Arkeologi, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på masterprogrammet i arkeologi, eit studium ved Det humanistiske fakultet.
Studiestart: Velkomstmøte for masterprogrammet ditt
Program: program for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet
Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen, men noko å notere på kan vere greitt.
Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen.
Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss allereie no. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg, dersom du får tilbod om studieplass.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller send oss ein e-post: studieveileder@hf.uib.no
Som student i arkeologi blir du ein del av eit levande fag som i aller høgaste grad er under utvikling når det kjem til vitskapelege metodar og teoretiske diskusjonar.
Arkeologfaget ved Universitetet i Bergen er unikt i sin faglege samansetning ved at vi ikkje berre tilbyr undervisning og rettleiing innan alle dei forhistoriske og historiske periodane og Middelhavområdets arkeologi, men óg innan zooarkeologi og miljøarkeologi. Vi har også eit senter for fremragende forsking innan Sør-Afrikas steinalder, og det kan også bli gitt rettleiing innan dette.
På arkeologifaget har vi eit langtidsperspektiv og tverrfagleg tilnærming til menneske, natur- og kulturforhold. Dette gjer det mogleg for oss å stille spørsmål ved og forstå dagens utvikling innan klima, økonomi, migrasjon, politikk og religion.
Arkeologar har som oppgåve å forvalte, verne og formidle kulturhistoriske spor i landskapet. Utgravingar og registrering skjer lokalt. Som arkeolog blir du ein viktig formidlar av mennesket si fortid lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Meir informasjon under
Utforsker kulturminner med drone
Jobb
Med ein mastergrad i arkeologi kvalifiserer du til arbeid som arkeolog ved arkeologiske utgravingar og registreringar og som sakshandsamar innan kulturminnevern og kulturminneforvaltning. Arkeologar jobbar også med forsking, undervisning og formidling ved ulike forskingsinstitusjonar og innan museumssektoren. Arkeologar jobbar og i andre typar offentlege og private verksemder innan kulturfeltet.
Du kan gå vidare etter masterutdanning med doktorgrad (ph.d.) som kan kvalifisere til vitskaplege stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren.
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig heiltidsstudium som startar i august og januar, med hovudopptak i august.
Det første året tek du ulike emne til dømes eit praksiskurs i arkeologiske feltundersøkingar og emne innanfor prosjektførebuing, teori og metode. Det siste året er hovudsakleg konsentrert omkring masteroppgåva.
Eit masterprogram i arkeologi kan sjå slik ut:
1. semester
ARK308 Arkeologi: Landskap, kulturminne og forvalting (obligatorisk) 10 sp
ARK303 Prosjektskildring (obligatorisk) 10 sp
ARK305 Teori og metode (obligatorisk) 10 sp
2. semester
ARK307 Arkeologisk praksis (obligatorisk) 20 sp
ARK304 Spesialemne. (valfritt) 10 sp
3. og 4. semester
AHKR300 Forskingsetikk (obligatorisk) 0 sp
ARK350 Masteroppgåve 60 sp
Studiekvardagen
Masterstudiet i arkeologi er eit allsidig studium der vi nyttar mange ulike læringsformer. I ei vanleg veke vil du bruke ca. 2-4 timar på undervisning. I tillegg kjem sjølvstudium.
Aktivitetane varierer frå semester til semester:1.semester er det mest forelesingar og seminar, mens 2.semester òg har praktisk arbeid. I 3.og 4.semester skriv du masteroppgåve og har dermed mest sjølvstudium under rettleiing. Undervisninga knytt til emnet ARK302 gir kontakt med ulike, potensielle arbeidsgivarar og innblikk i dei praksisområdane du kan vere interessert i som arbeidsplass etter studiet. Du får eigen arbeidsplass på lesesalen når du er masterstudent.
Feltkurs
Studentane er ute i felten i om lag tre veker på slutten av 2. semester. Feltkurset gir kunnskap i både arkeologisk utgraving og registrering. Det å vere i felten saman skapar eit godt samhald og studiemiljø.
Praksis
Det er ei veke praksis på studiet. Instituttet har avtale med Hordaland Fylkeskommune. Praksisen har du i 3. eller 4. semester.
Masteroppgåve
Du har to semester til å skrive masteroppgåva. Tema for oppgåva kan du stort sett bestemme sjølv, i samråd med rettleiaren sin kompetanse.
Kva lærer eg?
På masterprogrammet i arkeologi lærer du:
- å studere eit kjeldemateriale, kategorisere og analysere, og skrive ein tekst basert på dette.
- å jobbe sjølvstendig som forskar, men også i team, med arkeologisk utgraving og rapportering.
- å vere kritisk til kjelder og tolking.
- analyseverktøy, som geografiske informasjonssystem (GIS), samt arkeologisk utgraving og registrering.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt semester i Storbritannia, Tyskland, Sør-Afrika, Danmark eller Sverige.
Våre utvekslingsavtalar:
Christian-Albrechts-Universität zu Kiel
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 20. april.