Hjem

Gresk, master, 2 år

Den greske litteraturen frå forntida, frå Homer til Det nye testamentet, har ein sentral plass i vestleg kultur. Greskkunnskapar er viktige på område der grunnleggande tekstar er skrivne på gresk, og dei opnar for ei djupare forståing av andre kulturar.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Gresk har i stor grad påverka andre språk i verda. Masterstudiet i gresk gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Du får betre evne til å skaffe oversyn over eit materiale og  analysere det, og til å uttrykke deg nøyaktig. Du vil bli kjent med ei verd som andre berre kan førestille seg.   

Gammalgresk gir deg kunnskap til å tolke drama, lyrikk, epikk og filosofi frå antikken. I tillegg har tekstar frå Hellas vore utruleg viktige for verdslitteraturen i dag.  Spørsmål vi drøftar er: 

  • Korleis tolkar vi greske drama og lyrikk frå antikken?   
  • Kva betyr tekstar frå antikken for nordisk litteratur i dag?   
  • På kva måte er klassisk talekunst framleis relevant?  

Studiekvardag 

Du har undervisning i form av forelesingar og  seminar, omtrent 6 timar kvar veke. I tillegg  blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve. Fagmiljøet jobbar tett med deg som student for å finne eit tema for masteroppgåva som passar for deg. Du vil få ein rettleiar som har god kunnskap om temaet du skriv om. Som masterstudent kan du knyte deg til ei forskargruppe. 

Som masterstudent i gresk blir du del av eit godt læringsmiljø, og du vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Kva kan du jobbe som? 

Samfunnet og næringslivet har eit stort behov for folk som kan jobbe sjølvstendig og har eit kritisk perspektiv på for eksempel samfunnsutviklinga. Med ein mastergrad i gresk har du eit godt grunnlag i alle yrke der det er behov for:  

  • praktisk erfaring med tolking av framande kulturuttrykk i deira kontekst  
  • evne til å skaffe seg oversyn over eit materiale og analysere det  
  • evne til å uttrykke seg nøyaktig  

Gammalgresk er relevant for jobbar i museum og andre antikvariske institusjonar, i kyrkja, på universitet og bibliotek.

Gammalgresk språk og litteratur er òg relevant i ein veksande spel- og underhaldningsbransje. Eksempel på andre relevante yrke er omsettar eller lærar.  

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Eit masterprogram i gresk kan sjå slik ut:  

1. semester 

2. semester 

3. og 4. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling til Hellas, Tyskland, Sverige, Danmark, Polen, Spania eller Italia. Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt til to semester.  Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Ein mastergrad i gresk kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-programmet. Du kan òg bli lærar om du tar eit anna undervisningsfag i tillegg og deretter praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).   

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar.lle@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her