Hjem

Design, master, 2 år

På masterprogrammet i design får du fordjupe deg i eit skapande designprosjekt i to år. Du får tid til å utforske, prøve og feile, og du får tilgang til fagmiljø og verkstader i verdsklasse.
  • Lengde2 År
  • Plassar30
  • KarakterkravNei
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Du søker til utdanninga med ditt eige prosjekt, og er dermed di eiga kjelde og viktigaste instrument. Kjernen i utdanninga er utviklinga av eit større, sjølvstendig masterprosjekt. Du kan fordjupe deg innanfor møbel- og romdesign/interiørarkitektur eller visuell kommunikasjon. 

På masterstudiet diskuterer vi: 

  • Korleis kan vi som designarar bidra til nytenking og få fram ny fagleg kunnskap? 
  • Korleis kan vi reflektere aktuelle samfunnsutfordringar i det kreative arbeidet? 
  • Korleis kan vi utvikle eit kunstnarisk arbeid som går på tvers av etablerte faggrenser?   

Gjennom designpraksisen gjer vi idéar og konsept handgripelege, for oss sjølv og andre. Slik kan visuelt språk uttrykke ny innsikt og skape meining. 

Masterprogrammet integrerer teori og praksis, med vekt på forholdet mellom design som skapande praksis og design som idéfag. Undersøkingar gjennom design er eit samspel mellom material og verktøy, ulike arbeidsformer og tilnærmingar, mellom eige skapande arbeid og kritisk refleksjon. 

Studiekvardag

Kunst- og designstudia held til i eit nytt bygg på Møllendal i Bergen. Som masterstudent får du eigen arbeidsplass her og tilgang til fleire verkstader i verdsklasse. 

Som masterstudent i design blir du del av eit godt læringsmiljø på Institutt for design. Kombinasjonen av individuelt og kollektivt arbeid er sentral. Studiet tar opp små kull, og det er godt samhald mellom studentane. 

Ein vesentleg del av læringa skjer når du deltar i felles fagleg samtale og diskusjon i fagmiljøet ved Institutt for design og i møte med andre fagmiljø.  Som masterstudent er du ein del av forskingsmiljøet på instituttet og KMD.  

Det er ikkje obligatorisk å vere til stades på alle undervisningsaktivitetar, men sterkt  anbefalt. Det er obligatorisk å delta på vurdering, eksamen og utstilling. 

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i design kan du ha ulike designarroller og leie komplekse designprosessar. Designarar jobbar i offentlege og private bedrifter. Mange er gründerar. 

Med fordjuping i visuell kommunikasjon har du eit heilskapsperspektiv på korleis idéar og konsept kan bli formidla gjennom ulike verktøy, material og medium. Du kan gjere idéar synlege og forståelege gjennom typografi, illustrasjon, visuell identitet, redaksjonell design, rørlege bilete og interaktivitet. 

Med fordjuping i møbel- og romdesign/interiørarkitektur arbeider du med relasjonen mellom menneske og omgivnader, og uttrykker idéar og konsept i form av tredimensjonale objekt og romlege former. Du vektlegg samanhengen mellom møbeldesign og interiørarkitektur. Form, farge, material, lys, ergonomi og konstruksjon står sentralt. 

Opptakskrav og søknadsfrist

Du søker opptak til Fakultet for kunst, musikk og design. 

Meir informasjon om søknad og opptak til programmet.

Søknadsfristen er 1. februar. Du søker via SøknadsWeb. 

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i design er eit toårig fulltidsstudium fordelt på fire semester. Studieprogrammet startar i august. Kjernen i masterprogrammet er å utvikle sin egen designpraksis. Du kan fordjupe deg innanfor møbel- og romdesign/interiørarkitektur eller visuell kommunikasjon.  

Du vil i tillegg til designpraksis ha både obligatoriske og valfrie støtteemne.  

Masteroppgåve Masterprosjektet ditt er eit sjølvstendig arbeid som føreset eit individuelt studieløp. Du tar sjølv faglege val og styrer eiga læring. Masterprogrammet krev at du er svært sjølvstendig og vil fordjupe deg over lengre tid i faglege problemstillingar. 

Arbeidet med masterprosjektet går over alle fire semestera, med utgangspunkt i prosjektskildringa, vidare undersøkingar og analysar. Du skriv sjølve oppgåva dei to siste semestera. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling i andre eller tredje semester. KMD og Institutt for design har inngått utvekslingsavtaler med mange interessante studiesteder. Oversikt over alle utvekslingsavtalene finner du her.

Informasjon om utveksling

Vidare studiemoglegheiter

Med mastergrad i design kan du søke opptak til eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og bli lærar. Eller du kan søke opptak til ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid for moglegheita for å drive vidare forsking og undervisning på universitetsnivå.

Spørsmål om studiet? 

Tlf: +47 55 58 73 00  

E-post: studieveileder.kmd@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Studieplan Design, master, 2 år haust 2023