiepoeng)

  • MNF115 Naturvitskaplege perspektiv på berekraftig utvikling
  • KJEM100 Kjemi i naturen eller KJEM110 Kjemi og energi
  • GEO281 Miljøforvaltning og planlegging
  • ECON116 Miljø- og ressursøkonomi
  • FIL236 Miljøetikk
  • MNF110 Miljø, klima og historia til mennesket

I tillegg vel du 30 studiepoeng med spesifiserte miljø- og ressursemne frå ei valt studieveg (biologi, geografi, kjemi eller samfunnsøkonomi).

Følgande emne anbefalast som spesialisering i dei ulike studievegane:

Semestra for valfrie emne blir tilpassa eigne ønske og kva studieplassar som er tilgjengelege. Dersom du skal gå vidare på eit masterprogram, må du fylle opptakskrava for det aktuelle programmet, og bruke dei som rettleiing når du vel dei valfrie emna dine. Miljø- og ressursstudium inngår i dei fleste faga ved universitetet og kan derfor kombinerast med ei rekkje fag innanfor naturvitskap, samfunnsvitskap, historisk-filosofiske fag, jus og psykologi. Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og skriving for læring.

Anbefalte emnekombinasjonar for kvalifisering til masteropptak ved dei ulike programma knytta til miljø- og ressurs finnst her: http://www.uib.no/bio/56400/bachelor-i-milj%C3%B8-og-ressursfag

Bachelorprogram i miljø- og ressurssstudier (krav 180 SP)
Studieretning
Bachelorprogram i miljø- og ressursfag, naturvitskapelig retning (krav 180 SP)
Innføringsemne (krav 20 SP)
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum - skuleeksamen101–62
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–62
MAT101Brukarkurs i matematikk I101–61
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
Spesialisering (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON116Miljø- og ressursøkonomi 101–61
FIL236Miljøetikk101–63
GEO281Miljøforvaltning og planlegging101–63
KJEM100Kjemi i naturen101–61
MNF110Miljø, klima og mennesket si historie101–63
MNF115Perspektiv på berekraftig utvikling101–61
Studievei
Studievei biologi (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
BIO100Innføring i evolusjon og økologi101–63
BIO101Organismebiologi 1101–62
BIO102Organismebiologi 2101–63
Studievei kjemi (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KJEM110Kjemi og energi101–62
KJEM120Grunnstoffenes kjemi101–63
KJEM130Organisk kjemi101–62
Valfrie emne (krav 70 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet lengre.

Opptakskrav

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet lengre.

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for biovitenskap (BIO)

Ta kontakt med studierettleiar på:
studierettleiar.mnfa@uib.no
eller telefon 55 58 30 30