Hjem
Utdanning

Studieplan for MADESIGN Design, master, 2 år, haust 2020

Læringsutbyte

Kandidatar med fullført masterutdanning har følgande kvalifikasjonar:

Kunnskap og ferdigheiter

Designaren kan

¿ arbeide metodisk og eksperimentelt i designprosessar

¿ utvikle, gjennomføre og formidle større, sjølvstendige designprosjekt

¿ initiere og leie komplekse designprosessar

¿ belyse og fortolke aktuelle sosiale og politiske spørsmål gjennom eige arbeid

¿ identifisere problemområde og foreslå løysingar til designsituasjonar, ut frå innleving i behov til ulike brukarar.

¿ artikulere, verbalt og visuelt, designfaglege intensjonar, verdiar og meiningar til ulike målgrupper, også utanfor eige fagområde

¿ bruke kunnskap frå forsking og teori i eige arbeid

Generell kompetanse

Designaren kan

¿ kommunisere og samhandle effektivt med andre i utviklingsprosessar, innanfor og utanfor eige fagfelt

¿ ta informert omsyn til fagleg usemje og mellommenneskelege forhold

¿ kritisk vurdere eigen progresjon og fornye eigne læringsstrategiar

Delstudium i utlandet

Utveksling og eksterne prosjektperioder: Studieprogrammet tilbyr studentutveksling og/eller eksterne prosjekt perioder for studenter i det andre semesteret (MAR 2/MAV 2). Dette må være forhåndsgodkjent av studentens hovedveileder.

Studieplan

Namn på studieprogrammet: Masterprogram i design

Namn på grad: Master i design

Omfang og studiepoeng: 120 studiepoeng

Fulltid/deltid: Fulltid

Undervisningsspråk: Norsk og engelsk

Studiestart: Haust

Mål og innhald

Masterprogrammet gir moglegheit for fordjuping med eit tidsperspektiv som gir rom for undersøking, prøving, feiling og endring av ståstad. Kvar student søker til utdanninga med eige prosjekt, og er dermed si eiga kjelde og viktigaste instrument. Kjernen i utdanninga er utvikling av masterprosjektet, som er eit større, sjølvstendig prosjekt. Studentane vel sjølve fordjuping innanfor eitt av fagfelta ved Institutt for design.

Fordjuping betyr å undersøke og eksperimentere, å grave opp fragmenter og råmateriale som grunnlag for designprosessar som kjem til uttrykk i visjonar og konsept. Masterstudentane må balansere eigne perspektiv mot andre sine, felles omsyn mot eigne mål, verda no mot verda som kjem.

Masterprogrammet integrerer teori og praksis, med vekt på forholdet mellom design som skapande praksis og design som idéfag. Undersøking gjennom design tyder samspel og veksling mellom ulike arbeidsformer og tilnærmingar, mellom eige skapande arbeid og kritisk refleksjon.

Gjennom skapande prosessar, i samspel med materialar og verktøy, utviklar studentane sensitivitet for form, uttrykk og kommunikasjon, som er vesentleg i alle former for design, også immaterielle. Slik kan visuelt språk avklare og uttrykke ny innsikt. Studentane bruker materialar, form, farge, dimensjoner, bilde, tekst, struktur og funksjon for å skape meining. Dei gjer sine idear og konsept forståelege, for seg sjølv og andre ¿ gjennom design.

Utdanninga er forankra i fagmiljø som fører vidare og fornyar ein sterk tradisjon for arbeid i verkstad og spesialrom, kritisk tenking og samarbeid med omverda. Fagmiljøa ved Institutt for design er opne overfor nye idear innanfor sine fagfelt, og verdset mangfald i perspektiv på ulike designpraksisar og designroller. Ein vesentleg del av læringa i masterprogrammet skjer gjennom deltaking i felles faglege samtalar og diskusjonar ¿ mellom studentane, i fagmiljøet ved Institutt for design og i møte med andre fagmiljø. Eit eige seminarprogram er felles for alle studentane i masterprogrammet. Veksling mellom individuelt og kollektivt arbeid er sentralt.

Gjennom sine masterprosjekt bidreg studentane til nytenking og fagleg utvikling, gjerne på tvers av etablerte faggrenser. Aktuelle samfunnsutfordringar er ofte reflektert i masterstudentane sine arbeid. De formidlar eigne prosjekt ¿ skriftleg, munnleg og gjennom utstillingar. Masterstudentane er integrert i forskingsmiljøet ved Institutt for design og Fakultet for kunst, musikk og design. Forsking gjennom design er ei form for kunstnarleg utviklingsarbeid, som i Noreg er likestilt med annan forsking.

