Hjem

Fransk, master, 2 år

Det franske masterprogrammet har som mål å gi deg kunnskap på høgt nivå innan fransk språk, litteratur og kultur.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkFransk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (opptak vår dersom ledige plassar)

Hovedinnhold

Vi tilbyr særemne innan fransk lingvistikk og franskspråkleg litteratur, og gir omfattande undervising og opplæring i munnleg og skriftleg bruk av akademisk fransk.  

masteroppgåva med rettleiing arbeider du sjølvstendig med forsking på og analyse av ei problemstilling. Oppgåva kan ha eit kulturfagleg perspektiv, eller kome frå fransk lingvistikk eller litteratur. Masterprogrammet har også som mål at du tek aktivt del i forskingsprosjekt ved Institutt for framandspråk, slik at du utviklar ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan vitskapsgreinene i faget. 

For tida forskar vi mellom anna på korleis språk blir brukt til å skildre og forklare klimaendringar, og korleis forståinga av fenomenet bestemmer korleis vi oppfører oss og handlar, både på samfunns- og individnivå. 

Institutt for framandspråk har fokus på didaktikk i framandspråk og prøver heile tida å gjere læringsmiljøet så godt som mogleg. Vi underviser i og forskar på alle språk og fagområde, og dreg nytte av mange internasjonale studentar og tilsette. Det er uformell og god kontakt mellom dei tilsette og studentane, og alle er velkomne til å banke på døra og be om ein samtale.

Masterprogrammet har som mål å dyrke fram ei kritisk tilnærming til informasjon, og evna til å kunne analysere samansette problemstillingar kritisk og på nye måtar. Desse ferdigheitene er grunnleggande for eit fungerande demokrati.

Jobb 

Med kunnskap på høgt nivå innan fransk språk og kultur kan du arbeide innan: 

  • internasjonale organisasjonar 
  • forsking 
  • kunst, kultur og undervising 
  • media 
  • næringsliv 
  • turisme 

Etterspurnad etter franske språkferdigheiter aukar. Talet på franskspråklege innbyggarar verda rundt er forventa å auke raskt i åra som kjem. 

Ei mastergrad i fransk garanterer for eit visst erfaringsnivå innan sjølvstendig forsking. Ei mastergrad inneber at du har grundig kunnskap i tolking og produksjon av tekstar. Studiar i framandspråk medverkar til betre grunnlag for interkulturell kommunikasjon. Alle desse ferdigheitene kan overførast til og vere nyttige i mange profesjonelle og sosiale miljø. 

Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.). 

Meir informasjon under

Meir informasjon under

Oppbygging 

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.Emna kan delast i tre delar: To basisemne på 30 studiepoeng, to særemne på 30 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. 

1. semester 

  • FRAN312/Fransk litteraturvitskap, H (15 stp., i samarbeid med NTNU)
  • FRAN307/Språkleg særemne, H (15 stp.)

2. semester 

  • FRAN308/Litterært særemne, V (15 stp.)
  • FRAN313/Fransk språkvitskap V (15 stp., i samarbeid med NTNU)

3. og 4. semester   

Du bestemmer og planlegg forskingsprosjektet i samarbeid med rettleiaren din. I masteroppgåva kan du fordjupe deg i språk eller litteratur, men du kan også kombinere litterære, språklege og kulturelle perspektiv. 

Sjå oversikt over alle emne

Meir informasjon under

Velg Språk!

Producer:
Flimmer Film

Studiekvardag 

Som masterstudent i fransk får du eigen, fast plass på lesesalen saman med dei andre masterstudentane ved Institutt for framandspråk. Du møter andre som er interesserte i dine fagområde, og du får høve til å snakke fransk med dei som har fransk som morsmål. Både administrativt og fagleg tilsette svarer gjerne på spørsmål, og du får individuell rettleiar som følger deg gjennom arbeidet.  

Om du vil påverke utviklinga av studieprogrammet, kan du stille som studentrepresentant i programstyret for fransk, eller du kan arrangere sosiale og akademiske samkomster som del av studentutvalet for fransk. 

Arbeidsmengde 

I dette studieprogrammet er det om lag 6 timar med førelesingar per veke. I tillegg er det seminar, avhengig av emnet. Det betyr at mesteparten av tida går med til sjølvstendig studie og forsking (første året) og å jobbe med masteroppgåva (andre året). Undervisingsspråket og litteraturen er fransk. 

Du må kunne arbeide sjølvstendig, men du kan alltid snakke med andre studentar, rettleiaren din og andre tilsette/professorar om du kjenner at du ikkje kjem deg vidare og treng støtte. 

Masteroppgåve 

Det andre året av programmet brukar du til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng). Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen. 

Kva lærer du

Dette programmet har som mål å gi deg høgt kunnskapsnivå i fransk litteratur, kultur og språk, inkludert munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk.  

Gjennom masteroppgåva arbeider du sjølvstendig med djuptgåande forsking på og analyse av ei problemstilling frå eit fagområde innan fransk lingvistikk eller litteratur.  

Gjennom mastergrada   

  • får du brei kunnskap innanfor fransk og/eller frankofon litteratur og fransk lingvistikk  
  • lærer du å arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing, med basis i fagkunnskap  
  • kan du utvikle eigen kompetanse og spesialisering 

Fullstendig liste over læringsutbyte

Utveksling 

Det kan ta andre eller tredje semester ved eit partnaruniversitet i utlandet. Vi tilrår studieopphald i Frankrike og Canada.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her