Musikkterapi, master, 5 år
- Lengde5 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar14
- SpråkNorsk/Engelsk
- StudiestartHaust
- Studiepoeng300
Main content
Ny student
Ny student
Velkommen til studiestart på Femårig integrert masterprogram i musikkterapi, et studium ved Fakultet for kunst, musikk og design.
Her finner du den viktigste informasjonen om studiestarten din.
På grunn av pågående Covid -19 situasjon kan det komme endringer i programmet.
Fremmøte:
Mandag 10. august kl. 9.00 i Prøvesalen på Griegakademiet - Institutt for musikk, Lars Hillesgate 3. Obligatorisk oppmøte.
Ta med:
Du trenger ikke ta med noe spesielt, men en PC kan være greit til registrering, men dette er ikke nødvendig.
Program med orienteringsmøter og fadderaktiviteter vil fortløpende bli publisert på våre studentsider.
Sjekkliste
Fra slutten av juli kan du bruke sjekklisten for å bli klar for studiene. Du trenger ikke gjøre alt før du møter opp den første dagen.
Krav til politiattest
Det er krav om politiattest for alle studentar på musikkterapi. Du må sjølv søkje om dette på politi.no. Her må du og laste opp opptaksbrevet du får fra Samordna Opptak. Hugs at saksbehandlingstida hos politiet kan vere opp imot 14 dagar. Politiattesten leverer du inn digitalt innan 14. august: skjemaet for innlevering finn du her.
Krav til medisinsk testing.
I forbindelse med praksis eller klinisk undervisning må studenter på musikkterapistudiet og/eller ved bestemte praksissteder gjennomføre undersøkelser for tuberkulose og meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA).
Plikt til å gjennomføre undersøkelsene
Dersom du kommer inn under reglene for disse undersøkelsene, har du selv ansvaret for å bli undersøkt. Resultatet av undersøkelsene må være klart før du kan starte med praksis.
Har du spesielle behov? Les mer og søk om tilrettelegging.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på studieveileder@kmd.uib.no
Vi ser frem til spennende og utviklende år sammen med dere.
Studiestart KMD høsten 2020
Introduksjon
Introduksjon
Kvifor kan musikkterapi vere ei god tilnærming for klientar som er lite motiverte for verbal terapi? Kva tyder «den fyrste song» og musikalsk identitet i den siste stund?
I løpet av studiet arbeider studentane med både musikalsk kompetanse, mellommenneskeleg sensitivitet og evne til teoretisk refleksjon. Du vil kvalifisere deg til å legge til rette for helsefremmande musikkutfalding, til å møte menneske med respekt og forståing og til å grunngi, vidareutvikle og formidle eige arbeid.
Faget og forskingsfeltet musikkterapi fokuserer på relasjonar mellom musikk og helse, i kliniske situasjonar og i kvardagskontekstar. I musikkterapi er det vanleg med ei aktiv tilnærming der klienten sjølv er med på å skape musikk saman med musikkterapeuten.
Kva kan eg bli
Yrkesvegar
Relevans for arbeidsliv
Studiet skal gjere studentane skikka til å gå inn i følgjande yrkesfunksjonar:
1. Musikkterapeutisk og utviklingsstøttande arbeid innan førskule, skule, kulturskule og vaksenopplæring
2. Musikkterapeutisk og førebyggjande arbeid innan ulike miljøtiltak, som barne- og ungdomsarbeid, fengsel og ulike typar interesseorganisasjonar
3. Musikkterapeutisk arbeid innan helsevesenet, inklusivt habilitering, nevrorehabilitering, psykisk helsevern, eldreomsorg og palliativ omsorg
4. Forsking i og formidling av musikkterapi.
Vidare studium
Integrert masterprogram
Studiet inneheld humanistiske, psykologiske, musikkfaglege og musikkterapeutiske emne. Det er to valemne i studiet, med høve til å velje innanfor eit endå breiare spekter av emne. Utdanninga kvalifiserer for musikkterapeutisk yrkesutøving i helsevesenet, pedagogiske kontekstar og samfunnet elles, og skal sette studenten i stand til å gå inn i forpliktande tverrfagleg samarbeid. Studiet gir ei innføring i forsking og formidling av musikkterapi og gir grunnlag for vidare kvalifisering for dette gjennom doktorgradsstudium.
