Hjem
Master

Design, master, 2 år

  • Lengde2 År
  • Plassar28
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Introduksjon

Masterprogrammet gir moglegheit for fordjuping med eit tidsperspektiv som gir rom for undersøking, prøving, feiling og endring av ståstad. Kvar student søker til utdanninga med eige prosjekt, og er dermed si eiga kjelde og viktigaste instrument. Kjernen i utdanninga er utvikling av masterprosjektet, som er eit større, sjølvstendig prosjekt. Studentane vel sjølve fordjuping innanfor eitt av fagfelta ved Institutt for design.

Fordjuping betyr å undersøke og eksperimentere, å grave opp fragmenter og råmateriale som grunnlag for designprosessar som kjem til uttrykk i visjonar og konsept. Masterstudentane må balansere eigne perspektiv mot andre sine, felles omsyn mot eigne mål, verda no mot verda som kjem.

Masterprogrammet integrerer teori og praksis, med vekt på forholdet mellom design som skapande praksis og design som idéfag. Undersøking gjennom design tyder samspel og veksling mellom ulike arbeidsformer og tilnærmingar, mellom eige skapande arbeid og kritisk refleksjon.

Kva kan eg bli

Vidare studium

Kandidatar med mastergrad i design kan søke opptak til eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller ph.d. i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Relevans for arbeidsliv Designarar med mastergrad frå UiB kan ha ulike designarroller og leie komplekse designprosessar, avhengig av faglege interesser og valt fordjuping i masterprogrammet. I arbeidslivet kan dei bidra med

¿ handlekraft og sjølvstendig tenking, forankra i relevante fortolkingsråmer og samtidsperspektiv på aktuelle utmaningar i samfunnet.

¿ Idé- og konseptutvikling , omsetjing av idear til handling og konkrete resultat, prosjekt og prosessar

¿ offensivt samspill i grupper, faglege og tverrfaglege

Kandidatar med fordjuping i visuell kommunikasjon har heilskapsperspektiv på korleis idear og konsept kan bli formidla gjennom ulike verktøy, material og medium. Sentrale fagfelt som typografi, illustrasjon, visuell identitet, redaksjonell design, rørlege bilde og interaktivitet er alle uttrykksformer for å gjere idear synlege, tenkelege og forståelege for andre.

Kandidatar med fordjuping i møbel- og romdesign/interiørarkitektur arbeider med relasjonen mellom menneske og omgjevnader, og uttrykker sine idear og konsept i form av tredimensjonale objekt og romlige former. Dei vektlegg samanhengen mellom møbeldesign og interiørarkitektur. Form, farge, material, lys, ergonomi og konstruksjon står sentralt.

Designaren er tilsett i offentlege og private verksemder. Mange er gründerar som startar eigne verksemder eller enkeltpersonføretak.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidatar med fullført masterutdanning har følgande kvalifikasjonar:

Kunnskap og ferdigheiter

Designaren kan

¿ arbeide metodisk og eksperimentelt i designprosessar

¿ utvikle, gjennomføre og formidle større, sjølvstendige designprosjekt

¿ initiere og leie komplekse designprosessar

¿ belyse og fortolke aktuelle sosiale og politiske spørsmål gjennom eige arbeid

¿ identifisere problemområde og foreslå løysingar til designsituasjonar, ut frå innleving i behov til ulike brukarar.

¿ artikulere, verbalt og visuelt, designfaglege intensjonar, verdiar og meiningar til ulike målgrupper, også utanfor eige fagområde

¿ bruke kunnskap frå forsking og teori i eige arbeid

Generell kompetanse

Designaren kan

¿ kommunisere og samhandle effektivt med andre i utviklingsprosessar, innanfor og utanfor eige fagfelt

¿ ta informert omsyn til fagleg usemje og mellommenneskelege forhold

¿ kritisk vurdere eigen progresjon og fornye eigne læringsstrategiar

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i design omfattar fire semesteremne for kvar studieretning, kvart emne har eit omfang på 30 studiepoeng.

Rekkefølge på emne:

Studieretning møbel- og romdesign/interiørarkitektur har følgande emne:
MAR1, MAR2, MAR3, MAR4

Studieretning visuell kommunikasjon har følgande emne :
MAV1, MAV2, MAV3, MAV4

Rekkefølgje for emne i studiet
MAR1, MAR2, MAR3, MAR4
MAV1, MAV2, MAV3, MAV4

Masterstudiet i design (krav 120 SP)
Masterstudiet i design - Studieretning (krav 120 SP)
Masterstudiet i design - Romdesign (krav 120 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAR 1Master møbel- og romdesign/interiørarkitektur, 1. semester30-1
MAR 2Master møbel- og romdesign/interiørarkitektur, 2. semester30-2
MAR 3Master møbel- og romdesign/interiørarkitektur, 3. semester30-3
MAR 4Master møbel- og romdesign/interiørarkitektur, 4. semester30-4
Masterstudiet i design - Visuell kommunikasjon (krav 120 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAV 1Master visuell kommunikasjon, 1. semester30-1
MAV 2Master visuell kommunikasjon, 2. semester30-2
MAV 3Master visuell kommunikasjon, 3. semester30-3
MAV 4Master visuell kommunikasjon, 4. semester30-4
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen