Hjem

Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utd utanfor EU/EØS-området

Har du tatt odontologisk grunnutdanning utanfor EU/EØS-området? Med dette studieprogrammet får du tilpassa din utanlandske utdanning med norsk, integrert master i odontologi.
  • Lengde1,5 år
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng90

Hovedinnhold

På studiet vil du lære korleis odontologi blir praktisert i Noreg, kva forsking som ligg til grunn for dette og kva nasjonale tannhelseforebyggande tiltak som blir prioritert. Ved å gjennomføre denne utdanninga vil du òg lettare bli integrert i det norske samfunnet, både kulturelt og sosialt.

Noreg treng fleire tannlegar, og gjennom dette studieprogrammet får du brukt og vidareutvikla fagkompetansen din på ein fagleg, pasientsikker måte.

Studiekvardag 

På dette programmet får du eit opplegg tilpassa ditt faglege utgangspunkt og progresjon. Dei avsluttande prøvene blir fastsett etter ei vurdering per fagområde.Studentar som har tatt denne utdanninga sette pris på:

  • Stort fagleg utbytte med bratt læringskurve
  • Inngang til norsk arbeidsliv etter riktig fagleg nivå
  • Lettare integrering i det norske samfunnet med større forståing for norsk tankegang og kultur

På dette studieprogrammet må du rekne med eit tett undervisningsprogram med fulle arbeidsveker. Det du vil bruke mest tid på er klinisk pasientbehandling. I løpet av studiet har du òg 10 heile dagar i praksisteneste ved DOT Vestland oftast i 2. semester. Utover dette brukar vi ulike læringsformer som forelesingar, seminargrupper, laboratorium og praktiske øvingar og sjølvstudium. 

Undervisninga er på norsk og svensk, mens litteraturen er på norsk og engelsk.

Alle delar av studiet er obligatoriske, med unntak av forelesningar.

Du kan bli med i ei av forskargruppene ved Institutt for klinisk odontologi eller andre miljø ved Det medisinske fakultet

 

Retningslinjer vedrørende arbeidstøy under studiet: 

Studentene skal bruke arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene. Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort arm for å sikre adekvat håndhygiene. Religiøse hodeplagg som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy. Alt arbeidstøy eies av Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til studentene.

Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk finner du her.

Kva kan eg bli

Med denne utdanninga får du jobbe som tannlege i Noreg i enten offentleg eller privat sektor. Det er behov for tannlegar, spesielt i distrikta, så det er vanleg å få jobb etter dette studiet.

Når du har fullført og bestått programmet, må du søke om å bli autorisert som tannlege på nytt. Helsedirektoratet har meir informasjon om autorisasjonsordninga.

Etter kvalifiseringsprogrammet kan du gå vidare til doktorgrad. For å kunne søke opptak til ph.d.-programmet kan du til dømes først søke deg til spesialistutdanning og deretter søke om opptak til doktorgradsutdanninga.

Oppbygging

Studiet er eit fulltidsstudium på 90 studiepoeng. Programmet har oppstart kvart 1,5 år, vekselvis i januar og august. Ved studiestart i januar, vil neste kull starte i august året etter.

Studiet består av desse elementa:

  • Praktisk ferdigheitstrening i kliniske fagdisiplinar 
  • Teoretisk tilpassa seminar i 12 fagområde
  • Tverrfaglege kurs og seminar som: smittevern, førstehjelp, fleirkulturell samhandling, kommunikasjonstrening, klinisk fotografering, OPUS journalsystem 
  • 10 dagars praksisteneste ved DOT Vestland 
  • Klinisk pasientbehandling 
  • Avsluttande teoretiske prøver i 11 fagområde samt diverse delprøver 
  • Avsluttande kasuseksamen over 1,5 dagar

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet.

Opptak

Du søker elektronisk gjennom Søknadsweb, og du må laste opp all relevant dokumentasjon som vedlegg. 

Formelle opptakskrav:

  • Odontologisk grunnutdanning som er vurdert av Helsedirektoratet eller Statens autorisasjonskontor for helsepersonell. Dersom vurderinga viser eit moderat avvik frå norsk utdanning i odontologi, kan Kvalifiseringsprogrammet være et eigna tiltak for senere å få innvilga norsk autorisasjon som tannlege. Vurderinga og konklusjonen frå autorisasjonsstyresmaktene ligg til grunn for vurderinga vår av deg som søkjar.
  • Språkkrav i norsk og engelsk som for Samordna opptak. Du kan ettersende dokumentasjon om oppfylte språkkrav. Du må spesifisere i eit vedlegg til søknaden at du vil ettersende dokumentasjon på oppfylte språkkrav og kunne dokumentere deltaking på eit eventuelt språkkurs.
  • Norsk bustadsadresse på søknadstidspunktet.

Opptaksprosessen:

Viss du tilfredsstiller dei formelle opptakskrava, blir du kalt inn til første del av ein opptaksprøve:

  • Del 1 Praktisk: Her utfører du oppgåver på plasttenner med skriftleg begrunning for korleis du har løst oppgåva. Dersom du oppnår minst 40 prosent av antall moglege poeng, vil du få tilbud om å ta del 2.
  • Del 2 Teoretisk skriftleg prøve: Prøve i kliniske fag med noe innslag av pre- og parakliniske problemstillingar. Prøven er digital. Dagen etter blir du bedt om å møte til del 3.
  • Del 3 Intervju: Blir gjort med utgangspunkt i utdanninga di, erfaringa du har som tannlege, korleis din formuleringsevne og forståing på norsk er, motivasjonsgrad, klinisk erfaring og lengde på fråvær frå klinisk praksis, interesse for odontologi generelt (fremtidsutsiktar) og svar på del 1 og 2 av opptaksprøva.

Alle delene av opptaksprøva foregår på norsk, og alle delane (1-3) av opptaksprøva teller likt.

Om du er blant dei åtte søkjarane med best resultat, vil du få tilbod om opptak til Kvalifiseringsprogrammet.

Opptaksprosessen tar vanlegvis eit halvt til eit helt år. Søknads- og dokumentasjonsfrist: 25.februar 2022.

Reglement

Her finner du utfyllende studiereglement for dette studieprogrammet.