Forsking
Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT) er eit toneangivande fagmiljø nasjonalt og internasjonalt, med forsking på dei sentrale fagfelta i studiet, som for eksempel musikk som helseressurs i lokalsamfunnet og musikkterapi i psykisk helsevern, kriminalomsorg, nevrorehabilitering og eldreomsorg. Nokre prosjekt fokuserer på prosessar og klientperspektiv mens andre fokuserer meir på effekten av musikkterapi.
Sjå også desse studia
Utøvande musikk eller komposisjon, psykologi.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten har evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i sentrale verdiar og teoriar innan fagområdet, og kan grunngje, vidareutvikle og formidle eige arbeid. Studenten har òg kjennskap til sentrale kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og evner å bruke relevant forskingsmetodikk for utvikling av ny kunnskap.
Studenten har djupneforståing av eige fag og breiddeorientering i høve til feltet musikk og helse, slik at kandidaten er i stand til å samarbeide med andre fagpersonar og med brukarar og pårørande
Dugleikar
Studenten har praktisk-metodisk dugleik og kreativitet innan musikk og er i stand til å engasjere menneske i helsefremjande musikalsk praksis.
Generell kompetanse
Studenten evnar å bruke relevant forskingsmetodikk for utvikling av ny kunnskap. Studenten har god kommunikasjonsevne og mellommenneskeleg sensitivitet og kan møte menneske med respekt og forståing.
Oppbygging
Oppbygging
Studieplanen for studenter som er tatt opp på studieprogrammet høsten 2015 og før finner du her
Programmet inneheld ex.phil. og ex.fac. og emne i musikkterapi, musikkfag, psykologi, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. I løpet av studietida skal kandidaten ha ulike praksisperiodar, med observasjon og deltaking hjå praksislærarar på ulike musikkterapeutiske felt. Studiet blir avslutta med ei masteroppgåve. I tabellen ser du eit eksempel på korleis studiet kan byggjast opp. Du finn studieplanen for programmet på uib.no/utdanning.
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum, Examen facultatum, Innføring i musikkterapi
2. semester Musikkterapi, samspel
3. semester Psykologi, musikkteoretisk emne, bruksmusikk
4. semester Musikkterapi i praksis, musikkteoretisk emne og bruksmusikk
5. semester Frie studiepoeng
6. semester Samfunnsmusikkterapi, Musikkterapeutisk teoriutvikling
7. semester Musikkterapi og oppvekst, helsesektor 1, improvisasjon
8. semester Forskingsmetode, helsesektor 1, improvisasjon
9. semester Masteroppgåve, helsesektor 2, profesjonskunnskap
10. semester Masteroppgåve, helsesektor 2, profesjonskunnskap
Utveksling
Utveksling
UiB samarbeider med ni internasjonale universitet (i Australia, Europa og USA) som satsar på forsking og utdanning innanfor musikkterapi. Dette gjer det mogeleg å utvikle avtalar for utveksling. I tredje studieår er valemna organiserte slik at det er rom for eitt semesters opphald i utlandet. Studentane kan då også velje relevante emne i for eksempel musikk, psykologi, samfunnsfag eller helsefag. Fjerde studieår er det ein blokkpraksisperiode som opnar for opphald i utlandet.
Korleis søke
Søknadsprosedyre
Søk opptak til Universitetet i Bergen og Femårig integrert masterprogram i musikkterapi via Samordna opptak:
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
For meir informasjon om søknad til det femårige integrerte masterprogrammet i musikkterapi, sjå her.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og opptaksprøve.
For info om opptaksprøven, sjå her.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Om programmet
Studiekode i Samordna opptak
184792
Kontakt
Griegakademiet – Institutt for musikk
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: