Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-GRE Gresk, master, 2 år, haust 2020

Namn på grad

Master i gresk

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år.

Fulltid/deltid

Eit studieprogram normert til 2 år kan etter søknad leggjast til rette for å gjennomførast på 4 år. Det er då eit deltidsstudium med 50% studieprogresjon.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Mål og innhald

Masterstudiet i gresk skal gje høve til spesialisering tufta på eit breitt og djupt oversyn over dei viktigaste fagdisiplinane, og har som føresetnad at dugleiken i gresk språk stendig vert utvida med basis i kjennskap til gresk kultur. Jamsides filologisk, språkvitskapleg og litteraturvitskapleg spesialisering, vert spesialiseringar i ulike historiske disiplinar (t.d. politisk historia, filosofihistorie, idéhistorie) godkjende i den mun oppgåva tek utgangspunkt i skriftlege kjelder på gresk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten..

  • har brei kunnskap innanfor gammalgresk språk, litteratur, historie og kultur og utdjupa kunnskapar innanfor eit avgrensa område.
  • har grunnleggjande kunnskap om vitskapleg teori, metode og etikk, og om de sentrale problemstillingane innanfor fagområdet.

Dugleikar

Kandidaten..

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar.
  • kan setja seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet.
  • kan bruke aktuelle metodar til sjølvstendig forsking i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
  • kan skaffe seg og nytte kunnskap på nye område innanfor faget .
  • kan nytte akademisk kunnskap og relevante forskingsresultat på ein kritisk måte.

Generell kompetanse

Kandidaten..

  • har kompetanse til sjølvstendig å kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
  • kan kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor fagfeltet.
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.
  • kan bruke IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet

Opptakskrav

Masterprogrammet i gresk byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i gresk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i gresk
  • Bachelorgrad i klassisk med spesialisering i gresk filologi

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i gresk eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

Desse emna er obligatoriske:

GRE301 Gresk tekstpensum I (15 sp)
GRE307 Særpensum (15p)
GRE308 Gresk: Teori og metode med prosjektførebuing (15sp)
GRE350 Gresk mastergradsoppgåve (60 sp)

Tilrådde valemne

GRE303 Valemne (15 sp)
RET102 (15 sp)

ANT202 (15 sp)

LAT100 (10 sp)

ARK103 (15 sp)

KUN121 (15 sp)

FIL120 (10 sp)

FIL122 (5 sp)

HIS101 (15 sp)

HIS113 (15 sp)

HIS114 (15 sp)
LINGMET (15 sp)

Rekkefølgje for emne i studiet

Eit masterprogram i gresk kan sjå slik ut:

1. semester:

GRE301- Gresk tekstpensum I (15 sp)

GRE303 - Gresk valemne (15 sp)

2. semester:

GRE307 - Særpensum (15 sp)

GRE308 - Gresk: Teori og metode med prosjektførebuing (15 sp)

3. og 4. semester:

GRE350- Gresk mastergradsoppgåve (60 sp)

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Nærare informasjon hos studierettleiar.

Arbeids- og undervisningsformer

Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve. Skriftlege og munnlege eksamenar og semesteroppgåver.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i gresk. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Relevans for arbeidsliv

Greskstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.

Evaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for klassisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no