Hjem

Fransk, master, 2 år

Det franske masterprogrammet gir spesialisert kunnskap innan fransk språk og litteratur, og inngang til ein kultur som har påverka styresett og tankegods over heile verda. Masterprogrammet utviklar evna til å analysere samansette problemstillingar kritisk og nyskapande. Mastergraden i fransk gjer ein attraktiv innanfor arbeidsområde som kultur, næringsliv og internasjonalt samarbeid.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkFransk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (opptak vår dersom ledige plassar)

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Masterprogrammet har som mål å gi deg høgt kunnskapsnivå i fransk litteratur, kultur og språk, inkludert munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. 

I masteroppgåva arbeider du sjølvstendig med djuptgåande forsking på og analyse av ei problemstilling. Du vil få rettleiing gjennom heile masterprogrammet. Oppgåva kan ha eit kulturfagleg perspektiv eller kome frå fransk lingvistikk eller litteratur.  

Masterprogrammet har som mål at du får ta aktivt del i forskingsprosjekt ved Institutt for framandspråk, slik at du utviklar ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan vitskapsgreinene i faget. Vi forskar blant anna innanfor narrativitet og økokritikk, fiksjons- og verkelegheitslitteratur, digitale medium, film- og teikneserieadaptasjonar og aldringsstudiar, men du kan òg velje eit heilt eige tema for masteroppgåva. 

Gjennom mastergraden 

  • får du brei kunnskap innanfor fransk og/eller frankofon litteratur og fransk lingvistikk 
  • lærer du å arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing, med basis i fagkunnskap 
  • kan du utvikle eigen kompetanse og spesialisering 

Studiekvardag 

Som masterstudent i fransk får du fast plass på lesesal. Du møter andre som er interessert i dine fagområde, og du får anledning til å snakke fransk med både dei som har fransk som morsmål og dei du sit på lesesal med. Både administrativt og fagleg tilsette svarer gjerne på spørsmål, samt individuell rettleiar på masteroppgåva. 

Det er om lag 6-10 timar med forelesingar og seminar kvar veke. Mykje av tida går med til sjølvstudium og forsking aleine eller saman med medstudentar. Undervisningsspråket og litteraturen er fransk. 

Du kan stille som studentrepresentant for programstyret for fransk for å påverke utviklinga av studieprogrammet, eller du kan arrangere ulike fagleg-sosiale arrangement som del av studentutvalet. Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.    

Kva kan du jobbe som? 

Med kunnskap på høgt nivå innan fransk språk og kultur kan du arbeide innan: 

  • internasjonale organisasjonar 
  • forsking 
  • kunst, kultur og undervisning 
  • media  
  • næringsliv 
  • turisme 

Etterspørselen etter franske språkferdigheiter aukar. Talet på franskspråklege innbyggarar verda rundt er forventa å auke raskt i åra som kjem. Studium i framandspråk medverkar til betre grunnlag for interkulturell kommunikasjon. Desse ferdigheitene kan overførast til og vere nyttige i mange profesjonelle og sosiale miljø. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april

Studiets oppbygging 

Programmet går over fire semester og startar om hausten.  

1. semester 

2. semester 

3. og 4. semester   

Du bestemmer og planlegg forskingsprosjektet i samarbeid med rettleiaren din. I masteroppgåva kan du fordjupe deg i språk eller litteratur, men du kan òg kombinere litterære, språklege og kulturelle perspektiv. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan ta andre eller tredje semester ved eit partnaruniversitet i utlandet. Vi anbefaler studieopphald i Frankrike eller Canada (Quebec). Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.)

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@hf.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen her

Søk her