Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-FRAN Fransk, master, 2 år, vår 2024

Namn på grad

Master i fransk

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i Rutinar for masterstudiet ved HF.

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

Mål og innhald

Fransk masterstudium har som mål å gje kunnskapar på høgt nivå i fransk lingvistikk og franskspråkleg litteratur samstundes som det skal gje stor dugleik i munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. Masterstudiet siktar dessutan mot å utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan dei vitskaplege disiplinane i faget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha føljande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har brei generell kunnskap innanfor disiplinane fransk lingvistikk og franskspråkleg litteratur
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale problemstillingar, teoriar og metodar innanfor gjeldande fagområde
  • har djupnekunnskapar i det avgrensa fagområdet masteroppgåva inngår i

Ferdigheter:

Studenten

  • kan uttrykkja på munnleg og skriftleg fransk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
  • kan arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • kan skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering

Opptakskrav

Masterprogrammet i fransk byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i fransk språk og litteratur eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

- Bachelorgrad i fransk

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i fransk språk og litteratur eller tilsvarande.

Du må også ha:

- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

  • Spesifikke språkkrav: Søkere som ikke dekker kravet til norskkunnskaper, kan dekke språkkravet med engelskkunnskaper på følgende nivå:

- IELTS academic- International English Language Testing System (British Council's): Minimum score of 6.0 on each of the bands: Listening, Reading, Writing and Speaking

- TOEFL - Test of English as a Foreign Language, internet-based test (iBT): Minimum score of 80

- PTE Academic- Pearson Test of English Academic: Minimum overall score of 53

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

  • FRAN307/Språkleg særemne, H (15 stp.)
  • FRAN308/Litterært særemne, V (15 stp.)
  • FRAN312/Fransk litteraturvitskap, H (15 stp., i samarbeid med NTNU)
  • FRAN313/Fransk språkvitskap, V (15 stp., i samarbeid med NTNU)
  • FRAN350/Masteroppgåve i fransk (60 stp.)

Emna kan delast inn i tre delar:

- ein basisdel på 30 studiepoeng (FRAN312 og FRAN313)

- ein spesialdel på 30 studiepoeng (FRAN307 og FRAN308)

- masteroppgåva på 60 studiepoeng (FRAN350)

Når det gjeld dei to emna i spesialdelen, har dei høvesvis eit lingvistisk (FRAN307) og litteraturvitskapleg (FRAN308) innhald.

Tilrådde valemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust)

  • FRAN312/Fransk litteraturvitskap, H (15 stp., i samarbeid med NTNU)
  • FRAN307/Språkleg særemne, H (15 stp.)

2. semester (vår)

  • FRAN308/Litterært særemne, V (15 stp.)
  • FRAN313/Fransk språkvitskap V (15 stp., i samarbeid med NTNU)

3. semester (haust) og 4. semester (vår)

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-FRAN#uib-tabs-utveksling

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg disiplinane på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studieløpet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i fransk gjev god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Fransk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap. Normert studietid for fransk masterstudium er fire semester.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 23 40