Læringsutbytte

Kandidatar med fullført masterutdanning har følgande kvalifikasjonar:

Kunnskap og ferdigheiter

Designaren kan

¿ arbeide metodisk og eksperimentelt i designprosessar

¿ utvikle, gjennomføre og formidle større, sjølvstendige designprosjekt

¿ initiere og leie komplekse designprosessar

¿ belyse og fortolke aktuelle sosiale og politiske spørsmål gjennom eige arbeid

¿ identifisere problemområde og foreslå løysingar til designsituasjonar, ut frå innleving i behov til ulike brukarar.

¿ artikulere, verbalt og visuelt, designfaglege intensjonar, verdiar og meiningar til ulike målgrupper, også utanfor eige fagområde

¿ bruke kunnskap frå forsking og teori i eige arbeid

Generell kompetanse

Designaren kan

¿ kommunisere og samhandle effektivt med andre i utviklingsprosessar, innanfor og utanfor eige fagfelt

¿ ta informert omsyn til fagleg usemje og mellommenneskelege forhold

¿ kritisk vurdere eigen progresjon og fornye eigne læringsstrategiar

Opptakskrav

Opptak til masterstudiet i design krev ein bachelorgrad i design, eller annan relevant utdanning tilsvarande 180 studiepoeng.

Søkjarane sine kvalifikasjonar blir i første opptaksrunde vurdert på grunnlag av prosjektutgreiing og dokumentasjon av relevant designfageig arbeid (portfolio). Søkjarar som kjem vidare til andre opptaksrunde blir innkalla til intervju.

Krav til prosjektutgreiing

Prosjektutgreiinga bør ha et omfang på ein til to A4-sider. Den skal gjere greie for:

¿ tema i prosjektet og område for designfagleg utforsking

¿ motivasjon til søkjaren for å gjennomføre prosjektet, og prosjektet sin samfunnsrelevans

¿ mål for prosjektet og hovudspørsmål

¿ korleis prosjektet er tenkt utført og presentert

Krav til portfolio

Portfolio bør innehalde dokumentasjon av designfaglege arbeid og prosjekt som syner at søkjaren er kvalifisert for å gjennomføre eit sjølvstendig masterprosjekt.

Språkkrav

Det er naudsynt at søkjaren beherskar engelsk ved studiestart. Arbeidsspråk er norsk og engelsk. Rettleiing blir gitt på begge språk.

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i design omfattar fire semesteremne for kvar studieretning, kvart emne har eit omfang på 30 studiepoeng.

Rekkefølge på emne:

Studieretning møbel- og romdesign/interiørarkitektur har følgande emne:
MAR1, MAR2, MAR3, MAR4

Studieretning visuell kommunikasjon har følgande emne :
MAV1, MAV2, MAV3, MAV4

Rekkefølgje for emne i studiet
MAR1, MAR2, MAR3, MAR4
MAV1, MAV2, MAV3, MAV4

Delstudium i utlandet

Fagmiljøet legger til rette for utvekslingsopphald ved partnerinstitusjonar eller praksisperiodar i utlandet. Utveksling eller praksis må vere relevant for studenten sitt masterprosjekt, og kan finne stad i andre og/eller tredje semester. Studenten gjer greie for sine planar og prioriteringar i prosjektutgreiinga, som skal godkjennast av hovudrettleiar i første semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Det sjølvstendige masterprosjektet er tufta på eit individuelt studieløp, der studentane sjølve gjer ein rekke faglege val og styrer eigen læring. Masterprogrammet krev høg grad av sjølvstende og vilje til å fordjupe seg over lengre tid i faglege problemstillingar.

Arbeidet med masterprosjektet går over fire semester, med utgangspunkt i prosjektutgreiinga, vidare undersøkingar og analyser. I første semester arbeider studentane med vidareutvikling av eigen prosjektutgreiing og eit forprosjekt med undersøking gjennom design.

Masterprosjektet skal inkludere en refleksjonsdel som bidreg til å plasserer prosjektet i ein kontekst. Denne skal fungere som reiskap for naudsynte val og vurderingar undervegs i designprosessen. Format for refleksjonsdelen kan variere ut frå karakteren til prosjektet.

I fjerde semester blir masterprosjektet presentert offentleg, som oftast ved deltaking i ein felles avgangsutstilling.

Rettleiing

Hovudrettleiar er studenten sin faglege og institusjonelle hovudkontakt, og har ansvar for å vurdere progresjonen til studenten. Kvar student har minst to møte med sin hovudrettleiar kvart semester. For nokre studentar vil det være ønskeleg med meir rettleiing undervegs i arbeidet med masterprosjektet. Det er opp til studentane sjølve å ta kontakt med og gjere avtalar med eventuelle birettleiarar. Rettleiing i mindre grupper har ein sentral plass i masterprogrammet.

