Filosofi, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Filosofistudiet reindyrkar evna di til å tenke analytisk og kritisk.
Med ein mastergrad i filosofi får du
- inngåande forståing av sentrale problemstillingar innan både teoretisk og praktisk filosofi
- analytiske ferdigheiter som kan brukast på filosofiske problemstillingar, men også på utfordringar i andre vitskapsgreiner, i offentleg sektor og i samfunnet elles
- erfaring med å utføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
Studiekvardag
Som filosofistudent oppheld du deg på Sydneshaugen, midt på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Vi har mange internasjonale studentar og tilsette. Du blir del av eit hyggeleg masterstudentmiljø, og du har tilgang på støtte og rettleiing både frå administrativt og fagleg tilsette. Som masterstudent blir du inkludert i ei av forskingsgruppene ved instituttet. Du får også eigen lesesalsplass i instituttbygget. Og ikkje minst, som filosofistudent blir du del av eit aktivt student- og fagmiljø som arrangerer fagleg-sosiale samankomstar av ulikt slag gjennom heile året.
Dei to første semestera vel du emne på til saman 60 studiepoeng. Du kan rekne med å bruke minst 8 timar på forelesingar og seminargrupper per veke.
Det to siste semestera bruker du til å til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng), eventuelt kan du ta 30 studiepoeng med masteremne i tredje semester og skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng i fjerde semester.
Kva kan du arbeide som?
Folk med utdanning i filosofi vert særs gode til å sjå det vesentlege i store informasjonsmengder, til å tenke kritisk og analytisk og til å løyse problem av ulike slag. Dei er òg trent i å kommunisere klart og presist både munnleg og skriftleg.
Dei fleste som har studert filosofi finn jobbar innan
- undervisning
- forsking
- offentleg administrasjon
- media
- organisasjonar
Av dei som ikkje arbeider med undervisning eller forsking, er mange rådgjevarar og konsulentar av ulike slag.
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Masterprogrammet i filosofi bygger på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i filosofi eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i filosofi
For søkarar utan spesialisering i filosofi kan følgande kvalifisere for opptak:
- minst 60 studiepoeng i filosofi
- 30 studiepoeng i tillegg som er relevante for masterstudiet
- tilleggssøknad (500-700 ord) som gjer greie for relevant fagleg bakgrunn og kompetanse
Studiets oppbygging
Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar enten haust eller vår.
Anbefalt progresjon i studiet for studentar som vel FILO350 Filosofi mastergradsoppgåve - 60 sp:
1. semester
- Metodebruk (5 studiepoeng)
- Forskingsemne i teoretisk filosofi (15 studiepoeng)
- 10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi
2. semester
- Prosjektskisse (5 studiepoeng)
- Forskingsemne i praktisk filosofi (15 studiepoeng)
- 10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi
3. og 4. semester
-
Filosofi mastergradsoppgåve (60 studiepoeng)
Anbefalt progresjon i studiet for studentar som vel FILO351 Filosofi mastergradsoppgåve - 30 sp:
1. semester
- Metodebruk (5 studiepoeng)
- Forskingsemne i teoretisk filosofi (15 studiepoeng)
- 10 studiepoeng valfrie forskingsemne i filosofi
2. semester
- Prosjektskisse (5 studiepoeng)
- Forskingsemne i praktisk filosofi (15 studiepoeng)
- 10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi
3. semester
-
30 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi
4. semester
-
Filosofi mastergradsoppgåve (30 studiepoeng)
Utveksling
Instituttet anbefaler sterkt eit utanlandsopphald ved eit av våre partnaruniversitet i utlandet. Populære land og universitet å reise på utveksling til, er Frankrike (Lille, Montpellier), Tyskland (Berlin, München, Stuttgart, Tübingen), Italia (Genova, Roma “La Sapienza”') og Austerrike (Graz, Wien).
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@fof.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.