Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-FILO Filosofi, master, 2 år, haust 2022

Namn på grad

Master i filosofi

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Mål og innhald

Ein mastergrad i filosofi skal gje studenten ei djupare forståing av sentrale filosofiske problemområde. Det blir lagt vekt på at studenten kan arbeide sjølvstendig med filosofiske problem og vise forståing for desse i ein systematisk og historisk samanheng. Mastergradsstudiet gjev ein brei kompetanse, m.a. til undervisning i den vidaregåande skulen. Studiet dannar og grunnlag for forskarutdanning utover masternivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ein masterkandidat i filosofi skal ha

  • brei oversikt over filosofiske problemstillingar både i teoretisk og praktisk filosofi.
  • fordjupning i eitt filosofisk hovudområde knytt til masteroppgåva.
  • oversikt over sentrale filosofar og problemstillingar i samtidsfilosofien.
  • kunnskap om aktuelle forskingsspørsmål innanfor tema knytt til masteroppgåva.

Dugleik:

Ein masterkandidat skal kunne

  • setje seg inn i forskingslitteraturen på sentrale område av filosofifaget.
  • vurdere ny forskingslitteratur på sitt spesialområde.
  • bruke sine filosofiske kunnskapar til å ta føre seg aktuelle problemstillingar i andre fag og i samfunnsspørsmål.

Kompetanse:

Masterstudiet i filosofi vil gi kompetanse

  • til å utarbeide eitt sjølvstendig forskingsprosjekt.
  • i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i vidaregåande skule.
  • som kan gi opptak til doktorgrad i filosofi,

Opptakskrav

Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i filosofi eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i filosofi

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

¿For søkjarar utan spesialisering i filosofi kan følgjande kvalifisere for opptak:

  • minst 60 studiepoeng i filosofi
  • 30 studiepoeng i tillegg som er relevante for masterstudiet
  • tilleggssøknad (500-700 ord) som gjer greie for relevant fagleg bakgrunn og kompetanse

Søkjarane vert individuelt vurderte av fagmiljøet.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

Dei obligatoriske emna er:

  • FIL342 (Prosjektskisse og metodebruk - 10stp.)
  • FIL343 (Forskingsemne i teoretisk filosofi - 10stp.)
  • FIL344 (Forskingsemne i praktisk filosofi - 10stp.)
  • FILO350 (Filosofi mastergradsoppgåve - 60stp.) eller FILO351 (Filosofi mastergradsoppgåve - 30stp.)

Studentar som tek FILO350 (Filosofi mastergradsoppgåve - 60stp.) må ta 30 valfrie studiepoenga studiepoeng i filosofi. Studentar som tek FILO351 (Filosofi mastergradsoppgåve - 30stp.) må ta 60 valfrie studiepoeng i filosofi.

Studentane kan velje frå følgjande emne:

  • FIL310 (Ope forskingsemne i filosofi 1 - 10stp.)
  • FIL317 (Forskingsemne i Wittgensteinstudiar - 10stp.)
  • FIL318 (Forskingsemne i estetikk - 10stp.)
  • FIL319 (Forskingsemne i vitskapsfilosofi - 10stp.)
  • FIL320 (Forskingsemne i metafysikk - 10stp.)
  • FIL328 (Forskingsemne i moralfilosofi - 10stp.)
  • FIL333 (Forskingsemne i filosofien i antikken - 10stp.)
  • FIL335 (Forskingsemne i sinnsfilosofi - 10stp.)
  • FIL336 (Forskingsemne i miljøetikk - 10stp.)
  • FIL341 (Forskingsemne i rettsfilosofi - 10stp.)
  • FIL345 (Forskingsemne i språkfilosofi - 10stp.)
  • FIL346 (Forskingsemne i kontinental filosofi - 10stp.)
  • FIL347 (Forskingsemne i epistimologi - 10stp.)
  • FIL348 (Methods of Analysis in Social Sciences - 10stp.)
  • FIL349 (Forskingsemne i politisk filosofi - 10stp.)
  • LOG311 (Deduksjon og metalogikk - 10stp.)

Tilrådde valemne

Studentar kan byte eit av dei valfrie emna med eit emne på 300-nivå frå eit anna fag. Dei bør då velje eit emne som er relevant for masteroppgåva. Instituttet rår studentane til å velje emne i samråd med rettleiar

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon i studiet for studentar som vel FILO350 (Filosofi mastergradsoppgåve - 60stp.)

¿ 1. semester: FIL342, FIL343 og 10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.

¿ 2. semester: FIL344 og 20 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.

¿ 3. og 4. semester: FILO350

Tilrådd progresjon i studiet for studentar som vel FILO351 (Filosofi mastergradsoppgåve - 30stp.)

¿ 1. semester: FIL342, FIL343 og 10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.

¿ 2. semester: FIL344 og 20 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.

¿ 3. semester: 30 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.

¿ 4. semester: FILO351

Delstudium i utlandet

Instituttet vil utarbeide tilrettelagte utvekslingsopplegg for studentar som ynskjer eit utanlandsopphald som del av masterprogrammet i filosofi.

Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har mange egne ERASMUS+ avtalar med universitet i blant anna Frankrike (Lille, Montpellier), Tyskland (Berlin, München, Stuttgart, Tübingen), Italia (Genova, Roma 'La Sapienza'), Østerrike (Graz, Wien), m.m.

Instututtet har også avtalar i Sverige, Tsjekkia, og Bulgaria samt 14 universitet du kan utveksle til i Norden (Danmark, Island, og Sverige) gjennom NORDPLUS (Nordplusnettverk i filosofi).

Du finner ei liste over alle instituttets utvekslingsavtalar, sortert etter land, under.

For ei liste over alle UiBs utvekslingsavataler se: http://www.uib.no/utvekslingsavtaler. Her kan du filtrere etter fakultet, land, og/eller etter studieprogram. Avtaler som ligg på universitetsnivå (BILATERAL avtalar) kan dei fleste UiB-studentane søke, men du må sjekke at dei gjeld for MA-studentar. For avtalar på fakultets- og instituttsnivå, vil studentar ved vedkommande fakultet/institutt vanlegvis bli prioritert i opptaket.

Fristen for å søke er 1. februar for påfølgjande høst- og vårsemester og 1. september for påfølgjande vårsemester. Søkarar må ha bestått minst 60 studiepoeng før utreisa.

For meir informasjon se: http://www.uib.no/hf/25275/reise-på-utveksling. For å søke brukar du Søknadsweb: https://fsweb.no/soknadsweb.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom masterprogrammet vert det nytta varierte undervisningsformer. Sjå emneplan for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom masterprogrammet vert det nytta ulike vurderingsformer. Sjå vurderingsforma på det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram i filosofi kvalifiserar til å søkje om opptak på PhD-program.

Relevans for arbeidsliv

Filosofi som fag gjev ein særs brei kompetanse når det gjeld å sjå samanhengar mellom ulike fagfelt og problemstillingar og det å setje fagområde og samfunnstilhøve inn i eit samlande perspektiv. Difor høver filosofi godt som grunnlag for arbeid i sektorar der kommunikasjon og argumentasjon er viktig. Til dømes innan skule, kulturliv, media og informasjonsarbeid både i offentleg og i privat sektor.

Ved å byggje ut mastergraden med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er ein kvalifisert til stilling som lektor i skulen.Ein mastergrad i filosofi dannar og grunnlag for opptak til PhD og ei vidare forskingskarriere.

Evaluering

Programmet som heilskap og dei einskilde emna vert evaluert med jamne mellomrom.

Programansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

For nærmere informasjon:

studierettleiar@fof.uib.no / 55 58 21 49