Design i samanheng ¿ felles kurs- og seminarprogram

¿Design i samanheng¿ er eit designfagleg rammeverk og undervisningsprogram som er felles for alle studentar i masterprogrammet. Programmet går gjennom alle fire semester, og inkluderer seminar og kurs om idé- og konseptutvikling, teori, fagleg skriving, forsking og førebuingar til arbeidslivet.

Kursa og seminara som inngår i «Design i samanheng» vert presentert kvart år i Mitt UiB. Innhaldet kan variere frå år til år, avhengig av aktuelle faglege behov og problemstillingar. Studentane er medansvarlege for planlegging og gjennomføring av programmet.

Fagspesifikke kurs

Utdanninga omfattar eit differensiert tilbod av fagspesifikke kurs som sikrar naudsynt kompetanse innanfor dei ulike fordjupingane masterprogrammet omfattar. Kva for fagspesifikke kurs som er obligatoriske for den einskilde student avhenger av fordjuping han eller ho har valt. Val av fordjuping skjer i samråd med hovudrettleiar.

Vurderingsformer

Studentane blir mot slutten av semester 1 ¿ 3 vurderte på grunnlag av læringsmåla som er satt for det einskilde semester og tilhøyrande vurderingskriterier. Hovudrettleiar og ein annan faglig tilsett gjer mappevurderinga, som er ein samtale med utgangspunkt i studenten sin semesterrapport og munnlege utgreiing for eigen læring og arbeidsinnsats. Semestervurderinga vert avslutta med at studenten får strukturert tilbakemelding på eige arbeid og progresjon.

Ved semestervurderinga vert det nytta karakterane greidd og ikkje greidd. Ein student som oppnår karakteren greidd har nådd læringsmåla for det aktuelle semesteret, og har følgelig realisert læringsmåla som sitt faktiske læringsutbytte. Greidd semestervurdering er naudsynt for vidare studie i masterprogrammet, og utløyser 30 studiepoeng.

Eksamen

Masterprogrammet vert avslutta med eksamen i fjerde semester. Ved eksamensvurderinga blir studentane vurderte på grunnlag av læringsmåla som er fastsett for masterprogrammet og tilhøyrande vurderingskriterier for eksamen. Det blir fastsett separate fristar for innlevering av skriftleg del av eksamensprosjektet og ferdiggjering av den praktiske delen.

Eksamensvurderinga blir gjort av ein kommisjon med to eksterne sensorar og studenten sin hovudrettleiar. Eksamen skjer i form av ein presentasjon som inkluderer visning og kritisk vurdering av masterprosjektet, inkludert den skriftlege delen. Ved eksamen vert nytta karakterane greidd og ikkje greidd. Ein student som oppnår karakteren greidd har nådd læringsmåla for programmet, og har følgelig realisert læringsmåla som sitt faktiske læringsutbytte. Dersom eksamensarbeidet blir vurdert til karakteren bestått, skal studenten sitt masterprosjekt bli presentert på masterutstillinga.

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.01 for det komande semesteret.

Karakterskala

Greidd / ikkje greidd

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Kandidatar med mastergrad i design kan søke opptak til eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller ph.d. i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Relevans for arbeidsliv

Designarar med mastergrad frå UiB kan ha ulike designarroller og leie komplekse designprosessar, avhengig av faglege interesser og valt fordjuping i masterprogrammet. I arbeidslivet kan dei bidra med

¿ handlekraft og sjølvstendig tenking, forankra i relevante fortolkingsråmer og samtidsperspektiv på aktuelle utmaningar i samfunnet.

¿ Idé- og konseptutvikling , omsetjing av idear til handling og konkrete resultat, prosjekt og prosessar

¿ offensivt samspill i grupper, faglege og tverrfaglege

Kandidatar med fordjuping i visuell kommunikasjon har heilskapsperspektiv på korleis idear og konsept kan bli formidla gjennom ulike verktøy, material og medium. Sentrale fagfelt som typografi, illustrasjon, visuell identitet, redaksjonell design, rørlege bilde og interaktivitet er alle uttrykksformer for å gjere idear synlege, tenkelege og forståelege for andre.

Kandidatar med fordjuping i møbel- og romdesign/interiørarkitektur arbeider med relasjonen mellom menneske og omgjevnader, og uttrykker sine idear og konsept i form av tredimensjonale objekt og romlige former. Dei vektlegg samanhengen mellom møbeldesign og interiørarkitektur. Form, farge, material, lys, ergonomi og konstruksjon står sentralt.

Designaren er tilsett i offentlege og private verksemder. Mange er gründerar som startar eigne verksemder eller enkeltpersonføretak.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for koordinering av studieprogrammet, og gir råd til institutt og fakultet i saker som gjeld faglege prioriteringar, emne og kvalitetsutvikling.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studieveileder@kmd.uib.no

Tlf. 55 58 73 27