Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-DIKUL Digital kultur, master, 2 år, haust 2019

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidssstudium.

Undervisningsspråk

Undervisninga i Digital kultur føregår dels på norsk og dels på engelsk. Digital kultur tiltrekkjer seg mange utanlandske studentar og nokre av emna i programmet blir derfor undervist på engelsk. Det er alltid mogleg å levere obligatoriske oppgåver og eksamenssvar på norsk, engelsk, dansk eller svensk. I særlege tilhøve kan oppgåver leverast på andre språk etter avtale med kursleiar.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Digital kultur set fokus på sosiale, kulturelle og estetiske aspekt ved informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og på samspelet mellom kultur, samfunn og teknologi.

Masterprogrammet i Digital kultur har som mål å gje studentane ei brei og grundig innføring i aktuelle problemstillingar, metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar innan humanistiske perspektiv på digital kultur. Mastergradsstudiet i Digital kultur inneheld fleire hovudretningar, som alle kan kombinera teoretiske, metodiske, estetiske og teknologiutviklande perspektiv. Faget føreset både praktisk dugleik og analytiske og kreative evner innan område som elektronisk litteratur, spillteori, sosiale medium og digital medieestetikk. Faget føreset òg evne til å reflektere over teknologi, estetiske uttrykk, artefaktar, menneske, samfunn og kultur i samanheng.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten har:

  • god kunnskap om digital kultur, inkludert kunnskap om sentrale digitale verktøy
  • inngåande kunnskap på sitt spesialfelt (masteroppgåva)
  • grunnleggjande kunnskap om vitskapeleg teori, metode og forskingsetikk innan Digital kultur
  • kunnskap om aktuelle spørsmål og problemstillingar som informasjons- og kommunikasjonsteknologi reiser i forhold til kunst, kultur og samfunn.
  • tileigna seg og kan gjere seg nytte av kunnskap på nye område innanfor fagområdet Digital kultur
  • inngåande kunnskap om informasjonsteknologi og historie, Internett sitt utbreiingsmønster, sentrale forskingstema som rører ved individ, artefaktar og teknologi, kulturelle endringsprosessar knytt til digitale uttrykksmåtar, estetiske tendensar innan digital kunst og litteratur, og aktuelle spørsmål og problemstillingar i samband med dette.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar, teorier og metodar.
  • kritisk granske eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar som høyrer til fagområdet Digital kultur
  • nytte teori og relevante forskingsresultat om digital kultur på ein kritisk måte
  • bruke relevante faglege verktøy og kommunikasjonsformer innan Digital kultur på ein sjølvstendig måte
  • gjennomføre eit avgrensa forsknings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskningsetiske normer

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • nytte eigen kunnskap på nye område
  • på sjølvstendig grunnlag fortsetje si eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kommunisere om faglege problemstillingar og analyser innan Digital kultur, både med spesialistar og til allmenta
  • ta del i den offentlege debatten om digital kultur

Opptakskrav

Masterstudiet byggjer på ein bachelorgrad med spesialisering i Digital kultur eller tilsvarande.

For søkjarar utan spesialisering i Digital kultur kan følgjande kvalifisere for opptak:

  • minst 60 studiepoeng i Digital kultur eller tilsvarande studium innan teknologifag med basis i humaniora eller samfunnsfag, t.d medievitskapelege fag som fokuserar på digitale medium.
  • 30 studiepoeng i tillegg som er relevante for masterstudiet
  • tilleggssøknad (500-700 ord) som gjer greie for relevant fagleg bakgrunn og kompetanse

Søkjarane vert individuelt vurderte av fagmiljøet.

Søkjarar utan ei godkjend spesialisering i Digital kultur kan måtte ta enkeltemne frå bachelornivået i Digital kultur før dei kan takast opp til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Søkjarar til masterstudiet i Digital kultur bør ha kjennskap til faglege debattar innan digital kultur, nye medium, teknologi og samfunn, og må ha bakgrunn frå humaniora eller samfunnsvitskap.

