Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-ENG Engelsk, master 2 år, vår 2024

Namn på grad

Master i engelsk

Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i Rutinar for masterstudiet ved HF.

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

Mål og innhald

Mastergrad i engelsk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og er samansett av to hovuddelar, ein kursdel og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst 30 studiepoeng må vere i same disiplin som masteroppgåva.

Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- har utdjupa kunnskapane som han/ho har med seg frå tidlegare engelskstudium gjennom spesialiserte studium i engelsk lingvistikk, engelskspråkleg litteratur eller kultur

- har utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom teoretisk og metodisk skolering i dei einskilde kursemna

- har kjennskap til nyare forsking innan dei ulike emna

- har utvikla spesialisert dybdekunnskap om eit sjølvvalt område innan engelskstudium gjennom masteroppgåva

- kan formidle og problematisere sentralt fagstoff

Ferdigheiter

Kandidaten

- har gode språkferdigheiter i munnleg og skriftleg akademisk engelsk

- meistrar relevant fagleg terminologi, ulike teoriar, verktøy og teknikkar

- kan reflektere over eigne ferdigheiter og fagleg utvikling

- kan bruke fagleg kunnskap og relevante resultat frå forsking i arbeid med engelsk lingvistiske eller litterære problemstillingar

- kan kritisk innhente og bruke relevant fagstoff om engelsk lingvistikk eller litteratur/kultur

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan formulere ei problemstilling eller eit forskingsspørsmål som kan føre til ny kunnskap

- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing

- kan bruke ulike forskingsverktøy for å undersøke et forskingsfelt

- kan følgje forskingsetiske normer, til dømes normer for bruk og sitering av kjelder

- kan organisere og produsere eit omfattande skriftleg dokument i tråd med spesifiserte krav og retningslinjer.

For å nå desse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen og ta aktivt del i dei seminara dei deltek i. Særleg arbeidet med masteroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid.

Opptakskrav

Masterprogrammet i engelsk byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i engelsk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad fra UiB som kvalifiserer:

  • Bachelor i engelsk

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i engelsk eller tilsvarande.
  • Søkjarar med utdanning frå utlandet må ha fullført og greidd ein lågare grad (Bachelor) på tre eller fire år frå ein godkjend høgare utdanningsinstitusjon. Bachelorgraden må innehalde ei spesialisering i engelsk tilsvarande om lag 1 ½ års fulltidsstudium.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Masterprogrammet i engelsk har engelsk språkkrav, og du dekkjer dette språkkravet viss du har ein bachelorgrad i engelsk frå ein utdanningsinstitusjon i Noreg.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

Ein kan ta spesialisering i masterprogram i engelsk innanfor områda lingvistikk eller litteratur/kultur.

Spesialisering i lingvistikk

Vel seks av emna

ENG339 Masteremne i lingvistikk I (10 stp) (H)

ENG341 Masteremne i lingvistikk II (10 stp) (H)

ENG343 Masteremne i lingvistikk III (10 stp) (H)

ENG345 Masteremne i lingvistikk IV (10 stp) (V)

ENG347 Masteremne i lingvistikk V (10 stp) (V)

ENG349 Masteremne i lingvistikk VI (10 stp) (V)

Spesialisering i litteratur/kultur

Vel tre av emna

ENG331 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur I (10 stp) (H)

ENG332 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II (10 stp) (H)

ENG333 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III (10 stp)(H)

ENG334 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV (10 stp) (H)

ALLV221 Litteraturteori (10 stp.) (H)

Våremna

ENG335 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV (10 stp) (V)

ENG336 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V (10 stp) (V)

ENG337 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VI (10 stp) (V)

Obligatorisk for begge spesialiseringar

ENG350 Masteroppgåve i engelsk (60 stp) (H/V)

Når ressursane tillèt det vert tilleggsemna ENG334 og ENG336 tilbodne som valalternativ om hausten og våren. Studentane tek då tre av fire litteraturemne per semester.

Minst 30 studiepoeng må vere i same disiplin som masteroppgåva, og desse må som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva så tidleg som mogleg i andre semester. Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde semesteret. Studentane får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttstyrar. Dersom ein student bruker meir enn to semester på å ferdigstille masteroppgåva si, blir rettleiinga redusert. Studentar i sitt femte eller sjette semester på masteroppgåva har rett på ei gjennomlesing av heile masteroppgåva dersom den blir levert til rettleiar innan to veker før aktuell innleveringsfrist.

Studentar skal som ledd i arbeidet med masteroppgåva ta aktivt del i Work-in-progress seminara innanfor den valde disiplinen (sjå ENG350 for detaljar).

Rekkefølgje for emne i studiet

Semester 1, haust

ENG339 Masteremne i engelsk lingvistikk I 10 stp.

ENG341 Masteremne i engelsk lingvistikk II 10 stp.

ENG343 Masteremne i engelsk lingvistikk III 10 stp.

ENG331 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur I 10 stp.*

ENG332 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II 10 stp.*

ENG333 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III 10 stp.*

ENG334 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV 10 stp.*

Work-in-progress seminar i lingvistikk, litteratur/kultur eller fagdidaktikk

*Tre av dei fire kursa i engelspråkleg litteratur/kultur (ENG331-334) blir tilbydde kvart haustsemester. Masterstudentar som vel å fokusere på litteratur kan ta emnet ALLV221(10 studiepoeng) som eit valemne i haustsemesteret. Emnet vil då erstatte eitt av dei andre ENG300-emna i litteratur tilbudt om hausten.

Semester 2, vår

ENG345 Masteremne i engelsk lingvistikk IV 10 stp.

ENG347 Masteremne i engelsk lingvistikk V 10 stp.

ENG349 Masteremne i engelsk lingvistikk VI 10 stp.

ENG335 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V 10 stp.

ENG336 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VI 10 stp.

ENG337 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VII 10 stp.

Work-in-progress seminar i lingvistikk, litteratur/kultur eller fagdidaktikk

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Semester 3 og 4, haust og vår ENG350 Masteroppgåve i engelsk Work-in-progress seminar i lingvistikk, litteratur/kultur eller fagdidaktikk

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utanlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tek delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Studiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørgje for å få dekka opptakskrava i løpet av studieløpet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED
NB! Merk at opptakskravet til PPU ikkje er det same som opptakskravet til masterprogrammet i engelsk.

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med mastergrad i engelsk er ei relativt ettertrakta gruppe på arbeidsmarknaden. Mange arbeider i skolen, men stadig fleire går til anna offentleg verksemd og til næringslivet. Universitet, høgskolar og forskingsinstitutt rekrutterer òg mange med master i språkfag.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 22 98