Obligatoriske emne

  • DIKULT301 - Metodar og mastergradsprosjekt i Digital kultur (15 sp, vår)
  • DIKULT302 - Sentrale teoriar i Digital kultur (15 sp, haust)
  • DIKULT350 - Masteroppgåve i Digital kultur (60 sp, vår og haust)

Tilrådde valemne

  • DIKULT303 - Digital medieestetikk (15 sp, haust)
  • DIKULT304 - Seminaremne i digital kultur (15 sp, vår)
  • DIKULT207 - Praktisk forskingstrening i digital humaniora (15 sp, haust)
  • DIKULT208 - Kollaborativ kreativitet i nye medium (15 sp, uregelmessig/haust med intensivseminar om sommaren)

Som valemne i masterstudiet kan studentane dessutan velje:

  • MEVI345 - Computer Game Studies
  • MEVI348 - Kritiske perspektiv på stordata
  • INFO352 - Advanced Topics in Technology Enhanced Learning (15 sp)
  • INFO361 - Menneske-maskin interaksjon (15 sp) (Emna blir gitt av Institutt for informasjons- og medievitskap.)
  • DASP303 -Datalingvistisk modellering (15 sp) (Emnet blir gitt av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium)

Det er òg mogeleg å ta valemne ved andre universitet.

Sjå informasjon om "delstudium i utlandet".

Rekkefølgje for emne i studiet

Det er tilrådd at kandidatane tar kursdelen det første året. Hovuddelen av arbeidet med masteroppgåva (DIKULT350) vil normalt utgjere det siste året av studiet.

Ein mastergrad i digital kultur kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust):

  • DIKULT302 - Sentrale teoriar i digital kultur (Obligatorisk, 15 sp)
  • DIKULT303 - Digital medieestetikk (15 sp) eller annet valemne (sjå «Tilrådde valemne») (15 sp)


2. semester (vår):

  • DIKULT301 - Metodar og mastergradsprosjekt i Digital kultur (obligatorisk, 15 sp)
  • DIKULT304 - Seminaremne i digital kultur eller annet valemne (sjå «Tilrådde valemne») ( 15 sp)

3. og 4. semester:

  • DIKULT350 - Masteroppgåve i digital kultur (obligatorisk, 60 sp)

Delstudium i utlandet

Det er mogeleg å ta delar av studiet i utlandet. Digital kultur vil spesielt tilrå utveksling gjennom Nordplus Nordic Digital Culture Network, som opner for delstudium i:

  • Digital kultur, Universitetet i Lund, Sverige
  • Digital Culture, University of Jyväskylä, Finland
  • Digital Design and Communication, og Media Technology and Games, IT Universitetet i København

I tillegg kjem tilrådde utvekslingsavtalar gjennom Erasmus+ med Universitetet i Strasbourg, Dresden, Brussel, Granada, Montréal m.fl.


Nærare informasjon hos studierettleiar.

Undervisningsmetodar

Undervisningsformene involverer førelesing, seminar og rettleiing. Det vert forventa aktivitet frå studentane i dei fleste emna, i form av skiftlege og munnlege presentasjonar.

Vurderingsformer

I løpet av masterstudiet i Digital kultur vil du skrive prosjektskisse, semesteroppgåver og essays. Masteroppgåva kan ha ein teoretisk og/eller empirisk karakter, ei praktisk programteknisk karakter eller kunstnarisk vinkling.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Master i Digital kultur kan gi grunnlag for å søkje opptak til ph.d. i Digital kultur.

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i Digital kultur kvalifiserer til yrke der bruk og tilrettelegging av digitale medium står sentralt, både i kulturinstitusjonar og i offentleg og privat sektor.

Alumner frå masterprogrammet i Digital kultur finn i stor grad jobbar ut frå kva tema dei vel for masteroppgåva. Dei arbeider no som webutviklarar, medielærarar, forskarar, kulturarbeidarar, journalistar, programutviklar, spelutviklar og informasjonsarbeidar, eller generelt med digital kommunikasjon og bruk av digitale plattformar og verktøy internt i organisasjonar.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret i Digital kultur har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@lle.uib.no.